«Dersom me ikkje vaknar og tek til motmæle, går det mot innskrenking av demokratiet», skriv Hallgrim Berg. Bildet viser folketomme gater ved Stortinget. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB

Islamiseringa rullar og går – utan stopp

Ola & Kari blir færre, Ali & Fatimah fleire, år for år.

Islamiseringsprosessen rullar vidare. Me legg ikkje merke til det, for media og politikk er fulltids opptekne med pandemi og vaksine, svære idrettsmeisterskap, og elles alt slag tevlingar omkven som blir best.

Anten det gjeld musikk eller mat, film eller farm, sport i fersk form eller på boks, går det mest ikkje ein dag utan at nokon skal kårast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Cup og corona engasjerer. På kvar sin måte fyller dei tida. Og så lenge salet av pizza og taco og take-away stig til himmels, er heimekosen sikra, og samfunnet tilsynelatande på trygt spor.

I denne idyllen er det ikkje like lett for dei som tenkjer på nasjonens framtid og åtvarar mot den radikale omlegginga av samfunnet som islamiseringa fører med seg.

Ein får beskjed om å ikkje uroe integreringa. Då er det meir komfortabelt å sjå mellom fingrane no, og la neste generasjon ta den store støyten.

Me gløymer: Islamismen arbeider for ei totalitær samfunnsordning på grunnlag av shari’ah, ei rein religiøs lovgjeving der menneska skal underkaste seg påbod frå Allah, slik dei er openberra for Profeten.

Det islamistiske verdsbiletet utfordrar heile vår vestlege sivilisasjon. Målet er innføring av det universelle kalifatet.

Dei siste par tiåra har me på nytt sett den valdelege islamofascismen i full utfalding. Han vik ikkje unna dei virkemidla som trengst for å skape frykt og nå sine mål.

Islam sin framgang i Europa heng saman med endringar i demografien: Innvandring, fødselsoverskott, gjenforeining utanfrå og konvertering innanfrå. God hjelp er det òg frå politiske sympatisørar og medspelarar i det einskilde landet når det gjeld tilrettelegging av lovverk, velferd, støtteordningar, med meir.

Ola & Kari blir færre, Ali & Fatimah fleire, år for år. Demografien er uimotståeleg. Han påverkar alt i samfunnet, inkludert ytringsfridomen og kulturen, skikkar, levevis og tenkjemåte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På grunn av pandemien trur mange at me har hatt stengte grenser sidan mars 2020. Men faktum er: Dørene har stått på vidt gap. Om lag 30.000 menneske med utanlandsk statsborgarskap flytta til Noreg i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Ein god del av desse kom frå fattige muslimske område i Asia, særleg Midtausten, eller frå eit utviklingsland i Afrika.

Ein person med fluktbakgrunn kostar frå starten her i snitt 19 millionar kroner, også dette ifølge Statistisk sentralbyrå.

Det tyder i praksis at denne gruppa tok ein statsfinansiell jafs på over 100 milliardar kroner i 2020. Med uendra innvandringspolitikk vil det same skje i år og neste år, og i alle åra som følgjer.

Ei ny bok,Islams forfalne hus, forfatta av den nederlandske professoren Ruud Koopmans, tek fatt i masseinnvandringa til Vesten og dei konfliktane som følgjer med på lasset. Det er blitt ei uskriven lov i Europa at dei mørke sidene ved denne religionen ikkje skal nemnast.

Kvifor blir dei muslimske landa så lett prega av krig, terror, ufridom og fattigdom? Problema skuldast sjølve islam, argumenterer Koopmans, og særleg fundamentalistisk islam, som har auka sterkt dei siste tiåra.

Kritikk av idèsystemet islam er ikkje det same som kritikk av muslimar som menneske. Me kritiserte òg kommunismen som system, men ikkje det russiske folket.

I FN arbeider 57 islamske land for få fleirtal for eit vedtak om at kritikk av islam er blasfemi. Men ideologien islam fortener i høgste grad kritikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til dømes for underkjenning av demokrati og menneskerettar. Eller islamistiske hylekor om sensur- og sanksjonstiltak mot alt og alle som er «krenkande».

Uskikkken breier seg, også i Noreg. I sosiale media, til dømes Facebook, kan islamkritiske innlegg føre til sensur og personleg utestenging frå nettet. Me har òg høyrt om mindre hyggelege husbesøk frå PST.

Dersom me ikkje vaknar og tek til motmæle, går det mot innskrenking av demokratiet. Ved mange universitet i USA er det personleg overvaking og plaging av studentar med «ukorrekte» haldningar og meiningar.

Der, som her, går det mot vanskelegare tider for uavhengige, sentrumsfolk, kristne og konservative.