«No trengs det at nokon slår eit slag for eplemosten», skriver Kjersti Toppe (Sp). Bildet viser køen utenfor Vinmonopolet på Bekkestua 23. januar i år. Foto: Jil Yngland / NTB

Har Noreg eit alkoholproblem?

Uheldige alkoholvanar angår ikkje berre alle andre.

Noreg står midt i ein pandemi. I mars i fjor opplevde vi den største nedstenginga av landet sidan Andre verdskrig. Konsekvensane er store og alvorlege.

Til no har Noreg hatt over 60.000 meldte koronatilfelle. 556 er døde per 27.01.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange tiltak er blitt sett i verk. Mange tilbod har måtte stenge ned. Alle har måtte vere med å bidra. Berre slik kan smitten i samfunnet holdast nede.

Men då Vinmonopolet blei stengt i fleire austlandskommunar sist laurdag, var det nok. Helsemyndigheitene måtte gå tilbake på vedtaket. Vinmonopolet blei opna, medan andre tilbod måtte stenge ned.

Kva er det med nordmenn og alkohol? Medan eldre på sjukeheimar under pandemien har vore isolerte og knapt har fått hatt besøk av sine næraste, er det kutt i alkoholsalet som har ført til dei største overskriftene og protestane.

Stengte barar har engasjert meir enn stengte barnehagar. I løpet av pandemien har myndigheitene stengt ned skular, kjøpesentra, treningssentra, frisørsalongar, bibliotek.

Arbeidstakarar er pålagt heimekontor. Folk har mista arbeidet, eller blitt permittert. Mange tusen pasientar har fått utsett behandling på sjukehus.

Men å stenge polet? Nei, der gjekk grensa. Å stenge Vinmonopolet blei umulig å gjennomføre i Noreg under pandemien.

Før jul var det lange polkøar på kjøpesenteret i bydelen min. Det måtte leigast inn vektarar som dirigerte køen. Køen sto langt ut på parkeringsplassen, og virka sikkert ekstra lang sidan alle måtte ha ein meters avstand.

For min del har eg aldri hatt behov for å kjøpe alkohol til jul. At andre ynskjer det, respekterer eg sjølvsagt. Alkohol er ei lovleg vare. Men det eg ikkje kan fatte, er at så mange kjøper inn så mykje alkohol for å feire jul.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det same gjeld også til nyttår, påske og ande høgtider, feriar og heilt vanlege helger. At ikkje alle er avhaldsmenneske, er naturleg. Men kor blei måtehaldet av?

Håpar Oslo-folket snart får drikke øl, var ei overskrift i Dagbladet den 15. januar. Men kva med å heller håpe at bestemor kunne fått lov å besøke barnebarna sine?

Eller at studenten slapp så sitte meir aleine og snart fekk treffe forelesar og studiekameratane sine igjen? I kriser ser vi forskjellar i samfunnet gjennom eit forstørringsglas, blir det sagt.

Koronakrisa har også vist våre alkoholvanar gjennom forstørringsglas – vist kor avhengig vi er blitt av alkohol. Når Vinmonopolet i Oslo stengte, skapte det så store polkøar i nabokommunane at det utgjorde ein sjølvstendig smitterisiko.

Alkohol er det rusmiddelet som er mest utbreidd i Noreg. Ifølge Folkehelseinstituttet (FFHI) er alkohol også blant de viktigaste faktorane for tap av friske leveår i befolkninga, og er i tillegg årsak til sosiale problem og skader for andre enn brukarane sjølv.

NorLag-studien viser at alkoholkonsumet er høgast mellom 50–70 års alderen. Om lag ein av tre i denne aldersgruppa drikk alkohol 2–3 gongar i veka, eller oftare.

HUNT-undersøkinga har vist at både eldre menn og kvinner har dobla sitt alkoholinntak over ein tiårsperiode.

Det er altså besteforeldregenerasjonen som no drikk mest. Håpet er ungdommen. I løpet av dei siste 10–15 åra har omfanget av alkoholbruk blant tenåringar faktisk gått ned.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No trengs det at nokon slår eit slag for eplemosten. For dei gode alkoholfrie alternativa. Det er eit fareteikn at det å drikke alkohol er blitt så vanleg at det står på bordet i vekedagane i heilt vanlege familiar.

Det er eit overordna politisk mål å i størst mogleg utstrekning redusere dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebere. Då må forbruket av alkoholhaldige drikkevarer ned.

Då må vi starte med oss sjølv. Uheldige alkoholvanar angår ikkje berre alle andre. Vi kan alle bidra til at drikkepresset blir mindre og at det blir fleire alkoholfrie soner i samfunnet.

Koronapandemien burde ført til fleire slike. Men eg er redd det motsette er tilfelle.

Les også
Gjenåpning av polet vekker reaksjoner
Les også
På tide å ta debatten om alkoholens posisjon og makt
Les også
Markeringsbehov og alkoholservering