«Asle Toje (biletet) er ein ekte nysgjerrig intellektuell», skriv Hallgrim Berg. Foto: Heiko Junge / NTB

Forfall i Europa – og litt om kunnskap og skrivekunst

Nei, politiske fordomar og åndeleg latskap 
skal ikkje bremse 
for tileigning av 
ny kunnskap.

Asle Toje er mannen. No er «Gullbrikkespillet» ute, siste boka hans i trilogien om dagens Europa.

Dei omfattande endringane som går føre seg på vårt kontinent, inkludert vårt eige land, vert observerte og presenterte på ein original måte: Gjennom store grunnkunnskapar og aktiv reiseverksemd oppdagar forfattaren ruinar som borgar og byggverk, men òg ruinar i form av samanbrot i sed, skikk og sivilisasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Europa er ille ute. Me er inne i ei nedgangstid, demografisk, økonomisk og kulturelt. Om berre tretti år kan nasjonalproduktet i Europa vera under ein tidel i verda. Det kulturelle og religiøse verdigrunnlaget kan vera tapt eller omforma til ikkje lenger å vera attkjennande.

Globaliseringa er meir gjennomgripande enn industrialiseringa. Nasjonalstaten svinn. Det same gjer identiteten. Me vert heimlause. Tilværet går under for enkelte, men gjenoppstår som ny og rein for andre?

Ikkje å undrast at det oppstår «populistiske» parti og folkelege krefter som vil slå på bremsene mot det elitestyret og dei interessene som vil ha eit «fritt fram» for alt og alle.

Kvart kapittel i boka har ein «ruin» i seg. Spalteplassen gjev rom for berre eitt døme: «Rotherham – å vokse opp blant ruinene».

Rotherham, ein sterkt forfallen stål- og industriby i England, der nye folkegrupper har flytta inn og utnyttar ungjenter i eit forferdeleg omfang. Rotherham, ein gong eit industrielt sentrum, er blitt synonymt med fornedring.

Tragedien i kortversjon: «Mellom 1997 og 2013 ble om lag 1400 barn fra byen utsatte for overgrep; de ble voldtatt og bortført, de ble sexhandlet til andre byer, slått og truet med å bli brent levende. Gjerningsmennene var nesten utelukkende av pakistansk opprinnelse, og ofrene deres var nesten utelukkende hvite jenter i skolealder.»

Trass i avsløring i The Times og fleire rapportar om skandalen og overgrepa, var det hysj-hysj om saka frå politiet og styresmaktene. Alt vart feia under teppet.

Det var frykt for at dersom saka vart offisielt kjend, kunne det føre til anti-muslimske kjensler i ein by der muslimar utgjorde 8000 av 254.000 innbyggjarar, og der mest alle røysta Labour.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Asle Toje skriv òg at tragedien berre kunne skje fordi det var arbeidarklassa sine ungar som vart skjenda. Sosialt underlegne går dei i dag frå skulen og utdannar seg ikkje til yrkeslivet, men til trygd.

Openberr rasisme er knytt til denne sex-trafikken; britiske jenter er «dirty whores» og var/er fritt vilt for gjengane som dreiv/driv massemisbruk av skulejenter. Samanfall av klasse, rasisme og innvandring gjer desse sakene politisk eksplosive.

Me ser: Politikarane i Storbritannia er akkurat like feige som dei fleste på kontinentet. Dei vågar ikkje å stå oppreiste, men kryp, føyer seg, vil ikkje skapa røre og uro, men halde på ønskjetenkinga, eigen karriere og komfort i det lengste.

Då er det betre å ta fatt i dei frå folket som varslar mest høglydt, anten ved å sensurere dei i avisene og på internettet, gje dei bøter eller arrestere dei. Sett frå ytre venstre er vanleg fedrelandskjensle blitt til hat.

Asle Toje er ein ekte nysgjerrig intellektuell. Han intervjuar òg slike som korrekte journalistar ikkje vågar å omtala i anna enn spottande ordelag. Til dømes Gøtz Kubitschek, leiaren for Tysklands tredje største parti, Alternative für Deutschland.

Nei, politiske fordomar og åndeleg latskap skal ikkje bremse for tileigning av ny kunnskap.

Den liberal-konservative Toje er ei moderne og fri sjel som ser ut til å ville leva opp til A. O. Vinje sitt motto: «Kunnskap skal styra rike og land, og yrke skal båten bera…» Eg seier som Thomas Seltzer: «Fy å flate som denne mannen kan skrive!»

Tittelen «Gullbrikkespillet» er henta frå Voluspå. Når dei overlevande vender heim etter ragnarok, finn dei i graset gullbrikkene frå spelet dei leika seg med før katastrofen. Så tek dei til å spela på nytt.