«20. august var eg sikker på at president Trump ville tapa det komande valet», skriv Hallgrim Berg. Foto: Steve Ruark, AP/NTB

Kvifor støttar kristenfolket president Trump?

I 2016 vann Donald Trump valet med hjelp frå håpefulle evangelisk kristne og med stor støtte i den kvite arbeidarklassen. Dei fleste samtykkjer enno.

Så seint som februar i år var eg sikker på at president Trump ville vinne valet 3. november. Det meste såg lovande ut for han.

Økonomien hadde lenge vore i opptur, børsane steig, arbeidsløysa var rekordlåg, sysselsetjinga og kjøpekrafta for dei store afro- og latin-amerikanske minoritetane var høgare enn nokon gong. Mange tusentals arbeidsplassar var tilbakeført frå utlandet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Presidenten hadde drege i hamn nye handelsavtalar med Mexico og Canada. Han hadde våga å utfordre Kina. USA er i perioden blitt ei energipolitisk stormakt, har løyst seg frå det arabiske strupetaket i oljeimporten og eksporterer no olje og gass i stor stil.

Trump hadde styrkt forsvaret, utnemnt konservative domarar i Høgsterett, støtta bøndene og landsbygda, starta på «narkotikamuren», satsa politisk på desentralisering med vekt på familie, småe einingar og meir lokalt sjølvstyre.

Han hadde i stor grad halde det han hadde lovt i 2016.

Men så kom det dødelege viruset frå Kina. Den påfølgjande soga kjenner alle. Pandemien førte til stenging av næringsliv og skulesystem, stillstand i landet, enorme økonomiske tap, og kanskje mest av alt: frykt og redsle for hus og heim, arbeid og inntekt.

Nådelaus partipolitikk og hemnlystne media gjer ikkje utsiktene lettare for den sitjande presidenten. Han hjelper òg godt til sjølv, med sine tvilsame «fakta» om likt og ulikt, beinvegar rundt statistikk og mykje sjølvskryt. Økonomien har stupt.

20. august var eg sikker på at president Trump ville tapa det komande valet. Alt han strevar, reiser, talar, opptrer, stadig med nye utspel, hjelper ikkje. Fleirtalet likar ikkje stoda, og dei likar ikkje ein president «som har rota det til».

Då motkandidaten, Joe Biden, i sommar sigla opp med leiing på 14–15 prosent ved å sitja stille i ein kjellar i heimbyen sin, hadde Trump i røynda tapt. Og dette var før Demokratane hadde sett i gang sjølve valkampen med den største pengekassa nokon har sett, betalt av såkalla «anonyme arbeidslause».

20. september er eg likevel komen i tvil om korleis valet går. Ein av grunnane er at dei evangelisk kristne i USA (og dei er mange!) held fast ved si støtte til Trump, trass i biletet som er skapt av presidenten som «ein umoralsk person».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei hjartesak (som i Noreg vert oversett) er at Trump legg stor vekt på det han seier er det viktigaste av alt i eit samfunn: retten til liv, også for dei aller svakaste. Hans engasjement pro-life gjev ringverknader.

Han skjemmest ikkje ved å ta fram Bibelen i gatebråket, og minte folket nyleg på at det er den jødisk-kristne åndstradisjonen som ligg til grunn for fridomsverdiane og suksessen i vår vestlege sivilisasjon.

Det vil bli hardkokt valkamp i vekene framover, der gamle slagord blir som nye.

Ein kristen medieaktør skreiv hin dagen: «President Trump neither likes Karl Marx, Communism, Socialism nor Atheism; and why should he, as those ideas are working constantly to eradicate Christianity from the surface of this Earth?»

Dei neste vekene vil mange minne om at ingen annan president har gjort meir for å sikre Israels status og leverett.

For det amerikanske kristenfolket er det særleg viktig at Fredsplanen for Midtausten (som norske media har møtt med likesæle og harselas) tek til å få gjennomslag. Fleire arabiske statar (Emirata, Bahrain, Oman) sluttar seg no til normaliseringslina ved å anerkjenne Israel diplomatisk, etter kvart som dei ser kva dei sjølve og regionen har å tene på dette.

Og det utrulege skjedde sist veke: Den Arabiske Ligaen avviser all kritikk frå PA og Iran om samarbeid med Israel!

Samstundes har Trump-administrasjonen slege fast at Golanhøgdene tilhøyrer Israel; at hevding av israelsk jurisdiksjon vil vera naturleg i Judea og Samaria; og at Jerusalem er og blir den evige hovudstaden i Israel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire statar vil snart ta til å flytte sine ambassadar og legasjonar dit (t.d. Honduras, Polen, Tsjekkia, Sudan, Tsjad, Serbia, Kosovo), og, av alle, Færøyane.

I 2016 vann Donald Trump valet med hjelp frå håpefulle evangelisk kristne og med stor støtte i den kvite arbeidarklassen. Dei fleste samtykkjer enno.

Dersom koronaen flatar ut i oktober, samfunnet opnar meir, børsen stig eit par hakk, og gatebråket frå anarkistar held fram, er presidentvalet enno ikkje avgjort.