Bildet viser en gutt i Zaatari, en leir for syriske flyktninger i Jordan. Illustrasjonsfoto: Raad Adayleh, AP/NTB scanpix

Burde me skamme oss?

I dagens situasjon både trur og meiner eg at Ola og Kari og Noreg kan ha nokolunde godt samvit!

Overskrifta lyser mot oss i Dagen 4. mars: «Tar imot ti ganger så mange flyktninger som Norge.»

Det er generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen som opplyser dette. «Jordan er fire ganger så lite som Norge – og langt fattigere. Likevel har de tatt imot over ti ganger så mange flyktninger som oss de siste årene.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Burde me skamme oss? Egeland spelar på det faktum at Noreg i fjor tok imot 2300 asylsøkjarar og 2800 kvoteflyktningar, rundt 5000 totalt, som berre ein brøkdel av det Jordan gjorde.

Sjølv om Noreg tok imot nær 100.000 flyktningar frå 2011 til 2019, var det berre ein trettendel av den straumen Jordan tok imot. (Her reknast dei som har fått opphald, pluss familieinnvandring knytt til desse.)

Konklusjonen hans er at nordmenn har mykje å lære når det gjeld gjestfridom og vern av menneske på flukt.

Det er mogleg det er jobben til ein generalsekretær å mana fram oppfatningar om elende, skapa bilete av urettferd, krise, finne døme som kan få kjenslene og samvitet vårt i sving, og heile tida be om «handling» og endå meir pengar, ein spesialitet Jan Egeland har dyrka i mange tiår.

Ja, det er beint noko gale med ansvarsdelinga i verda, seier han, og nyttar Jordan og Libanon som gode døme på gjestfridom og ansvar. Målet er å få Ola og Kari til å kjenne seg kalde og ansvarslause, så lenge dei ikkje opnar grensene og heimane sine.

Grunngjevinga er: Jordan er fattig, Noreg er rikt.

Ja vel. Men skal dette vera den einaste premissen for å opne nye pengesekkar? Skulle me her i nord, med våre prisar og vårt skyhøge kostnadsnivå, ta imot like mange syriske flyktningar som Jordan – og med det utvide grunnlaget for menneskesmugling, reiser og risikofylte båtreiser over havet?

Oljefondet er det mange som har lyst på. Lobbyistar, organisasjonar, politikarar og andre. Slepp dei ivrigaste til med sine visjonar, ville pågangen bli så sterk at velferdsstaten knakar. Ein av konsekvensane ville bli at pensjonane snart måtte slankast mellom folk flest her heime.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noreg har no fått eksplosjon i statsutgiftene som følgje av koronaviruset, samstundes som oljeprisen er meir enn halvert.

Noreg har ei lang rekkje humanitære organisasjonar som alle dreg i den same «samaritanske» lei. Dei gjer mykje bra for mange. Oppgåvene er endelause. Colombia og Venezuela neste.

Spørsmålet er og blir: Korleis, og på kva måte, får me mest humanitet for pengeinnsatsen?

Atter ein gong kallar rasjonaliteten og logikken på oss: Det må vera meir naturleg at uheldigstilte og misnøgde menneske heller søkjer mellombels tilflukt i eit nærskyld granneland enn til eit framandt land oppe ved polarsirkelen?

Mange saknar ei breiare drøfting av kva slags standardkrav Noreg skal leggja til grunn for å ta imot ei stadig større mengd flyktningar: Skal me tilby teltleirar som i Jordan, gamle campingplassar med rimeleg standard, eller skal utgangspunktet vera tilnærma hotellstandard og ferdigstilte kommunale leilegheiter?

Og politisk: Er me samde om at flyktningar per definisjon er på mellombels opphald for å få ly og vern, som etter ei tid lyt returnere, eller er siktemålet noko anna?

Det skal godt gjerast for Noreg å kunne tevle kvantitativt med Jordan. Geografisk nærleik, språket, kulturen, klanane, slektene – og kostnadsnivået per individ – gjer samanlikninga meiningslaus.

For å ta eit tal, ville det vera ei uoverstigeleg utfordring for Noreg å skulle integrere 100.000 syrarar, så lenge kulturskilnadene er så store og djupe. Då er det lettare å ta inn 200.000 svenskar, om den tida skulle koma.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men rett skal vera rett, organisasjonane gjer på fleire vis ein flott innsats, og det er ikkje berre syting med Egeland; han rosar Noreg for vårt langvarige engasjement ute.

Han gjev Noreg godord for våre store løyvingar til systematisk og effektiv hjelp rundt om i verda. Når me reknar humanitær hjelp og støtte per innbyggjar, ligg me høgt oppe – ifølgje OECD faktisk på ein tredjeplass.

Folkens, me er på pallen! Og det er då ikkje så verst? To land framom og to hundre bak.

Orsak, men i dagens situasjon både trur og meiner eg at Ola og Kari og Noreg kan ha nokolunde godt samvit!