«Folk i posisjonar er ettergje
...
«Folk i posisjonar er ettergjevande og dumsnille, let minoritetens diktatur vinne fram over det fleksible fleirtalet på område etter område», skriv Hallgrim Berg. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
frispark
Blir Noreg snart noko anna?
Del
Den såkalla fleirkulturen – multikulturalismen – er høgprisa på venstresida, men fører oss fullstendig på avvegar.

Medan ordskiftet går om næringsliv og økonomisk vekst, olje- og gassutvinning, klima og miljø, vindmøller og vegsamband, homo og hetero, er det få eller ingen som skriv om framtida for den norske nasjonen – samfunnsplattformen, folket, kulturen, trua, tradisjonane, skikkane, alt dette me tenkjer på når det er tale om identitet og den norske levemåten.

Men no har telemarkingen Halvor Fosli skrivi ei gnistrande bok om dette. Tittelen er talande: Mot nasjonalt sammenbrudd – Norge i masseinnvandringens tid.

Han spør: «Norge er i ferd med å bli omgjort til et helt annet sted, og det skjer i et tempo uten historisk sidestykke. Vi stilles overfor spørsmålet: Er det likegyldig for oss om landet vårt blir borte?»

Med klår tale og tydeleg dokumentasjon viser Halvor Fosli korleis landet no har rota seg inn i ein periode med tunge negative omskifte. I aukande fart blir Noreg omgjort frå det forfattaren kallar «den norske høgkulturen» – den samanhengande felleskulturen som nådde sitt høgste, tryggaste og beste stadium for folk flest i åra 1960–2000 – til eit samfunn med masseinnvandring, kultur- og religionsskifte, kriminalitetsutvikling, undergraving av samfunnstilliten og eit komande samanbrot i velferdsstaten.

Boka gjev råkande innsyn i den moralistiske, lite realistiske tankegangen som dominerande krinsar i norsk organisasjonsliv og politiske parti i lang tid har lagt til grunn i asyl- og flyktningpolitikken. Særleg gjeld det ønskjetenkinga om islam og innvandringa frå muslimske land.

Norsk offentlegheit lever i fåkunne, og trur at islam er ein «vanleg» religion på line med kristendomen, jødedomen, og så vidare – og har hittil mest ikkje ensa det langsiktige perspektivet i Europa: islam som eit juridisk-politisk byggverk, og med ein medfølgjande totalitær islamisme gjennom ære til jihad og med aukande frekvens av vald og terror for å nå samfunnsmessige mål.

Folk i posisjonar er ettergjevande og dumsnille, let minoritetens diktatur vinne fram over det fleksible fleirtalet på område etter område. Islam er i ferd med å skaffa seg vetorett i Europa.

I mellomtida lyt me andre kose oss med påtente bilar og garasjar, kvinneundertrykking, valdtektsrekordar, æresdrap, gjeng- og klanmentalitet, vernepengar, narko, smugling, knivkampar, skyting, åtak på politiet, barnevern og anna godt stoff.

Den såkalla fleirkulturen – multikulturalismen – er høgprisa på venstresida, men fører oss fullstendig på avvegar. Halvor Fosli påviser korleis nasjonalstaten Noreg kan bli avvikla. Han er truleg den fyrste samfunnsobservatøren som går ope inn for at integreringspolitikken må ha assimilering som mål og metode.

Det fleirkulturelle perspektivet fører i praksis til segregering, gettoar og parallellsamfunn, lovløyse, låg yrkesdeltaking, minimal skatteinngang, utbreidd svindel og enorme trygdekostnader. Dette har me sett i fleire år, om enn ikkje like ille som i Sverige.

Men med hovudstups innvandring, «en raus og rettferdig asyl- og flyktningpolitikk» (kva i all verda er det?), familiegjenforeiningar, kvoteordningar, og så vidare – og rikeleg med konsulentar, kommunale tilsette og lobbygrupper som alle lever av denne verksemda, vil me snart nå att svenskane.

Noko av det mest alarmerande, skriv Fosli, er at her har vore utlendingar før, men det er nytt at store grupper frå Afrika og Asia blir tildelte statsborgarskap i Noreg – og det på eit lauseleg, uforpliktande grunnlag, om lag som utdeling av godteri og sjokolade.

Bak Halvor Fosli si bok – 438 sider – ligg det eit særs omfattande materiale, lesing av større bokverk, omfattande statistikk, intervju, med meir. Drøftinga av det å vera «nordmann» er midt i blinken for debatten på dette området.

Kapittelet om demografi er grunnleggjande for alle som prøver å gjera seg opp ei meining om Noregs framtid. Slagorda frå debatten om innvandring og integrering blir analyserte; propagandistane blir kledde nakne.

Opplysningane om økonomi og samfunnskostnader – og dermed lagnaden for velferdsstaten – bør vera obligatorisk lesestoff, ikkje minst for alle som ser for seg ein god pensjon i framtida.

Mot nasjonalt sammenbrudd er historisk-sosiologisk-politisk skrivekunst, solid kunnskapsbasert og inneheld eit arsenal av argument for alle som vil at landet vårt skal halde fram som eit velfungerande og gjenkjenneleg samfunn.

frispark,hallgrim berg,halvor fosli,politikk,innvandring,kultur,masseinnvandring