Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Exit misjonæren?

Over 80 prosent 
av verda sine muslimar, hinduistar og buddhistar kjenner personleg ingen etterfølgar av Jesus. Dei treng nokon 
å vitne for seg.

Det norske misjonsselskap (NMS) skal ha ros for å gå misjonærrolla kritisk i saumane. Prosessen er heilt sikkert smerteleg for landets eldste misjonsorganisasjon. Samtidig gjer dei rett i å lytte intenst til signal frå samarbeidskyrkjene i sør.

Talet på norske misjonærar minkar over tid. Det er nok meir ei påført enn ei styrt utvikling. NMS har i utgangspunktet neppe ønska den store nedgangen. Når den først skjer, som del av ein trend med nedgang i misjonsengasjement i dei etablerte vestlege kyrkjene, kan ein velje å bli på lag med utviklinga og snu den til ein fordel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er ein prosess som alle misjonsrørsler bør våge. Misjonsutfordringane endrar seg. Styrkeforholdet i den verdsvide kyrkja endrar seg. Misjonsbehovet i Europa endrar seg. Behova i samarbeidskyrkjene til norsk misjon endrar seg. Det globale mønsteret er i dag at alle kyrkjer er både sendar og mottakar. Naturlegvis endrar det føresetnadane for norsk misjon, og dermed misjonærrolla. I den grad det skuldast berekraftige kyrkjer i sør, kan vi glede oss over det.

Samtidig er ikkje nedgangen i norsk misjon eit teikn på sterk helse. Ei kyrkje som ikkje brenn for at nye generasjonar og folkeslag skal få del i evangeliet om Jesu frelse, er alvorleg åndeleg sjuk. Det er ikkje eit godt teikn når misjonen styrer mot færre heiltids misjonærar og fleire konsulentar. Grunnen kan vere minkande gåveinntekter, men det er i så fall eit teikn på manglande engasjement.

Nokon har fått for seg at vegen framover skal vere å sende pengar og ikkje folk. Misjonsvitskapen stiller store spørsmålsteikn ved det. Pengar skaper langt meir bindingar enn folk. Om unge kyrkjer skal nå eit berekraftig mål av sjølvunderhald, må vi halde pengane tilbake. Fornuftige misjonærar, og det finns svært mange av dei, binder ikkje til eigen person.

Derimot er dei ein kjemperessurs med sine år der dei har lært språk og kultur og høyrer til mellom folk i kvardag og fest. Langtidsmisjonærane er med å gjere misjonens bistand til det effektive arbeidet for lokalsamfunn og sivilsamfunn som det er. Det avgrensar også rommet for korrupsjon at pengane som trass alt kjem ut, blir følgt heilt fram til formålet sitt.

Misjonen må naturlegvis lære seg ulike roller og fasar. Den kjende missiologen W. Harold Fuller rekna i si tid opp dei fire relasjonsfasane mellom misjon og ei ny kyrkje. Misjonen startar sompioneer, går etter kvart over i ei rolle somparent (foreldre), så bør dei kome seg raskare over i rolle sompartner før dei endar somparticipant (deltakar).

I mi tid som misjonsleiar formante eg nokre gongar misjonærfellesskapa til å tenke slik om fasane: gå framom, gå med, gå bak, gå ut. Dette gjeld i evangelisering, fellesskapsbygging, leiarskap og diakoni. Poenget er at sunn misjon frå dag ein må styre mot sluttleddet.

Når fleire norske misjonsorganisasjonar dei seinare åra har valt å trekke seg ut av land og område der kyrkjene har vakse seg rikeleg sterke nok, er det derfor god misjonsstrategi. Då må poenget vere at vi vil bruke ressursane annleis, og utfordringane står i kø. Over 80 prosent av verda sine muslimar, hinduistar og buddhistar kjenner personleg ingen etterfølgar av Jesus.

Dei treng nokon å vitne for seg. Mange av desse bur i land der kyrkjene er for små og svake til å ha ansvar for å nå dei unådde. Slike område treng pionermisjonærar, som i stor grad må vere langtidsmisjonærar. Nokre bør kome frå Norge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Store delar av verda er utilgjengeleg for ordinær utsending av misjonærar. Derfor ligg noko av den største ressursen framover i andre visa enn dei vi har brukt til no. Ein stor del av den aukane innsatsen for tverrkulturell misjon frå sør skjer gjennom studentar, fagfolk og forretningsforetak som får tilgang der grenser elles kan vere stengte. Teltmakarorganisasjonen Tent opplever i dag ei sterkt auka og interesse internasjonalt for denne typen misjon, som må kallast økonomisk svært berekraftig.

Verda har framleis rikeleg med oppgåver for vestleg misjon. I aukande grad gjeld det også Europa sine unådde generasjonar. Norsk misjon må tenke heilt nytt om korleis vi kan ta den utfordringa saman med kristne migrantar frå sør. Ungdom i Oppdrag har i alle år nettopp bygd tverrkulturelle team for misjon.

Over dei siste tjue åra er dette den organisasjonen i landet vårt som har vakse desidert mest og er no i ferd med å bli størst i langtidsutsending av norske misjonærar. Det er ikkje alle trendar som går ned. Det gjeld berre å forstå oppdraget og halde fokus der.

Saman med NMS må all norsk misjon tenke gjennom misjonærrolla, men c Det gjeld også pengesterke Norge. «De fleste skjønner først kven Jesus er når en av hans disipler kommer nær» (Vidar Kristensen).