Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Har du dei korrekte meiningane?

Eg meiner at framtidsutfordringane våre må løysast gjennom demokratiske prosessar, ikkje berre med sektorkunnskap frå miljø der alle tenkjer likt.

Det løner seg ikkje å ha ukorrekte meiningar. Det kan vera slitsamt å stikke seg ut frå mengda og måtte svara på spørsmål. Anten det gjeld om homofili, likekjønna «ekteskap», islamisme, feminisme eller andre stridsspørsmål. Det tryggaste er å leggja seg midt i flokken, og ikkje seia eit ord. Det er mest komfortabelt.

Men kjem demokratiet til sin rett ved at alle teier stille og flytter inn på den store sovesalen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter mitt syn er landet og kulturen på veg inn i uklart lende. Åndsklimaet er skremmande; det går i autoritær lei. Stiller du eit aldri så lite spørsmål om Pride, er du homofob. Eitt kritisk spørsmål om islam, og du er ikkje berre islamofob, men rasist. Og eit pip om feminisme, og du er kvinnefiendtleg.

I tillegg er meiningsytringar berre korrekte og rettvise eine vegen: Homoterapi er greitt, så lenge du er tvilar eller har hug til å bli homo, slik stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen annonserte i boka si for eit par år sidan. Det var liten reaksjon på det. Men dersom nokon vil tilby hjelp til tvilarar som vil bli eller stadfeste seg som heterofile, då vert det eit spetakkel utan like!

Spørsmålet som for tida går utanpå alle når det gjeld å vera korrekt i tankegangen, er klimautfordringane.

Det byrja så smått då Kristin Halvorsen hadde høyrt eit par foredrag og blitt klimafrelst. Problema med klimautviklinga – frå ras og tsunamiar til uvêr og temperaturstigning – hadde brått sine årsaker i menneskeleg aktivitet. Det var ingen tvil. Dei som ikkje utan vidare godtok den nye religionen heilt og fullt, fekk kallenamnet «klimapøbel».

Så har det balla på seg fram til dagens hysteriske tilstandar. Dei som har bil, bør la han stå. Dei som nyttar fly på vitjing til barneborn nordpå, bør skjemmast. Den som et pølse eller fårikål, er ei fare for etterkomarane, og så vidare.

Jau då, broilerane lærer seg leksa, og hevdar at gamlingane er egoistar som ikkje forstår nokon ting. Nokre av oss svarar, og seier at gamlingar med barneborn er minst like ansvarlege og interesserte i samfunnsutviklinga som ungdom utan born i det heile.

Foreininga av tidlegare stortingsrepresentantar arrangerte i fjor ein klimadebatt, der ein av de glupaste forskarane med «offisielt» syn – frå ein statsfinansiert institusjon med enorme budsjett og store tal tilsette – møtte Ole Henrik Ellestad frå Klimarealistene, ein liten organisasjon finansiert med medlemskontingent og friviljug innsats på fritida. Like fullt: Resultatet av kampen, meinte mange, var at Goliat tapte for David.

Då eg skreiv om dette i Hallingdølen, kom det straks ein fylkesleiar i Naturvernforbundet og fråkjente professor Ellestad ei kvar ære, for han var ikkje klimaforskar. Det hjelper ikkje at Ellestad er professor i kjemi, har vore forskningsdirektør i SINTEF, leiar i Norsk Regnesentral og direktør i Forskingsrådet for naturvitskap og teknologi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At mannen er intelligent, lærd, analytisk, og med utvikla dømekraft, spelar visst inga rolle. Er du ikkje det korrekte slaget forskar, er du ikkje verdt noko på klimaområdet. Det er òg pengar i spel. Har du ikkje dei korrekte meiningane, får du heller ikkje prosjektmidlar. Slik er spelet.

På jobben må du difor ikkje seia det du meiner, men vente til du blir pensjonist.

Eg meiner at framtidsutfordringane våre må løysast gjennom demokratiske prosessar, ikkje berre med sektorkunnskap frå miljø der alle tenkjer likt. Ein politikk som byggjer på reint fagstyre, ville vera ein fare for demokratiet.

Sjølv har eg ikkje føresetnader for å gå inn i dei innfløkte klimamodellane som forskarar (og folkevalde!) prøver å banke kvarandre med. Som amatør kan eg ikkje ta standpunkt i kor stor grad klimaproblemet er utslag av naturgjevne, hundreårige, sykliske svingingar, eller om det er vår eigen levemåte i dag som særleg slår ut.

Eit hovudproblem på jorda er folkeauken i Asia og Afrika. Eit anna er vårt daglege overforbruk.

Difor, så langt: Målet bør vera moderat ressursbruk… enklare livsførsel… buss og tog framfor bil når ein kan…

Likevel: Inga makt i verda får meg til å slutte med fårikål om hausten og lutefisk til jul!