«Færøyingane skil seg noko ut ved at dei i verdipolitikken går på tvers av den sekulariseringa og allmenne hedonismen som har breidd seg Europa rundt dei siste par mannsaldrane», skriv Hallgrim Berg. Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Færøyane i våre hjarto

Til dømes er dei ­folkevalde i Lagtinget klart imot homofile partnarskap, og mest ingen vil ha fri abort. Ingen politiske parti flaggar den saka.

Ormen Lange, om skipet hans Olav Tryggvason... den gamle færøydansen går med lette, huskande dansesteg, venstre, venstre, høgre, med fulltonande song, og ringen buktar og snor seg, inn og ut av alle krokar for å la golvet gje plass til flest mogleg. Alle må med. Fyrisongarane fører an i versa, dansarlyden hektar seg på i alle omkved (refreng), opp til 85 vers... Etter ein time er det gamle forsamlingslokalet omgjort til eit dampbad.

Då Hulda Garborg var her ute i 1902, fekk ho inspirasjon i arbeidet med å nye opp att den gamle songdansen her heime. Det vart eit av fundamenta i norskdomsarbeidet, særleg til aktiv bruk i den frilynde ungdomslagsrørsla.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sidan den tida er også Færøyane blitt eit høgmoderne samfunn, som inneheld det meste av det ein kjenner av teknologiske nyvinningar. Med fuglefangst, sauehald, trålfiske og oppdrett har den materielle levestandarden skote til vêrs, og er no høgare enn på fastlandet Danmark.

Samstundes er her ein vilje til nasjonalt og kulturelt sjølvstende, her dei klorar seg fast på 17 øyar, arbeider trutt, held fast på språket sitt, dyrkar kulturarven og skikkane sine. Færøyingane skil seg noko ut ved at dei i verdipolitikken går på tvers av den sekulariseringa og allmenne hedonismen som har breidd seg Europa rundt dei siste par mannsaldrane. Til dømes er dei folkevalde i Lagtinget klart imot homofile partnarskap, og mest ingen vil ha fri abort. Ingen politiske parti flaggar den saka.

Folketalet er i jamn framgang, og har nyleg passert 50.000. Me møtte eit staseleg ektepar med tre finkledde ungar utanfor Hotell Hafnia: «Me er ikkje fleire enn me treng vera. Då må me laga fleire born, ikkje ta livet av dei!»

Ute i gatene denne dagen, Olavsøka, 29. juli, sjølve nasjonaldagen, er det eit yrande liv av bunadskledde menneske. Folk kjem inn til Torshavn ute frå øyane, med bil gjennom tunnelane, over bruene, og med store og små båtar.

Seremoniell oppstart i domkyrkja (1788), musikk, parade til plassen framom Lagtinget, prestane i spissen (alle med pipekragar!) omgjevne av enorme songkor. Idrettslag og Frelsesarmeen mønstrar troppane, familiar og slektsgrupper held stemne, skjenkestadene og matplassane er fullsette.

Inne på Ebenezer er det stinn brakke i det som må vera byens største og flottaste forsamlingshus; me talde innpå fem hundre i eit kulturprogram som rulla og gjekk i fleire timar olsokkvelden, ikkje minst med mannskor, tradisjonelle salmar og nye songar i country & western-stil.

Som avrunding av nasjonaldagen startar Den store allsongen utandørs klokka 24.00, der om lag 10. 000 menneske syng av full hals i ein heil time, og på slaget 01.00 startar songdansen for alle.

Det finst nesten ikkje grov kriminalitet på Færøyane. Dei tilsette i det fine torvtekte fengselet langt oppi lia har gode stunder, medan dei innsette for det meste er utandørs og spelar mini-golf.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Snøfrie øyar gjer at sauene går ute i brattlendet året rundt. Færøyingane elskar sauekjøt, et årleg nær femti kilo kvar. Men då det ikkje er beite for meir enn dei 85.000 som går ute, må det til import både frå Island, New Zealand og Falklandsøyane (!). Kvifor ikkje frå Noreg?

Færøyane ligg på botnen av mange statistikkar. Dei er på 212. plass i folketal. Færøysk er det minste germanske språket. Dei har det minste parlamentet i Europa og den minste statskyrkja i heile verda.

Like fullt er det eit slagkraftig og framtidsretta sivilsamfunn med alle dei tenester normale nasjonar treng innan skule, helse, varetilbod, kultur, osv. Særleg vart me imponerte av nasjonalgalleriet og samarbeidsprosjektet Nordens Hus.

Og så greitt det er å vera nordmann på Færøyane! Folket pratar ikkje dansk, sjølv om det er hovudskriftmålet attåt færøysk. Dei talar ein vestnorsk dialekt, langt lettare å forstå enn islandsk. For min del gjorde eg ei nyttig oppdaging: Dess meir eg la vekt på «å svalle gamaldagas halling», dess lettare gjekk praten med dei innfødde! Men så høyrde jo Hallingdal til det gamle Gulatinget…