Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Påske – hjarteslaget i Guds misjon!

Her er lite rom for herlegdomsteologisk og rask realisering av Guds rike, enten gjennom politisk aktivitet eller teikn 
og under.

Kva er forankringa for kristen misjon? For nokre tiår sidan lanserte teologane det latinske omgrepetmissio Dei, som vi enklast omset med ‘Guds misjon’. Til då var tverrkulturell misjon i stor grad noko som skjedde frå vestlege kyrkjer. Etter dei to verdskrigane kom ikkje berre den vestlege kulturen inn i ei krise.

Kyrkjene, som tradisjonelt hadde stått makta nær i Europa, gjekk også inn i ei tid av mykje re-orientering. På misjonens område var det uråd å halde fast ved ei tenking som sette dei vestlege kyrkjene i sentrum.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Misjon ville berre vere mulig om den hadde utspringet sitt i noko kvalifisert anna og større enn vestlege handlingsmønster for dominans. Misjon handlar ikkje om spreiing av vestleg tru og religion, men kan berre rettferdiggjerast dersom vi orienterer oss ut frå misjonens kjelde, Gud sjølv.

På mange måtar er det elementært bibelsk. Det var Gud som sendte først! Sendinga startar i den tre-eine Gud. Faderen sender Sonen, Faderen og Sonen sender Anden, og ved Andens kome sender Jesus sitt folk ut i hans oppdrag. Kyrkja er Guds reiskap for misjon. Slik fekk vi ei fornying i forståinga av både kyrkje og misjon.

Kyrkja er ikkje seg sjølv utan misjon. Dei av oss som kallar oss evangelisk lutherske, er lært opp til å tenke at kyrkja er forsamlinga av dei heilage og sant truande, lett statisk, ein plass å kome saman. At misjonen djupast sett er Guds, utfordrar oss til å erkjenne at kyrkja alltid også er kalla til å gå, eit folk på vandring.

Eg les og skriv ein del om dette for tida. Det er ikkje slik at om vi berre seier ‘Guds misjon’, så tenker alle likt. Tvert om er det ganske stor ulikskap i forståinga av kva det inneber at misjonen er Guds. I den kyrkjeøkumeniske tradisjonen vil mange kritisere evangelisk misjon for å vere for Kristus-sentrert.

Når misjon spring ut av den tre-eine Gud, må vi meir tydeleg løfte fram Gud som Skaparen. På 1960-talet førte dette til ei sekulær og politisk forståing, der kyrkja ikkje var så viktig, heller. Alle av god vilje som deltok i Skaparens oppdrag for rettferd og fred, var i fronten av Guds misjon. Vårt evige forhold til Gud kom i bakgrunnen.

I nyare kyrkjeøkumenikk er det Anden som er komen i forgrunnen, og til tider på ein overraskande måte. Fokuset er ikkje primært på det karismatisk fornyande men på at Anden er nær i alle kulturar og all slags trufør evangeliet om Jesus kjem dit. Dei kallar gjerne slik tru for ‘livgjevande åndelege tradisjonar’ (lifegiving spirtualities), som jamvel bør inviterast med som partnar i Guds misjon saman med kyrkja. Derfor uttrykker denne teologien lite nød for å nå nye med evangeliet. Då er vi ganske langt frå ei bibelsk forståing.

Alle kyrkjelege tradisjonar, også den klassisk evangeliske, seier ja til ‘Guds misjon’. Kvar kan misjon elles ha utgangspunktet sitt? Om vi ser på Lausannerørsla, er det likevel nokre store skilnader som trer fram. Også i evangelikal samanheng kan vi tenke breitt om misjonens engasjement for rettferd på Skaparens jord. Misjonen skal vere eit vitne og eit teikn på det Riket som Jesus proklamerte, det som allereie er her men ennå ikkje trer fram i sin fylde.

Samtidig er det påfallande kor Cape Town-forpliktinga, som er Lausannerørsla sitt siste store misjonsdokument, er urokkeleg på å knyte misjon til det Gud gjorde i Jesus Kristus, med særleg vekt på det som skjedde historisk og konkret med Jesus den siste påska. I den evangelikale misjonstenkinga er det aldri tvil om at påska er sjølve hjarteslaget i Guds misjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Aldri ser vi Guds misjon så skarpstilt som på krossen og i oppstoda. Sonen blei sendt, og han kom frivilleg, for å gi livet sitt for oss. Det er nesten påfallande kor tydeleg Cape Town-erklæringa slår fast at Jesu død er ei straffliding for synda vår. Slik er Guds kjærleik til verda. Til dette, og primært dette, var han sendt.

Når den oppstadne så sender oss ut, til jødane og folkeslaga og til nye generasjonar, er det den dødsmerkte seierherren som sender oss. Det fortel minst to viktige sanningar.

For det første vil utsending med evangeliet alltid bere krossmerket. Bodskapen om krossen er det eine umisselege, om vi skal tru misjonæren Paulus. Mange vil støyte seg på det, fordi det ikkje ber preg av seier og nytt liv, men for all som kjem til tru, er Jesu kross sjølve krafta til frelse. Derfor må Jesu soningsdød forkynnast frimodig.

All misjon ber også dette krossmerket. Misjon inneber å overgi livet sitt ved å ta opp krossen og følgje Jesus. I misjon går folk inn i Guds rike gjennom mange trengsler. Her er lite rom for herlegdomsteologisk og rask realisering av Guds rike, enten gjennom politisk aktivitet eller teikn og under.

For det andre er det den oppstadne og levande som sender oss. Misjon skjer i krafta frå oppstoda. Slik peikar misjon alltid utover det noverande jordiske. Slik den krossfeste Kristus stod opp, skal vi som går ut i Kristi misjon med krossens bodskap om oppgjer med synd og urett, peike mot den framtida som Gud inviterer alle til, Guds evige rike.