Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Færre norske ungar – hipp som happ for landet?

Det må skapast arbeidsplassar, større inntekter, fleire hender i arbeid, dersom velferdstenestene for den aukande bølgja av eldre skal kunne haldast oppe.

For ein gongs skuld vart eg oppløfta av ein nyttårstale. Statsministeren sa det rett ut: Det vert fødd for få born her i landet! Det har mange av oss meint lenge.

Eg minnest den kjeften eg fekk frå fleire som hadde lese Amerikabrevet (2007), der eg skreiv korleis det vil gå i eit Europa og eit Noreg dersom den demografiske utviklinga skulle halde fram i same sporet: Med berre ein unge i kvar familie, vil folketalet i ein nasjon bli halvert for kvar ny generasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samstundes, skreiv eg, rasar det inn med folk frå nære og fjerne himmelstrok, anten dei kjem som reelle asylsøkjarar og flyktningar, eller som eventyrarar, og ikkje minst gjennom omfattande familiegjenforeiningar.

Dess fleire fjernkulturelle som kjem, og multipliserer seg, dess større problem og kostnader må vertsnasjonen vera budd på.

Dette er ikkje rasisme eller xenofobi, men logikk. Tolv år seinare har røynslene – ­Europa rundt – vist at logikk ikkje er så dumt. Ingen «tiltak» kan trumfe den demografiske utviklinga og medfølgjande trusliv, tankeretningar og samfunnsendring.

Etter Erna Solberg sitt nyttårsønskje har debatten rulla og gått. Ho la særleg vekt på at nordmenn må ha meir påfyll av ungar for å berge velferdsstaten.

Det må skapast arbeidsplassar, større inntekter, fleire hender i arbeid, dersom velferdstenestene for den aukande bølgja av eldre skal kunne haldast oppe.

Velferdsstaten kjem til å slite. Kostnadene med innvandring og integrering blir ikkje opplyst folket.

Dersom ein legg saman utgiftene på NAV, trygder, opphald, husvære, opplæring, sjukehus og helse, kriminalitet, politi, rettspleie, pluss låg yrkesdeltaking og store skattetap, kjem totalen ein stad opp mot 250 milliardar kroner i året.

Ingen kan skaffe fram det eksakte talet, men det er meir enn høgt nok til å ta knekken på dagens velferdsstat og/eller sprenge hol på oljefondet innan 20–25 år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ordskiftet etter Erna sin tale er oppsiktsvekkjande. Den innvandringspolitiske talsmannen i MDG har uttalt at me ikkje treng meir norske ungar; me kan slutte med slikt, for det er mange nok å hente utanfrå – til dømes frå Afrika og Asia.

Ein fantasifull avdelingssjef i Statistisk Sentralbyrå meiner det er altfor dyrt for staten at folk fostrar opp born. Særleg er det dyrt å halde nordmenn i drift; Ola og Kari blir subsidierte av staten for å leva.

Det ville vera meir lønsamt for statskassa at det ikkje budde folk her i landet i det heile!

Det er viktig at det varsla departementsutvalet no finn ut kva det er som bremsar unge par frå å setja i gang.

Det er interessant når professor emeritus i sosiologi, Sigurd Skirbekk, seier at manglande barnefødslar ikkje berre er eit spørsmål om karriere og økonomi, for ingen stad i verda er dei materielle vilkåra for graviditet og fødsel betre.

Vel så viktig, seier han, er statusen for familiesituasjonen. Kva er utsiktene til familiestabilitet, når venstresida og liberalistar driv med hædande, undergravande kritikk av ekteskapet som ordning mellom ein mann og ei kvinne?

I tillegg kjem tidsånda med sjølvdyrking, fanatisk liberalisme, egoisme, bruk og kast, og ideen om at kvinna er mindreverdig utan «good look» og sjølvstendig, høg lønsinntekt.

Karrieredamer – single og med sex på byen – ventar gjerne til dei er 42 før dei skaffar seg ein designbaby.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ola og Kari har aldri nådd fire millionar menneske, og er no i full fart nedover mot tre millionar. Kvar fødande kvinne må ha minst to born for å halde den etnisk norske folkesetnaden oppe. I all samfunnsplan­legging, nasjonalt og lokalt, er det absolutt best å ha ein liten, jamn og pårekneleg vekst i folketalet.

Ja, tenk på velferdsstaten, demokratiet og likeverdet, men òg på kulturen, at nokon skal føre vår tradisjon og levemåte vidare. Er det ikkje ei felles oppgåve for lek og lærd å halde landet oppe så det vert ­attkjennande?

Ivar Aasen er stadig aktuell: Lat det merkast meir enn i ordi, at me halda den arven i stand, at når fedrane ser att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land.