FRELSE: «Det er frelse for alle som vender om», skriver innsenderen.

Dømma eller frelsa?

Det er eit problem når kristne leiarar stryk bort synder frå syndelistene i Bibelen og seier at dette ikkje lenger er synd.

Det er eit problem når kristne leiarar stryk bort synder frå syndelistene i Bibelen og seier at dette ikkje lenger er synd.

Terje Hegertuns nye bok, «Det trofaste samlivet», har utløyst ein ny debatt om kva som er synd og korleis vi møter menneske som slit med sine syndige lyster.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kan verka som om hans mellomløysing inneber, at når det Bibelen kallar syndige lyster, blir levd ut i eit trufast samliv, så er dei ikkje lenger syndige, men noko vi må gje rom for i forsamlingane våre.

Heldigvis blir denne mellomløysinga avvist i dei fleste frikyrkjelege samanhengar, for læra om at ekteskapet er eit livslangt forhold mellom ein mann og ei kvinne er eit avklart lærespørsmål.

Jesus gjorde det klart at Guds skaparordning står fast: «Til mann og kvinne skapte han dei.» Det inneber at alle seksuelle forhold utanom eit slikt ekteskap blir avvist som syndige.

Det er ikkje nok å seia at denne læra er avklart, her trengst skikkeleg bibelsk undervisning for å hjelpa komande generasjonar til rett forståing av Guds vilje og til eit godt liv.

Ei av dei store utfordringane er korleis vi kan snakka om dette utan å fordømma og tala nedsetjande om dei som har valt ein livsstil som strir mot Guds ord.

Bibelen er veldig klar på at alle menneske har synda og kjem til kort. Her stiller vi alle likt og ingen har noko å rosa seg av.

Jesus gjer det klart at det ikkje berre er den ytre handlinga som er synd, men det å sjå på nokon med lyst er også synd. Vi er alle syndarar og vår seksualitet er inga unntak.

Ingen menneske har ein rein seksualitet, vi er alle smitta av synda. Vi bommar alle ofte på målet. Dessverre inneber dette også at vi har lett for å dømma andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det nye testamentet gjer det klart at Jesus kom for å frelsa oss frå syndene våre. Han er ei soning for syndene våre og kom for å bera dei bort og setja oss fri.

Gud sende han ikkje til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. Difor var han venn med syndarar og tollarar og møtte alle menneske med nåde og sanning.

Det nye testament gjev oss fleire lister av synder han kom for å frelsa oss frå. Her er ei av dei:

«Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei som bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, verken tjuvar, grådige, drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. Slike har somme av dykk vore. Men no er de vaska reine, de har vorte helga, de er gjorde rettferdige i Herren Jesu Kristi namn og i vår Guds Ande (1 Kor 6,9–11).

Eg likar at Paulus avslutta denne syndelista med å slå fast at somme av dei han skreiv til hadde levd i desse syndene, men dei hadde vorte vaska reine og helga slik at dei no var rettferdige i Kristus. Dette gjev håp for alle syndarar.

Det er frelse for alle som vender om. Det er eit problem når kristne leiarar stryk bort synder frå syndelistene i Bibelen og seier at dette ikkje lenger er synd.

Då hjelper dei ikkje menneske til frelse gjennom omvending og tru. Det er det alvorlege i denne debatten.

Då Jesus stod framføre kvinna, som vart skulda for hor, og ingen hadde kasta den første steinen, sa han: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slik bør vi også møta menneske med nåde og sanning.