TYSKLAND: På bildet ser vi en gruppe mennesker stå utenfor en jødisk eid butikk i en ikke navngitt tysk by i forbindelse med Krystallnatten i 1938.

Dietrich Bonhoeffer og jødespørsmålet

Er ikkje dette Bonhoeffer, tru? Skriket med og for jødane?

I ein kommentar til Mette nygårds bok «Vendepunktet. Den katolske kirkes forhold til jødene før og etter Det annet Vatikankonsil» vil historikaren Ingvar Kolden gje eit sant bilete av haldninga til jødane i den katolske kyrkja i Tyskland under nazismen.

Han framstiller det han ser som ein antirasistisk katolsk kultur, som ein motsetnad til ein dominerande rasisme innanfor den protestantiske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kolden har rett i at det var ein stor del av den evangeliske kyrkja som aksepterte den nazistiske undertrykkinga av jødane, og at det også var medlemer av Vedkjenningskyrkja som var, i beste fall, valne i si haldning. Det kan vere rett.

Det som interesserer oss spesielt, er at Dietrich Bonhoeffer vert dregen inn i denne samanhengen med lausrivne sitat frå skriftet sitt om kyrkja og jødespørsmålet.

Det skal syne at han med sin teologi om at staten gjev seg sjølv sine eigne lover, er med og gjev grunnlaget for svikten overfor jødane i den evangeliske kyrkja.

At Bonhoeffer ikkje står for dette, vert klårt om vi les vidare i det nemnde skriftet og vidare hjå Bonhoeffer.

Det vi no trur kunne vere interessant, er å spørje etter kva som var Bonhoeffer si haldning til jødane frå 1933 til han laut bøte med livet for si deltaking i konspirasjonen mot Hitler, motivert først av alt av forfølginga av jødane.

I denne samanhengen freistar vi å sjå på dei viktigaste stega på vegen hans.

7. april 1933 kunngjorde den nasjonalsosialistiske regjeringa under Hitler lova som stengde ikkje-ariarar ute frå embeta i staten. Etter at partiet Deutsche Christen hadde fått makta i fleire kyrkjeprovinsar, vart det frå 6. september innført «ariarparagrafar» fleire stader i den evangeliske kyrkja.

I første omgang gjaldt det at berre ariarar kunne ha embete i kyrkja. Sidan kom også kravet om at berre ariarar kunne vere medlem av kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vart i denne situasjonen skipa eit Naudssamband av prestar som protesterte mot dette kravet og erklærte med ei setning, som Dietrich Bonhoeffer anten stod bak eller formulerte:

BONHOEFFER: Når det gjeld den tradisjonelle tanken om forbanninga som ligg over jødane etter Kristus, er det grunn til å spørje om Bonhoeffer verkeleg heldt fast på ein slik tanke, skriv Arve Brunvoll.

«Eg vitnar om at med bruken av ariarparagrafen innanfor Jesu Kristi kyrkje rom er det skapt eit brot med vedkjenninga.»

I juni 1933 kom Bonhoeffer sitt skrift «Die Kirche vor der Judenfrage» («Kyrkja andsynes jødespørsmålet») på prent. Bonhoeffer ser det som ei oppsiktsvekkjande historisk hending at staten gjev særlege lover for jødane som rase.

Dette stille kyrkja overfor to problem: 1. Korleis stiller kyrkja døme om denne statlege handlinga og kva for oppgåve gjev det kyrkja, og 2. Korleis stiller kyrkja seg til dei døypte jødane i kyrkjelyden?

På grunn av det grunnleggjande synet på staten og kyrkja, som Bonhoeffer tek som utgangspunkt for svaret sitt, har han blitt diskutert og kritisert.

Det er vel eit heller tradisjonelt syn han hevdar, når han seier at staten er Guds ordning for å halde verda oppe, og at kyrkja ikkje skal gripe direkte inn i staten sine handlingar.

Det er ei borgarleg plikt for kristne samfunnslemer, saman med «humanitære» samband (Bonhoeffers uttrykk) å kritisere den «moralske» (Bonhoeffer) sida av statlege åtgjerder.

Men samstundes er det kyrkja som best veit om mandatet til staten, og som kan døme om staten si handling kan forsvarast som ei legitim statleg handling, det vil seie som ei handling som skaper rett og ordning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Applisert på jødespørsmålet tyder dette at staten sviktar når ei gruppe av statsborgarar vert rettslause.

For di kyrkja veit kva som er staten si oppgåve, og kva som er grensene for staten si handling, Ut ifrå sin betre kunnskap om staten og grensene for staten si handling, er det tre moglege kyrkjelege handlingar overfor staten:

1. Ei ansvarleggjering av staten 2. Ei teneste for offera for staten si handling. 3. Å ikkje berre binde såra til dei som fell under hjulet (til staten), men også å falle inn i eikene på hjulet (stoppe maskineriet). Dette er ein metafor som vi finn mellom anna hjå sosiologen Max Weber.

Applisert på jødespørsmålet tyder dette at staten sviktar når ei gruppe av statsborgarar vert rettslause.

Når staten vil tvinge kyrkja til å støyte døypte jødar ut av kyrkjelydane, er kyrkja in statu confessionis, det vil seie i ein situasjon der vedkjenninga forbyd kyrkja å bøye seg.

At Bonhoeffer i dette skriftet kan tale om ei statleg ordning for å «løyse jødespørsmålet» har vore eit anfektande problem for forståinga av Bonhoeffers meiningar på dette tidspunktet.

Då må vi hugse på at å «løyse jødespørsmålet» på denne tida enno kunne tyde å fastsetje jødane sin plass i samfunnet, ikkje å finne ut korleis ein best kunne utrydje dei.

Eit problem er det likeins at han på tradisjonelt vis kan tale om den forbanninga som heng over «det utvalde folket» etter krossfestinga av Jesus.

Utan å sjå til å bry seg om dette melder Jüdische Rundschau reservasjonslaust 28. juli 1933 om to protestantiske ytringar som har gjort gjeldande «religiøse innvendingar mot den tyske jødepolitikken,» ei av dei var frå Bonhoeffer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vert her referert utførleg frå Bonhoeffers skrift om dei statlege overgrepa mot jødane og dei moglege reaksjonane frå kyrkja.

Viktig for ei rett forståing av Bonhoeffer på dette tidspunktet er hans haldning til den såkalla Bethel-vedkjenninga frå teologar i Vedkjenningskyrkja.

Bonhoeffer arbeidde iherdig med på denne vedkjenninga, men tok avstand frå det endeleg resultatet på grunn av tre forandringar som vart gjort til slutt.

Teksten som tok avstand frå «det moderne raseomgrepet» vart stroken. I staden vart det tala om «sanningsinnhaldet i den moderne raselæra». Stroke vart vidare avsnittet som sa at «ikkje noko folk hadde i oppdrag å hemne mordet på Golgata på jødane.»

Av fastslåinga av at kyrkja si oppgåve var å ta parti for dei diskriminerte var det ikkje noko att.

I tesene om «Arier-paragrafen i kyrkja» frå september 1933 utfaldar Bonhoeffer det standpunktet at tilhøyrselen til kyrkja ikkje er eit spørsmål om organisasjon, men om kyrkja sin substans.«

Alt i juni diskuterte Bonhoeffer ariarparagrafen i ein konfrontasjon med Emauel Hirsch framføre 2000 studentar ved universitetet i Berlin.

Eit av dei mest kjende sitata frå Bonhoeffer er det han sa til studentane sine i den illegale teologutdanninga, truleg i 1935: «Nur wer für die Juden schreit, darf auch gregorianisch singen» («Berre den som skrik for jødane, har lov til også å syngje gregoriansk.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Natta mellom 9. og 10. november 1938 var «Krystallnatta», som starta den endelege jødeforfølginga i Tyskland. Også synagogen i Köslin, nær Bonhoeffer, brann.

Kvifor sa ikkje Bonhoeffer noko offentleg til det som hende? Andre av teologane i Vedkjenningskyrkja protesterte og synte avsky, mellom andre Hellmut Gollwitzer i Berlin.

En kan peike på at Bonhoeffer ikkje hadde nokon offentleg talarstol, der han kunne ytre seg. Meir avgjerande er vel at han med å protestere offentleg hadde drege Gestapo si merksemd mot den illegale presteutdanninga og sett dei einskilde kandidatane og heile verksemda i fare.

Viktigast var kanskje at han var medvitande om samansverjinga og omveltingsplanane frå hausten 1938. Dette ansvaret og desse bindingane stod i motsetnad til den solidariteten han skulle ha synt offentleg.

Dette dilemmaet kjende han på, og bar på skuldkjensle for.

Det er verdt å nemne at nokre av venene som var sentrale i attentatplanane mot Hitler, tok ein vågnad som dei kanskje ikkje skulle ha teke.

På grunnlag av kontaktar som Bonhoeffer frå før hadde i Sveits, greidde gruppa å smugle 14 «ikkje-ariarar» som gjorde teneste i kontraspionasjen, over grensa. Men medlemene av gruppa vart arresterte, og aksjonen vart kritisk for konspirasjonen, som likevel lukkast med ei omorganisering.

At natta med synagogebrannane gjekk hardt inn på Bonhoeffer personleg er det ikkje nokon tvil om. I bibelen han brukte, er Salme 74, 8b understreka og merkt med datoen 9. 11. 38.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er den einaste staden der ei understreking i Bonhoeffer sin bibel står med dato. Til sjuande og sist er det også liten tvil om at det var forfølginga av den jødiske delen av folket som fekk Bonhoeffer til å ta det aktive skrittet inn i den politiske samansverjinga.

Når det gjeld den tradisjonelle tanken om forbanninga som ligg over jødane etter Kristus, er det grunn til å spørje om Bonhoeffer verkeleg heldt fast på ein slik tanke.

Den 10. november 1938 kom Bonhoeffer i all hast tilbake til Berlin etter ein tur med studentar. Studentane tok til å snakke om kva «Krystallnatta» hadde å seie teologisk.

Mange av studentane snakka om «den forbanninga som hadde forfølgd jødane etter Jesu død på krossen. Ein av studentane fortalde etterpå at Bonhoeffer avviste dette kvasst og slo fast at pogromen var eit utslag av «rein vald», som berre synte nazismens «gudlause andlet.»

I 1935 hadde Bonhoeffer sagt: «Nur wer für die Juden schreit, darf auch gregorianisch singen» («Berre den som skrik for jødane, kan få syngje gregoriansk.») 29.-30. januar 1944 skriv han i fengslet om ropet til Herren i nauda (Salme 50): «Die ganze Geschichte der Kinder Israel besteht aus solchen Hilfeschreien» («Heile historia åt Israels born består av slike skrik om hjelp»).

Er ikkje dette Bonhoeffer, tru? Skriket med og for jødane?