PANIKK: Fleire hundre afghanarar sprang langs eit U.S. Air Force C-17 transportfly i fart på den internasjonale flyplassen i Kabul 16. august. Dei mest desperate klamra seg fast i flyet og fall i døden.

Den afghanske flyktningbølgja

Dagen etter at dei siste amerikanske soldatane reiste frå Afghanistan, heldt EU møte om korleis Europa kan halde afghanske flyktningar unna.

To bilete står att som symbol på den afghanske tragedien.

Det eine biletet er av generalmajor Chris Donahue. Den lysømfintlege linsa gav generalmajoren eit grønleg skjær då han vart fotografert 30. august på den internasjonale flyplassen i Kabul, på veg inn i eit lastefly.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han var den siste frå dei amerikanske styrkane som forlet afghansk jord etter eit 20 år langt oppdrag som på mange måtar framstår mislukka.

Den afghanske regjeringa fall saman som eit korthus. I løpet av elleve dagar erobra Taliban Kabul og kunne posere triumferande i presidentpalasset. Sivilbefolkninga flykta i panikk mot flyplassen og over grensene til nabolanda.

Det andre biletet som har brent seg fast, er av desperate afghanarar som klamra seg fast til eit amerikansk fly som var i ferd med å ta av frå rullebana. Så stor var panikken. Dei må ha visst at det var livsfarleg.

I kjølvatnet av statar som kollapsar, kjem flyktningbølgjer. Berre sjå på Syria, Irak og Myanmar. Eller svake statar i Afrika.

Dette veit europeiske statsleiarar, som langt frå har funne gode løysingar på å handtere dei flyktningane som alt har kome hit. Dei som har reist i båtar over Middelhavet eller funne andre vegar til Europas yttergrense. Dei som no bur i overbefolka leirar i land i Sør-Europa.

31. august, dagen etter at generalmajor Donahue og staben hans hadde kome seg trygt ut av Afghanistan, heldt EU-landa ekstraordinært innanriks- og justisministermøte. Justisminister Monica Mæland deltok for Noreg.

Målet med møtet var å drøfte konsekvensen av krisa i Afghanistan og korleis den påverkar EUs yttergrenser.

Tanken om at EU skulle gå inn for ein felles kvote for flyktningar som deretter ville ha blitt fordelt på medlemslandene, blei ifølgje NTB avvist av mektige EU-land før toppmøtet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I staden vil EU gi støtte til Afghanistans naboland for at dei skal ta seg av flyktningane, går det fram av ein uttale etter møtet.

«Uttalelsen er knyttet til viktigheten av å unngå en migrasjonsbølge», sa Mæland til NTB.

Ein går altså for ei løysing som liknar den EU fekk til med Tyrkia i samband med flyktningkrisa i 2015. Då fekk Tyrkia milliardar i støtte for å ta seg av flyktningstraumen fra nabolandet Syria.

Hovudansvaret for den ulukkelege situasjonen i Afghanistan ligg på Taliban og president Ashraf Ghanis korrupte regime, men Vesten har også sin del av ansvaret. Det ligg ein beisk ironi i dette at Noreg og resten av Europa no diskuterer korleis ein skal halde på avstand den flyktningbølgja ein har vore med på å skape.

Sjølvsagt må det leggast ein plan for korleis dei afghanske flyktningane kan hjelpast, og planen må leggast fort. Men det er ikkje bra dersom planen for dei afghanske flyktningane får preg av at Europa toar sine hender.

Det er nok å studere kartet, så ser ein at dei afghanske flyktningane ikkje får det lett i leirar i nabolanda. Afghanistan er omgitt av land som sjølve produserer flyktningar: Iran, Pakistan, Tadsjikistan, Usbekistan og Turkmenistan.

Rapportane frå leirane for syrarar i Tyrkia har vore ille. Det er ingen grunn til å tru at det blir betre i Afghanistans korrupte og autoritære naboland. Det kviler eit tungt ansvar på det internasjonale samfunnet å følgje opp flyktningane som blir plasserte i leirar i desse landa.

Det er ikkje bra dersom planen for dei afghanske flyktningane får preg av at Europa toar sine hender.

To av mange vanskelege spørsmål som krev svar, er desse: Kva ansvar har Nato-landa for dei afghanarane som no får svi for det som gjekk gale? Er dette tida for å vise noko større rausheit enn norsk innvandringspolitikk elles har bore preg av?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje sant at Nato-aksjonen i Afghanistan var heilt mislukka. Vel var situasjonen i landet ytterst vanskeleg, sjølv med Nato til stades, men mange av innbyggjarane fekk likevel ein smak av eit betre liv. Og Al-Qaida fekk ikkje det spelerommet dei elles hadde fått.

Jenter fekk gå på skule. Kvinner fekk utdanning. Helsestellet vart betre. Journalistar fekk litt større fridom. Mange fekk utvida horisonten gjennom samarbeid med utanlandske organisasjonar og statlege aktørar. Det var det militære nærværet som gjorde dette muleg.

Kanskje var framstega små og kom seint, men dei har ein verdi uavhengig av det militære nederlaget. Det er eit anna folk Taliban skal regjere over no enn sist.

Det gir håp, men håpet er avhengig av at Vesten ikkje let afghanske kvinner, journalistar, menneskerettsaktivistar, minoritetar og tidlegare samarbeidspartnarar i stikken.