PARALLELL: Eg samanliknar ikkje jihadistar og kristne fundamentalistar. Eg dreg ein parallell mellom måten grupper av truande muslimar og truande kristne bruker dei heilage skriftene sine på, skriv Helge Simonnes (biletet).

Uvettig bibelbruk

Det overraskande er at Dagen ikkje makter å sjå kva som er sjølve saka. I staden fryktar avisa at det skal gå ut over «kristne med tradisjonelle standpunkt».

Åtvaringar kan lesast på mange vis. Dagen har valt å lese mine synspunkt på fundamentalistiske kristne som « næring til fordommar». Dette er tittelen på leiarartikkelen måndag 26. oktober.

Leiarartikkelen baserer seg eit referat på Fritanke.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den første versjonen som vart lagt ut, hadde ein tittel som ikkje var dekkande. Nettstaden brukte tittelen «konservative kristne». Eg snakka om «fundamentalistiske kristne». Fritanke.no retta dette straks eg melde at tittelen ikkje var dekkande for innhaldet i referatet.

Då eg snakka om temaet på frukostmøtet til Human-Etisk Forbund (HEF), var eg nøye med å halde fram at kristne fundamentalistar ikkje tyr til vald.

I muslimske miljø finst det mange døme på at jihadistar og ekstremistar tek valden i bruk, ofte med referanse til Koranen.

Eg samanliknar ikkje jihadistar og kristne fundamentalistar. Eg dreg ein parallell mellom måten grupper av truande muslimar og truande kristne bruker dei heilage skriftene sine på.

Det er ikkje næring til fordommar når eg påpeikar denne likskapen.

Biskop Ole Chr. Kvarme var inne på noko av det same i eit føredrag han heldt ved opninga av Bispemøtet denne veka.

Les også:

Med Koranen, Bibelen og Toraen i handa, kjem det sterke og absolutte utsegner frå både muslimske, kristne og jødiske fundamentalistar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I debatten etter Kvarmes innlegg ser vi igjen denne bibelbruken. Den sjølverklærte kristensionisten Oddvar Berge seier i eit intervju med Vårt Land at det berre er éi løysing på konflikten i Midtausten. Det er Guds løysing, og Berge legg til fylgjande:

«Gud har gitt klare premisser for hvem som skal være i landet. I Bibelen er det gitt skjøter som ikke er endret».

Med ein slik inngang til problema i Midtausten, blir politiske løysingar devaluert. Det er ikkje lenger mogeleg å snakke politikk, fordi Gud – etter eit slikt syn – har bestemt.

Det er denne haldninga eg åtvarar mot. Dette handlar om bibelsyn og teologi som får store konsekvensar for politikken.

Mange vender seg bort frå Gud og bibel, når Bibelen blir brukt på denne måten. Vi må ta på alvor avstanden som blir skapt når fundamentalistar på alle sider løfter dei heilage skriftene til høgder det ikkje er grunnlag for.

Det er ingen grunn til å bli overraska over at eg som sjefredaktør i Vårt Land går laus på denne tenkinga. Det overraskande er at Dagen ikkje makter å sjå kva som er sjølve saka. I staden fryktar avisa at det skal gå ut over «kristne med tradisjonelle standpunkt».

Tek ikkje kristne med tradisjonelle standpunkt til motmæle mot fundamentalistar i alle leirer, vil det slå tilbake på alle kristne.

Les også:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Les også
Helge Simonnes om ekstremisme
Les også
Israel på dagsorden
Les også
Hvorfor konservative kristne blir skyteskive
Les også
Advarer mot kristen fundamentalisme
Les også
Næring til fordommar