OVERGREP: Ifølgje reportasjen
...
OVERGREP: Ifølgje reportasjen i Dagen skal generalsekretæren i HEF ha uttala at ho såg det som eit overgrep å få ein prest på døra. Tenk: eit overgrep! Med ein slik bruk har ordet mista si meining, skriv Hallgeir Elstad. På biletet ser vi Halvor Nordhaug, Håvard Nyhus og Kristine Mile. Foto: Trygve Opheim
Når religion blir eit problem
Del
Berre vi fjernar alle symbol, alle teikn og aktivitetar som kan minne om religion (les kristendommen), så trur vi at vi er livssynsnøytrale. Men ikkje-religion er sjølvsagt ikkje meir livssynsnøytralt enn religion er det.

Religion blir livleg diskutert. Ein kan knapt opne ei avis utan at religion på ein eller annan måte er tematisert.

Det er ikkje så lenge sidan ein trudde at religionen ville døy ut i dei vestlege samfunna, og at ein gjekk mot det religionslause samfunnet. Til overrasking for mange har dette ikkje skjedd. I staden snakkar vi om «religionen sin attendekomst» i allmenta.

Men samstundes opplever vi at religionen sin plass i det offentlege rommet i aukande grad blir problematisert. I det siste har vi hatt fleire døme på det.

Eitt døme var UDIs krav til Det norske misjonsselskap (NMS) om å fjerne alle religiøse symbol og Jesusbilete før ein leirstad i Nord-Noreg kunne nyttast mellombels til å huse flyktningar. Som flyktningmottak måtte leirstaden vere livssynsnøytral – og det trass i at leirstaden tilhøyrer ein kristen institusjon. Mange reagerte sterkt på det som vart oppfata som eit urimeleg krav frå UDI, som valde å snu i saka.

UDI måtte krype til korset  

Eit anna døme på problematiseringa av religionen sin plass i det offentlege rommet er den siste tidas debatt om feltprestar og sjukehus- og sjukeheimsprestar. I budsjettframlegget til det nye byrådet i Oslo ville ein fjerne støtta til sjukeheimsprestane. Argumentasjonen for det var at ordninga inneber ei urimeleg favorisering av eitt trussamfunn. Tenestetilboda i det offentlege må vere livssynsnøytrale. Framlegget vekte sterke reaksjonar, og byrådet snudde.

Byrådet utsetter avvikling av sykehjemsprestene  

Nyleg refererte Dagen ein debatt i Litteraturhuset i Bergen mellom Bjørgvin-biskopen og generalsekretæren i Human-Etisk Forbund (HEF) om religionen sin plass i det offentlege rommet. Dei kom fort inn på spørsmålet om prestar i forsvaret og ved sjukehusa.

Generalsekretæren i HEF argumenterte for at det må vere livssynsnøytrale samtalepartnarar i forsvaret og på sjukehusa. Dette må gjerne vere psykologar og filosofar. Ho stilte spørsmålsteikn ved kva kompetanse prestar har til å samtale med folk som ikkje trur. Framleis er det slik at prestar i Den norske kyrkja går med dødsbod, ei teneste vi gjer på vegne av samfunnet.

Ifølgje reportasjen i Dagen skal generalsekretæren i HEF ha uttala at ho såg det som eit overgrep å få ein prest på døra. Tenk: eit overgrep! Med ein slik bruk har ordet mista si meining.

– Overgrep å få en prest på døren  

Det slår meg at generalsekretæren – og byrådet i Oslo for den del – ikkje kjenner utdanninga til prestane. Prestar er teologar – dei har ei lang akademisk utdanning på linje med psykologar, medisinarar og juristar.

Det er eit problem at ein utelukkande ser prestar (og teologar) som representantar for eit trussamfunn, og ikkje tek med at vi òg snakkar om ein profesjon. Institusjonsprestane spelar ei rolle både i høve til terapi og som rådgjevarar i etiske spørsmål, slik biskopen peika på i debatten i Bergen (teologane er nemleg skolerte i etikk, nett som filosofane).

Kritikken av prestar i offentlege institusjonar som forsvaret og helsevesenet blir gjerne kopla opp mot at dette er ein arv frå at Den norske kyrkja var statskyrkje. Etter grunnlovsendringane i 2012 er ho det formelt sett ikkje lenger – rett nok er ho «Norges folkekirke» ifølgje Grunnlova – og staten har ikkje lenger ein offentleg religion.

Dette gjer det ikkje lenger rimeleg, blir det hevda, med eit særskilt presteteneste i forsvaret, ved sjukehus og sjukeheimar. Dette eine trussamfunnet – Den norske kyrkja – kan ikkje favoriserast framfor andre. Etter mitt syn representerer det ei urimeleg innsnevring og ei manglande forståing av kva prestetenesta ved slike institusjonar faktisk går ut på.

Så har vi det stridsspørsmålet som dukkar opp kvart einaste år i adventstida: skolegudstenestene. I år er det kome nye retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet som seier at det må vere aktiv påmelding for elevane for å delta i skolegudstenester og i alternative opplegg. Men reint parodisk vart det då Bærum-skolane kravde melding frå foreldra for at elevane kunne gå rundt juletreet! Kunnskapsministeren uttala at det bør vere grenser for kva skolen skal spørje foreldra om, og leiaren for kyrkje- og undervisningskomiteen åtvara skolane mot å bli «overhysteriske».

Ei slik åtvaring er det all grunn til. Juletregang, julesong og andre juleaktivitetar er kultur. Å gå til skulegudsteneste er òg kultur. Det handlar om at vi har ein tusenårig kristen tradisjon i dette landet som har prega kulturen vår like lenge. Overdriver vi jaget etter livssynsnøytralitet, er eg redd vi bokstaveleg tala kastar barnet ut med badevatnet – biletet er treffande no i adventstida!

Det er elles karakteristisk at det blir sett likheitsteikn mellom ikkje-religion og livssynsnøytralitet. Berre vi fjernar alle symbol, alle teikn og aktivitetar som kan minne om religion (les kristendommen), så trur vi at vi er livssynsnøytrale. Men ikkje-religion er sjølvsagt ikkje meir livssynsnøytralt enn religion er det.

dagensdebatt.no,religion,synspunkt,hallgeir elstad,symboler,kors,kristendom,livssynsnøytralt,udi,nms,jesus-bilder,sykehusprester