Vitskapen gjev ikkje livsmeining

Vitskapen har på sett og vis overteke religionens, særleg kristendommens, plass – trass i at det faktisk er umogleg, fordi vitskap og religion har ulike funksjonar både på det personlege planet og i samfunnet.

Forfattaren Kaj Skagen skriv ofte interessante kommentarar i nynorskavisa Dag og Tid. Han er sjølvstendig i si tenking, og går gjerne andre vegar enn det som er gjengs, og hevdar ofte verdimessige standpunkt som er politiske ukorrekte. Han utfordrar og stimulerer tanken.

Han skreiv nett (14/8) ein kommentar med utgangspunkt i romanen «Underkastelse» av den franske forfattaren Michel Houellebecq –

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tarjei Gilje hadde ei grundig melding av denne boka i Dagen for litt sidan. Romanen handlar om at Frankrike etter valet i 2022 vert omgjort frå å vera ein sekulær stat til å verta islamsk. Dette er nok lite realistisk, men det reiser ein del aktuelle problemstillingar, særleg med tanke på religionens plass i samfunnet kontra vitskapen og det sekulære.

Vitskapen har fått ein svært sentral plass i den vestlege verda i vår tid. Vitskapen har på sett og vis overteke religionens, særleg kristendommens, plass – trass i at det faktisk er umogleg, fordi vitskap og religion har ulike funksjonar både på det personlege planet og i samfunnet.

For at vitskapen skal kunna innta denne posisjonen, som går ut over det vitskap etter sin karakter er, må han få religiøs karakter. Folk må «tru» på vitskapen.

Ei slik tru fylgjer etter mi vurdering nokså naturleg og automatisk av evolusjonslæra, fordi denne har vorte eit alternativ til kristen skapartru.

Evolusjonens utgangspunkt i det som forklaringsprinsipp, må gje ei materialistisk og naturalistisk livsforståing. Den naturvitskaplege livsforståinga prøver ein å utfylla med menneskerettane, men desse treng ei djupare og meir livskraftig kjelde å ausa av enn vitskapen.

Skagen påpeikar at «vitskap og borgarrettar ikkje er eller gir livsinnhald i seg sjølv, men berre legg til rette for at einskildmenneska kan realisera seg sjølve».

«For vitskap seier noko om korleis verda er bygd opp, men kan ikkje gje menneska livsinnhald», skriv Skagen. Dette har han heilt rett i, sjølv om sekulære politikarar, universitetsfolk og kulturarbeidarar, skriv og lever som om det motsette var tilfellet.

Det er nett denne trua på vitskapen og det sekulære som gjer at religionen, særleg islam, kjem attende. Det vakuumet som den einsidige vitskapsdyrkinga skaper, opnar for og skaper trong for det autoritære, noko ein kan underkasta seg og gje seg over til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kan overgangen frå det sekulære og naturalsitiske til islam og islamisme, verta langt kortare og lettare enn ein skulle tenkja, sæleg når kristendommen er kasta på bålet eller privatisert. Samfunnet treng noko med åndskraft og livsmeining i seg, ikkje berre ei tom form som vitskapen er.

Over tid er korkje samfunn eller einskildpersonar i stand til å leva og overleva utan religion. Menneska treng noko som gjev von og meining, og samfunnet treng noko som bind saman og gjev retning. Det er ikkje vitskapen eller evlusjonslæra i stand til.

Les også
Arken er i Arendal
Les også
En ateistisk virkelighetsforståelseAnmeldt bok
Les også
Mer religion i offentligheten
Les også
Voldselementer i islam