Boken «22. juli-profetien» er skrevet av Jeremy Hoff.

Om ulukker som Guds åtvaring

I to tidlegare Innspel har eg skrive om ulike moment og argumentasjonsmåtar i tilknytting til terrorhandlinga 22. juli og boka «22. juli-profetien».

Eg vil her ta opp eit moment til, som gjeld det å forstå ulukker som Guds åtvaring til oss med tanke på omvending og frelse.

Eg har ikkje lese «22. juli-profetiene», og vil med det ikkje gje ei generell vurderinga av boka, men viser til Tarjei Giljes melding i Dagen 10/9:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vil likevel kommentera eit par hovudpunkt heilt kortfatta. Sjølv om eg ikkje heilt avviser at Gud også i vår tida kan gje profetiar om ting som skal skje, er eg nokså kritisk til slike.

Det er eit utal av døme på aktuelle profetiar som ikkje har gått i oppfylling, slik som profetiar om at Russland skal invadera Finnmark eller heile Nord-Noreg.

Slike profetiar har dessutan ein tendens til å falla saman med tidssituasjonen og analysar vi kan gjera av denne på allmenn basis. Profetiar må i det minste vera svært tydelege og offentleg uttalte før hendinga skjer, slik at dei kan etterprøvast på den faktiske situasjonen. Det er ikkje tilfellet med Utøya-terroren.

Det er ei anna sak om nokre på det personlege planet har fått ei påminning eller ei åtvaring i samband med 22. juli, til dømes at dei ikkje skal dra til Oslo denne dagen fordi det vil skje dramatiske ting der. Slike åtvaringar kjenner vi mange døme på frå misjonshistoria og hjå einskildpersonar, som det skjer andre påminningar.

Derimot kan terrorhandlinga 22. juli førast inn under det Guds ord omtalar som åtvaringar og kall til omvending. Då skjer det ikkje ut frå at dei som vart råka, hadde spesiell personleg synd eller har personleg skuld for sjølve hendinga.

Hendinga er likevel i seg sjølv ei åtvaring om at dette kan henda oss alle, og slik eit kall til omvending. Det er ikkje bibelsk grunnlag for å hevda at ungdomane på Utøya eller dei tilsette i regjeringskvartalet hadde skuld i det som skjedd ut frå personlege synder.

Ei slik kopling kan vi ikkje gjera ut frå Guds ord. Det er på eit nasjonalt nivå ein kan finna slike samanhengar, og som gjorde at kristenfolket såg siste verdskrigen som Guds tukt over det norske folket.

Det er særleg Lk 13,1-5 som lærer oss at ulukker ikkje kan tilbakeførast til personleg synd hjå dei som vert råka, men at det samstundes er ei åtvaring og eit Guds kall til omvending. Der er det referert til ei terrorhandling og ei ulukke, og spørsmålet er om dei var større syndarar dei som vart ramma, enn folk flest, slik at dei hadde skuld i det sjølve.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Nei», svarar Jesus, «men dersom ikkje de vender om, skal de omkoma på same viset alle i hop.»

Slik har ein opp gjennom tidene tolka ulukker, til dømes når folk omkom på sjøen ved forlis. Det prega gravferda og forkynninga der. Denne tonen har vore omtrent heilt fråverande i samband med 22. juli-tragedien. Adressaten er då dei som lever, ikkje dei døde.

Les også
Mer ufølsomt enn barmhjertig
Les også
Bibelkunnskap på hedersplassen
Les også
Guds straff over Norge eller villedende bibeltolkning?