KrF bør evaluera valet med utgangspunkt i kristenfolket, ikkje i profane media og sekulariserte meiningsbærarar, skriv Johannes Kleppa. Foto: Foto: Cornelius Poppe, NTB Scanpix

KrF-valet - eit mysterium?

I kommuneval er det tradisjon for at partia finn saman på kryss og tvers, men går det no ut signal om at KrF kan tenkja på same måten ved stortingsval, vil partiet smuldra enda meir opp – av historiske og ideologiske grunnar.

Kristeleg Folkeparti (KrF) gjorde eit dårlegare kommuneval enn dei fleste hadde venta, det dårlegaste sidan partiet vart riksdekkande.

Korkje endring i leiarskap eller i vedtekter har løfta partiet, tvert imot. Valresultatet står i skarp kontrast til at partiet vart utropt som vinnar av valkampen, særleg gjaldt det partileiaren sin innsats.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dessutan hadde partiet saker som ein meinte måtte gå heim hjå veljarane, slik som nei til søndagsopne butikkar og det å hjelpa desperate flyktningar.

På denne bakgrunnen uttalte Bernt Aardal, valforskar og professor i statsvitskap:

«Det er bortimot et lite mysterium hva som egentlig har skjedd.»

Andre har uttalt i seg i same leia, inkludert Dagen.

Ja, er det eit så stort mysterium?

Er det ikkje eit større mysterium at valforskarar, politiske kommentatorar og mediafolk har teke så feil?

Eller er heller ikkje det eit mysterium?

Kanskje det største mysteriet er at KrF-leiinga, og kristne media, synest å leggja så stor vekt på analysar frå profane media og sekulariserte kommentatorar og andre forståsegpåarar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette har undra meg lenge. Eg likar folk med humor, særleg sjølvironi, men eg trur ikkje den slags har mykje å seia for folks val av røystesettel!

Det sekulariserte ekspertar og synsarar meiner, svarar ofte dårleg til den faktiske situasjonen i kristenfolket. Dei lever ikkje i det som rører seg der, og difor er dei heller ikkje i stand til å vurdera kva som når heim til dei aktuelle veljarane.

Den positive vurderinga partiet, deira saker og argumentasjon får, er ofte frå personar og miljø som KrF ikkje er noko reelt alternativ for. Den som reiser ein del i Kristen-Noreg, får gjerne heilt andre signal enn dei som Media-Noreg reflekterer.

Det som er den faktiske situasjonen, er at engasjementet for partiet er langt mindre i viktige målgrupper enn det var tidlegare, og fjerninga av vedkjenningsparagrafen har medverka til det.

Det at partiet ikkje argumenterer profilert ut frå ei kristen tekning, men mest ut frå allmenne synspunkt, gjer at mange i kristenfolket ikkje finn noko særleg grunn til å stemma på partiet.

Nei til søndagsopne butikkar er inga djuptgåande kristen-ideologisk sak. Det er heller ei fagforeiningssak, som gjer Ap like aktuelt som KrF, særleg når vi ser på korleis søndagen no er i landet vårt.

Flyktningesaka er heller ikkje ei spesifikk KrF-sak, slik den dagsaktuelle situasjonen er. Eg vonar inderleg KrF får gjennomslag i begge sakene, men dei har generelt ikkje bærekraft i seg til å løfta partiet vesentleg.

I kommuneval er det tradisjon for at partia finn saman på kryss og tvers, men går det no ut signal om at KrF kan tenkja på same måten ved stortingsval, vil partiet smuldra enda meir opp – av historiske og ideologiske grunnar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KrF bør evaluera valet med utgangspunkt i kristenfolket, ikkje i profane media og sekulariserte meiningsbærarar.

Les også
Politikere lager lokale avtaler om søndagsstengning
Les også
KrF – kirke og politikk
Les også
Ytringsfrihetens kår fortsatt under pressFritt Ords honnør
Les også
SV takket nei til KrF og Ap i Bergen
Les også
KrFU-leder til venstresidens tankesmie