Garantiar for Israel

– Det er like sikkert som at det aldri kjem menneske på månen, vart det sagt for nokre generasjonar sidan. – Sikkert som banken, var ei anna utsegn. Ettertida har vist at dette ikkje var så sikkert som dei trudde, dei som sa det den gongen.

Når det gjeld Guds lovnader til Israel, er det andre ting som vert sagt. I det veldige profetiske utsyn som vert gitt i Jer 30-31 er der mange interessante og tydelege ord om den saka. Og det vert slått fast: «I dei siste dagar skal de skjøna det.» Jer 30, 23.

«Så seier Herren, som sette sola til å lysa om dagen, og lover for månen og stjernene, så dei lyser om natta... Dersom desse lovene ikkje lenger står ved lag for åsynet mitt, seier Herren, då skal og Israels ætt halda opp med å vera eit folk for mitt åsyn alle dagar.» Jer 31,35f.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

ISRAEL: Guds finger i historien

Ut frå dette veit vi at så lenge lovene for sola, månen og stjernene står ved lag, er det utvalde folket Israel heller ikkje vraka av Gud. Og dette mektige profetiske avsnittet held fram i dei følgjande versa: «Så seier Herren: Dersom ein kan mæla himmelen der oppe og granska grunnvollane til jorda der nede, då skal og eg vraka heile Israels-ætta for alt det dei har gjort, seier Herren.»

Sjølv om kunnskapen er stor i vår tid – noko som er profetert i Dan 12,4, er forskarane langt frå å kunna mæla himmelen der oppe. Det estimerte talet på stjerner i vår galakse, Mjølkevegsystemet, har endra seg mykje berre i mi levetid. Somme meiner i dag at talet er omkring tre hundre milliardar, men opererer med ein feilmargin på pluss/minus over hundre tusen millionar. Mange meiner talet på galaksar i rommet er omtrent det same som stjerner i vår galakse. Her er feilmarginen endå større. Han som har skapt himmel og jord, visste kva ord han valde då han openberra seg for profeten.

«Ja, med evig kjærleik har eg elska deg. Difor har eg late mi miskunn mot deg vara ved. Endå ein gong vil eg byggja deg, og du skal verta bygd opp att, Israel, du møy!» Jer 31,3f.

Vi som lever i dag er vitne til denne frelseshistoriske hendinga. Det som har skjedd etter andre verdskrigen, skulle fått oss menneske til å jubla over Guds truskap, sjølv om både Israel og vi ofte er trulause. – For han kan ikkje fornekta seg sjølv. 2 Tim 2,13.

Profeten har skrive dette ned seks hundre år f.Kr.: «Sjå, eg fører dei frå landet i nord og samlar dei frå ytste endane av jorda.» Jer 31,8. Han talar både om den store trengsla som skal koma over Jakob (Israel) og om deira frelse. Jer 30,7.

Den nye pakt i Jesu blod er og omtalt i dette avsnittet. Jer 31,31ff. Det som er vår redning, er og Israels håp: «For eg vil tilgje misgjerninga deira, og ikkje lenger koma synda deira i hug.» Jer 31,34.

Les også
Amerikansk gissel var IS-lederens sexslave
Les også
Vi trenger flere barn
Les også
Israels forsvarssjef ser ikke Iran som den største trusselen
Les også
Mannens kall og ansvar
Les også
Israel er tilbake på kartet til Air France