FARVEL: Qureshi innser at om han skulle ta imot Jesus som sin personlege frelsar, så er det det same som å ta farvel med mor og far, og familien, og heile bakgrunn, oppvekst og sosialt miljø. Han veit at han vil verta kalla ein svikar, skriv Paul Odland. Illustrasjonsbilde.

Lang kamp for trua

Det er lenge sidan, om det nokon gong har skjedd, at omgrepet apologetikk (trusforsvar) har vorte så fylt med meining og innhald som etter å ha lese denne boka.

Og ikkje berre det; eg sit att med ei uendeleg god kjensle av å ha vore med på ei krevjande reise; der både forfattaren og dei han har samtalt med gjennom fleire år, imponerer.

Anmeldt bok:

Søkte Allah fant Jesus

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skrevet av Nabeel Qureshi

Til norsk (frå engelsk) ved Stefan Fisher-Høyrem

Norsk utgåve 2015: Lunde Forlag,

hf.; 300 sider

Ahmadiyya

Nabeel Qureshi var muslim, fødd inn i og oppvaksen i ein trygg og harmonisk muslimsk heim. Han fortel korleis han både fekk ein sterk respekt for foreldra, for imamane, og for dei muslimsk lærde; og korleis han sjølv utvikla ein sterk lidenskap for islam. Det syntest heilt utenkjeleg at noko som helst i denne verda skulle kunna rokka ved noko av dette!

Han og familien hans høyrde til Ahmadiyya-retningen (nokon kallar den for ei muslimsk sekt). Den skil seg noko ut frå dei meir vanlege, og langt større, hovudretningane innan islam. Difor antydast det at Qureshi si forteljing kanskje ikkje er heilt typisk, i og med at han ikkje representerte hovudretninga innan islam.

Samstundes er det så mange likskapspunkt med andre retningar i islam, at Qureshi sin truskamp er svært intens og krevjande; og temmeleg typisk for det intellektuelle muslimar har opplevd og opplever som kjem til tru på Jesus – og altså svært lesverdig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje berre éi mil

Alt er altså greit så lenge Qureshi er skulegutt og tenåring. Ikkje berre greit, men omtrent idyll. Verdsbiletet er oversiktleg. Mor og far er dei trygge og nære ideala. Han har oversikten; og framtida smiler til han!

Men så veks han til, og vert student. Og kjem i kontakt med både bøker, læresetningar, fag, og ikkje minst personar, som har andre oppfatningar av eitt og anna. Lenge virkar dette berre skjerpande på Qureshi. Han står aldri fast. Har han ikkje svar sjølv, går han til foreldra, eller imamar han har tillit til, eller til muslimske bøker og tolkingar av Koranen, i nokre tilfelle direkte til Koranen.

Lesaran anar: Den som skal vinna Qureshi for Jesus, vil måtta bu seg på ein langvarig samtale, ja kamp. Her er ikkje nok å gå berre ei mil saman, men fleire!

Og slik blir det. Qureshi veks til, frigjer seg gradvis frå foreldre og familie. Og møter samstundes stadig fleire både dogmatiske, religiøse og filosofiske tankar som utfordrar han.

Bibelen og Koranen

Etter kvart meislast det ut ein hovudsamtaleperson, som er kristen; David.

Eg er imponert over han! Han er mild i forma, tålmodig til tusen; vert omtrent aldri sur eller irritert. Og samstundes passer han på å alltid utfordra Qureshi på område han veit at er vanskelege for han. Etter ei tid går det rett inn i sjel og marg på begge:

Kven var Jesus?

Døydde han verkeleg på krossen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stod han verkeleg opp frå dei døde?

Kan ein stola på Bibelen?

Er det meir enn menneskeord?

Og kva med Koranen; kva slags bok er det? Er det sant og rett alt som står der?

Var Muhammad så «feilfri» som Qureshi hadde vorte opplært til å tru?

Det er når dei kjem til somme punkt i korleis muslimske menn har rett til å ta seg til rette overfor kvinner, slavinner, at begeret renn over for Qureshi. Då blir det ikkje berre riper i den lakken som har vore på Muhammad. Men heile biletet av han fell etter kvart i grus.

Anfekting

I kristen samanheng snakkar me av og til om anfekting. No går Qureshi inn i ein langvarig periode med djup anfekting. For det meste, for ikkje å seia alt, han har stått for og trudd på, og stolt på, før i livet, raknar.

Og ikkje berre det. Men han innser at om han skulle ta imot Jesus som sin personlege frelsar, så er det det same som å ta farvel med mor og far, og familien, og heile bakgrunn, oppvekst og sosialt miljø. Han veit at han vil verta kalla ein svikar, og det er for han ein utåleleg tanke, han som har hatt eit så nært tilhøve til foreldra sine, og er så djupt takksam til dei for det dei har gjeve han gjennom heile livet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette orkar han ikkje, på den eine sida. Men han klarar heller ikkje la vera å kjempa til han finn sanninga, eller sanninga finn fram til han! Dette krysspresset er levande og eksistensielt. Spennande å lesa!

Kvar dag ein kamp

Han kjem til tru, etter kvart. Gud sender draumar til han, og gode vener, og gode kristne fellesskap. Han finn seg også ei fin jente som han vert glad i og giftar seg med. Men berre få av slektningane kjem i bryllupet.

Qureshi skriv at det første året etter at han kom til tru, var den vondaste perioden i livet! Kvar dag var ein kamp, og han opplevde grader og nivå av kjenslemessig smerte som han ikkje ante var mogleg å erfara! Kvar gong mora hans såg han, gråt ho, i to heile år etter at han kom til tru!

Boka fortel også kort til slutt om ulike slags tenester han har vorte losa inn i etter at han kom til tru.

Og boka rommar også ordliste, noteapparat og undervegs i boka mange korte og veldig nyttige faktarammer.

Dette var bra, Lunde forlag!

Les også
Slik evangeliserer de for muslimer på GrønlandOpen Air Campaigners
Les også
Trengs flere misjonærer fra Norge?
Les også
– Lidelse og misjon hører sammenMisjon og trosfrihet
Les også
– Kirken er til for misjon, som ild er til for å brenne
Les også
Advarer kristne mot yogaKerstin Wirf