STORM: Ho står i stormen og kritikken frå høgreorienterte islamfascistar og venstresosialistar, og er ikkje redd for å skrive eller seia klårt det ho meiner om eit komande samanbrot i Europa, skriv Hallgrim Berg om Hege Storhaug (biletet).

Glad i muslimar, ikkje i islamistar

Ho tek fatt i islam og islamismen – historisk, religiøst, kulturelt og politisk – og hevdar at Europa, vårt demokrati og vår levemåte, vil kunne gå under dersom islamiseringa får ekspandere på like lett måte som i dei siste tiåra.

LEDER: Fenomenet Hege Storhaugs fortjente medvind

«Jeg forstår at folk kan bli redde av å lese denne boka,» uttalte Hege Storhaug i programmet Verdibørsen i NRK sist laurdag. Ho har nettopp gitt ut si største og viktigaste bok hittil: «Islam – den 11. landeplage».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tittelen speglar seg mot Arnulf Øverland sitt oppgjer med kristendomen som den 10. landeplage i hans vidgjetne foredrag i Studentersamfundet i 1931. Det skapte debatt så det gjalla i berg og dal landet rundt.

Utan motstand

Det burde også Hege Storhaug si nye bok gjera. Det som no tek form, er ein sivilisasjonskamp. Ho tek fatt i islam og islamismen – historisk, religiøst, kulturelt og politisk – og hevdar at Europa, vårt demokrati og vår levemåte, vil kunne gå under dersom islamiseringa får ekspandere på like lett måte som i dei siste tiåra. Utan nemnande motstand frå leiarskapet i Noreg og Europa får ein beinhard og sjølvbevisst ideologi rulle fram og posisjonere seg i våre liberale og tolerante samfunn.

Eit Europa som berre hadde nokre få millionar muslimar ein mannsalder sidan, vil om ein generasjon eller to bli meir enn hundre millionar. Det betyr kulturell revolusjon og slutten på liberale verdiar, menneskerettar, frie kvinner, respekt for religiøse og seksuelle minoritetar, og så vidare. Mange vil truleg murre, men ingen kan trumfe demografien.

Glad i muslimar

Det er verdt å notere: Hege Storhaug har aldri skore dei 57 islamdominerte statane eller alle muslimar over ein kam. Dei er like samansette og ulike innbyrdes som mangfaldet av menneske i den kristne kulturkrinsen.

Men ho stiller spørsmål til oss alle: «Hva blir konsekvensen hvis Norge og Europa velger bort den kritiske fornuften overfor Europas nye religion; at vi i redsel for trusler og vold velger en åndelig kapitulasjon overfor ureformert islam?»

Hege Storhaug er glad i muslimar, men ikkje i islamistar. Som eit viktig skilje innfører ho dei pedagogiske nemningane Mekka-muslimar og Medina-muslimar.

Muslimsk tidsrekning

Mekka-muslimar er dei sekulære, moderate, fridomsorienterte, som held seg til dei milde skriftene og tolkingane frå den tida Muhammed var ein relativt mislykka predikant. Medina-muslimar refererer til dei som lever på den inspirasjonen som strålar ut frå Profeten og hans virke etter at han drog til Medina i 622 og vart ein nådelaus hærførar. «Sverdversa» i Koranen kjem frå denne krigerske perioden, der heile den arabiske halvøya vart erobra innan hans død i 632.

Det er grunn til å merke seg at den muslimske tidsrekninga ikkje startar med Profetens fødsel, men med det året han lyfta sverdet og la om til krigføring og aggressiv erobringsvilje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Islamisme og nazisme

I dag er det Medina-islam som fører an. Revolusjonen i Iran i 1979 (Ayatollah Khomeini) var eit epokegjerande vendepunkt i historia: Målet var å atterføde islams fundamentale lære og gloriøse fortid. Med dette kjem politisk islam i høgsetet, vinn fram og samlar oppslutning, stadig meir militant og brutalt, og med krav om innføring av sharia-lover, der menneska skal underkaste seg påboda frå Allah slik dei er openberra for Profeten.

BOKÅRET 2015: Svaret på sekularisering og islamisering

Islamismen har mange slåande fellestrekk med nazismen, fascismen og kommunismen; dei representerer fire sider av same totalitære tenkjemåte.

Stridande hoggestabbe

Det som gjer Hege Storhaug særleg interessant, er at ho er konkret. Ho viser samanhengen mellom islamske tekstar og korleis desse gjer seg utslag i konkret praksis alle stader der islam no pressar på. Dei enorme kunnskapane sine har ho ikkje berre tileigna seg gjennom bøker, forfattarskap og sitt virke som ein stridande hoggestabbe og folkeopplysar i Human Rights Service, men med sjølvsyn. Ingen norsk islamdebattant har gjennom tiår reist, sett og opplevd meir enn henne gjennom besøk (18 gonger i Pakistan), nærkontakt og personlege nettverk.

Råkar ei nerve

Ho står i stormen og kritikken frå høgreorienterte islamfascistar og venstresosialistar, og er ikkje redd for å skrive eller seia klårt det ho meiner om eit komande samanbrot i Europa. Ho råkar ei nerve, og blir difor lagt for hat av alle aktivistar som har interesser i den utviklinga som er i gang. Som forfattar er det for henne avgjerande å få fram stoff og kunnskap ut til folket, slik at fleire kan forstå dei prosessane som er i gang.

Denne bokmeldaren kan skjøne at det er trongt å slå gjennom med alvorlege «tankar på tvers», så lenge dei fleste intellektuelle, media og folkevalde over heile Norden er styrde av kkk-syndromet (konsensus, karriere og komfort).

Spesifikk

Boka er på 336 sider, blir ført i eit munnleg, lettlese språk, er utstyrt med 658 notar (mange svært interessante!) og inneheld litteraturliste med 40 av dei mest aktuelle titlane for dei som vil orientere seg vidare i vår tids kanskje største utfordring – den islamske ekspansjonismen (som snart kan bli meir brysam enn klima og arbeidsløyse til saman?)

Hege Storhaug er spesifikk i det ho skriv. Ho vågar å vise kva land og folk har i vente. Mot slutten av boka drøftar ho moglege «løysingar» på det som no skjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Opplysande og skremmande

Kapittelet om det sivilisatoriske samanbrotet i Malmø og Marseille – som døme på byar med tapt territorium i Europa – er opplysande og skremmande. I fleire storbyar er styresmaktene spelt ut over sidelina av innvandrarar frå den islamdominerte verda. Medborgarar er blitt motborgarar.

For å få folkeleg fart på eit livsviktig ordskifte i landet, burde opptil fleire kapittel bli sende som opplesingsserie i NRK.

Les også Vebjørn Selbekks lederartikkel i Dagen:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Anmeldt bok

Hege Storhaug

Islam – Den 11. landeplage

Kolofon forlag 2015

Les også
Fenomenet Hege Storhaug
Les også
Muslim belønnes for hilse-nekt mot sin kvinnelige sjef
Les også
Skarpe fronter på debatt om Storhaugs islambok
Les også
«Fjordman» vil nekte muslimer adgang til Europa
Les også
Islamforsker spår tomme moskeer i EuropaRauf Ceylan