Om helse, mirakel og pengar

Ope brev til Forbrukartilsynet.

Det er interessant å lese, på Forbrukertilsynet.no, kva de seier om Svein-Magne Pedersens og Tom Roger Edvardsens språkbruk. De er inne på at dei nemnde mirakelpredikantane så å seie lovar helbredelse mot betaling, og ber dei om å endre på ting innan i dag, fredag 7. desember.

Her skal eg ikkje uttale meg om desse to sakene (men takk for at de følger med!). Derimot vil eg be dykk sjå nøye på eit mirakelmiljø eg kjenner betre: Jan Hanvolds TV-kanal Visjon Norge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vil seie litt om korleis Visjon Norge marknadsfører helbredelse.

Tidleg mai 2016: Ein buss rullar omkring i Oslo-området. Nokon har klistra ein invitasjon på han: «Kom og bli helbredet!» Det er rullande reklame for mirakelmøte med Miami-apostel Maldonado. Ein kan sjå reklamebussen i Brennpunkts dokumentar «Pengepredikanten», i oktober same året.

To år tidlegare, 12. februar 2014: Jan Hanvold og co. held møte i Bergen. Hanvold sjølv held kollektpreika: Det er «viktig for deg at du (…) mikser dine bønner med et offer [pengegåve til Visjon Norge]». Bland trua og bøna med pengeoffer («såkorn»), formaner redaktør Hanvold. Då blir nemleg bøna dobbelt så effektiv. Aller helst bør du «spesifisere» såkornet. Gi det eit namn! Så spesifikt, som Hanvold kallar det. Å «gi såkornet eit namn» er å seie til Gud og kanalen at du «sår 1000 kroner for ei dame med angst», «sår inn fem julepakker for helbredelse av familiemedlem» eller liknande. Slike bønebegjær blir ofte opplest på Visjon Norge. Det å «så for helbredelse» har sjåarane lært av såkalte framgangsteologar, deriblant altså Hanvold sjølv. («Dobla bøneeffekt» har Hanvold preika fleire gonger, til dømes 18. november 2015.)

Byks bakover, til 21. november 2013. Visjon Norges finske favoritt er på lufta for å drive inn pengar. Glory Backman er namnet. Ho befaler ein bestemt sjåar å gi kanalen 20 000 kroner. Eigentleg er det Guds kommando, hevdar Backman. Og ho «ser», angiveleg på overnaturleg vis, fleire helseproblem hos TV-sjåaren.

– Men Herren kjem til å helbrede deg no, seier ho. Så befaler ho sjåaren å ringe inn og seie «her er eg, og eg vil gi 20 000!»

Menneske i krise eller vonde situasjonar kan kjenne seg sett og trøysta av ein smilande programleiar med karisma. Dei kan glede seg over kristne musikksnuttar på kanalen. Men dei kan òg bli hjernevaska, med «enkle» løysingar på livskrise og sjukdom: Pengeplanting og positiv prat. «Tiende», «offer» og lesing av hanvoldsk litteratur, som boka «Himmelsk økonomi». Eg kjenner til fleire familiar der desse tinga har gjort skade.

Kan de bremse Visjon Norges pengepreik? Gi Hanvold og staben hans ei lita lekse? Slik kan de bidra til betre vern for sårbare menneske – for eksempel manipulerte minstepensjonistar med begynnande demens ...

Takk for merksemda!

Artikkelen fortsetter under annonsen.


Beste helsing

Sigmund Voll Ådnøy

Visjon Norge-kritikar. Forfattar av Tier der andre taler, ei bok om blant anna Visjon Norge og Norge Idag

P.S. Eg har lydklipp av utsegnene på Visjon Norge 13.11.2013 og 12.02.2014.