FALSKE NYHEITER? Eg må spørje redaktørane i Norge IDAG, - tek alle andre røyster, inklusiv NRK feil, og manglar dømekraft? spør Torgeir Tønnesen. På bildet ser vi Norge IDAG-redaktør Finn Jarle Sæle. Arkivfoto: Tarjei Gilje

Avisa Norge Idag toler ikkje kritikk

Avisa har blitt radikalisert teologisk.

Fyrste veka i 2017 tar avisa Norge IDAG på lederplass opp problematikken med «falske nyheiter». Dette nye fenomenet som vi fikk for alvor i 2016 i aviser og sosiale medier. Norge IDAG viser til at NRK i 2016 spesielt har spredt tre falske nyheiter til sjåarane:

1) Ruth Gjævert som falskelig anklager Jesus Revolusjon for maktmisbruk og åndelige overgrep

Artikkelen fortsetter under annonsen.

2) Anders Torp går ut mot sin eigen far, Jan-Åge Torp, si lære, og måten guten vart behandla på i faren sin menigheit.

3) Dokumentaren om Visjon-Norge som vert anklaga av NRK for å blande kollekt-virksomheit med Jan Hanvold sine eigne eigedomsprosjekt og investeringar.

Norge I DAG sine redaktørar ser ingen nyanseforskjel i desse tre sendte programma, men alle er like ubrukelige, lygnaktige og kjetterske, etter avisa si oppfatning.

Norge IDAG viser med dette ei ekstrem haldning , - der dei avviser all kritikk, og ser på kritikk som vond, satanisk og konspirerande, imot sine eigne interesser og imot sin eigen ideologi.

Eg må spørje redaktørane i Norge IDAG, - tek alle andre røyster, inklusiv NRK feil, og manglar dømekraft?

Medan alliansen Norge IDAG og Visjon Norge har rett i alt, og Guds velsigning i ryggen? Ei slik haldning kjenner vi igjen frå dei store vonde ideologiane - frå nazismen og kommunismen. Og vi kjenner den igjen ifrå sekter vi kjenner til Jehovas vitne, mormonarar, Knutby og andre sekter opp igjennom historia.

Kva er ei falsk nyheit?

Rut Gjævert sto fram og meinte at åra hennar i Jesus revolusjon gav lite åndelig frukt, men heller gav ei dårlig psyke og helse til mange som var med i misjoneringa. Mange andre har støtta opp om hennar vitnesbyrd. Ho reknar seg framleis som truande. Kva er galt med Gjævert sitt prosjekt i VG-TV? Har ho inga rett til å seie si meining?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når ho meiner det var kadaverdisiplin, stress, og kontroll i Jesus Revolusjon, - er det ei falsk nyheit?

Har Jesus Revolusjon eit slags åndelig mandat som ikkje toler kritikk eller motseiing?

Er det berre Norge I DAG sine apostlar og profeter som kan uttale seg om kva Gud velsignar eller ikkje?

Eller er det slik at Gud velsignar kvart einaste prosjekt som vert sett i gang i Jesu namn? Er Norge I dag så naive at dei trur det?

Anders Torp hevda at det var brukt både fysiske og åndelige overgrep frå menigheita, for å oppdrage han i den rette tru, og til rette kristendomsforståing. Han vart bla halden med hovudet under vatn på ei badestrand for å «herde han som krigar i Guds rike». Er dette ei falsk nyheit? For meg er dette særs alvorlig - og gjer stor skade for Guds rike, om det er sant. Og sant er det. Men ikkje for Norge IDAG.

I NRK-dokumentaren om Visjon-Norge si milliard-inntekt på kollektar, peikar NRK på ein del saker som kan være interessante for sjåarane. For eksempel at Hanvold sit personlig med ei formue på titals,- kanskje hundretals millionar kroner og ei årslønn godt over millionen. Dette er ikkje falske nyheiter. Det er sanning. For Norge IDAG er ikkje dette noko å nemne eller snakke om, - nyheita er antikrist, ifylje Norge IDAG. Ein må for all del ikkje kritisere, men være «eitt», være snille og kjærlige med kvarandre. Det er Norge IDAG sitt retoriske spel.

Dei falske profetiane.

Om nokon av dykk ikkje skulle være klar over det, så er Norge IDAG sin redaksjon ideologisk påverka av teologi frå USA. Det same er Visjon- Norge. Påverknaden frå bøker, filmar og predikantar frå herlegdomsrørsla gjennom fleire tiår, har klart å radikalisere denne norske kristen-avisa. Vranglæra har satt seg fast og toler ikkje kritikk. Det er synd og det er trist.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei avis som kvar veke teiknar eit bilete til oss med intrykk av vekking og vekst, som faktisk ikkje eksisterer, men som er blitt eit mantra som avisa aldri klarar å slutte å repetere. Det er nesten ikkje grenser for kor mange falske profetiar denne avisa har kome med. Dei har ropt ut stor vekking i heile Europa mange gonger.

For 10 år sidan hevda dei at 300 millionar kinesarar var blitt frelste. Vi veit no at dei reelle tala dreier seg om kanskje ein brøkdel. Toppen mellom 1%-5% av befolkninga i Kina er personleg kristne.

Norge IDAG har også hylla mange pastorar opp gjennom åra, som har blitt avslørt i økonomiske og seksuelle synder, som feks David Yonggi Cho som saman med sonen ble dømd for tjuveri av pengar. Heilt sikkert uskuldig vil mange seie.

Norge IDAG hevder at ti-tusenvis, ja hundretusenvis av nordmenn har blitt frelst med hjelp av Svein Magne Pedersen og Visjon-Norge. Kvar er desse hundre-tusenar? Eg har ikkje sett noko av dei? Enda eg har vore frelst i 29 år, og kjenner til det meste som rører seg i norsk kristenliv.

Skal vi ha noko håp om vekking eller bevaring av kristentrua vår i Norge, må vi legge vekk all lygn, hykleri og vranglære elles endar vi med Guds forbanning over oss som nasjon. Gud velsignar aldri vranglære og lygn, om det enn kan sjå slik ut i våre auge- etter opplagstal og store ord frå kristne aktørar.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Les også
«Pressestøtte» til Norge Idag
Les også
Norge idag får pressestøtte likevel