DEBATT: «Mitt liv utfaldar seg på ein liten og heimleg arena. Eg må finne samanhengane i mi minnebok som fortel korleis Guds plan og meining formar min identitet», skriver Ottar Mikael Myrseth. Illustrasjonsfoto: Rod Long/Unsplash

Minne

Minnet vårt er ei kraft som formar både vår personlege og kollektive identitet. «Gjer dette til minne om meg», sa Herren då Han overrekte apostlane og Kyrkja kalken og brødet, evangeliet og fullmaktene.

Jesu mor gøymde sine minne. Ho «gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det». Sameleis har den kristne Kyrkja teke vare på sine minne og overlevert dei gjennom generasjonar. Marias minne og Kyrkja sitt minne opnar for oss vegen til djupare kjennskap til Kristus. Når vi repeterer og held oppe Kristi ord og gjerningar, finn vi vår identitet.

Siste månaden han levde gav pave Johannes Paul II ut personlege refleksjonar, eit testamente frå ein leiar med skrantande helse. I «Minne og identitet» reflekterer han over sitt livsløp, om dei mange berøringspunkt med det han kallar «vondskapens ideologiar» og kampen om kristendomens framtid i Europa. Som student møtte han nazismen, som prest og biskop kommunismen og som pave sekularismen. Dette høyrer med i hans minnebok.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi kjem ikkje unna at det gode og det vonde får vekse side om side gjennom historia. Vondskapen kan ikkje ryddast ut så lenge historia varer, men Gud har sett ei endeleg grense for han.

Europa er eit kontinent forma av kristen misjon. Det går ei linje frå då apostelen Paulus steig i land her i antikken fram til avsetjinga av Gud i opplysnings- og revolusjonstida. Vondskapen når sine høgdepunkt med dei morderiske ideologiane på 1900-talet. I dag foregår ei gjennomgripande nyforming av Europa der gamle minne vert raderte bort.

Europas kristne minne må vekkjast til live om ikkje vårt kontinent heilt skal misse sin identitet. Demokratiet er ikkje noko eintydig redning. Demokratiske prosessar kan suverent setje Guds vilje til side. Det skjedde i forkant av jødeforfølgingane, når abortlovene vart vedtekne og når vestleg grådigheit tilranar seg ressursane på jorda.

Kva betyr mi vesle historie oppi dette store perspektivet? Min oppvekst var nyskaping (fredsåra), forsaking (rasjoneringa), vellevned (velferdsstaten) og opposisjon (studentopprøret). Mi fyrste prestetid var ideologisk kamp (abortsak og politisk overstyring av kyrkja), re-evangelisering (dåpspraksis og folkekyrkje) og oppbrot (brotet med statskyrkja).

For kardinalen frå Polen som vart pave i Roma, voks dei personlege oppgåvene og det overnasjonale oppdraget saman. Mitt liv utfaldar seg på ein liten og heimleg arena. Eg må finne samanhengane i mi minnebok som fortel korleis Guds plan og meining formar min identitet.

Les også
Når staten forbyr unge å gå i kyrkja
Les også
Kallet kom mellom Cathrine og Steinar
Les også
Vil ikke tvinge trossamfunnene til å bedre kjønnsfordelingen
Les også
Ser på kartet og blinkar ut nye friskular
Les også
– Gud står bak evolusjon