– Jan Hanvold (bildet), høyr h
...
– Jan Hanvold (bildet), høyr her: Ønsker du føra kanalen vidare, men synst du har tapt for mange givarar? Då kan du selje bygningar. For eksempel Visjon gjestegård i Hokksund, Øvre Eiker. Det kan gi ei god inntekt, skriver Sigmund Ådnøy. Foto: NRK
Hokksund, we have a problem
Del
Det sterke søkelyset tvinger Visjon Norge til eitt av to. 1: Å legge ned drifta, eventuelt endre seg radikalt. 2: Å skjule seg bak «dei forfølger oss»-kortet og dure vidare.
Jan Hanvold hevdar han blir spikra på ein kross . Det har hendt at menneske er blitt krossfesta for tru på Kristus. Nokre av dei fortalte ein gjest om i VN-studio. VN lytta til Laukhammer - iallfall der og då.


Visjon Norge (VN) blir kritisert, men sjeldan for tru på Jesus, krossen eller oppstoda. Kritikk får VN for å basera seg på “lova om å så og hauste” . Kanalen får kritikk for å dra mange med seg i gjeldssirkus - årsaka av investeringar basert på kva “Gud sa” til ansvarleg redaktør. Om det då er så mykje gjeld som det blir påstått – i brev og på skjerm – av redaktørane Hanvold og Sten Klevås-Olsen – med hjelp av ord som krise og etterskot.




Hanvold, de får kritikk fordi de inviterer velstandspredikantar , gøymer dykk bak Glory Backman og lokkar med hotellopphald .




VN får kritikk for «lite rom for å stille spørsmål eller komme med konstruktiv kritikk. Slike forsøk blir tolket som Satans angrep eller spørsmålsstillerne blir stemplet som dumme,» for å sitera Bjørn Roger Rasmussens oppsummering . Rasmussen deler mange gode refleksjonar – frå ein kristen ståstad. Han skriv at Hanvold heller ikkje representerer «et unikt Guds utvalgte redskap for vår tid. Kritikk som rettes er mot ham samt Visjon Norge-virksomheten og ikke mot Gud. Han utviser (...) selvmedlidenhet, men (...) lite med empati for dem som måtte tenke annerledes (...)»




«Pårørande»?



Folk som i god tru støttar dårlege trusprosjekt: Dei er kanskje fleire enn du ante. Dei finst rundt oss: I stova, på sjukehuset, på ruta di i heimesjukepleien. Kanskje i din eigen familie? Bry deg. Si meininga di; ikkje la ting skure. Ikkje gjer narr av dei som gir til VN, men sei ifrå med omsorg og respekt. Peik på andre måtar å høyre kristen musikk, støtte Moldova eller få interessante, personlege møte med norsk kristenliv.




Til ettertanke …



15. januar 2014 skreiv Jan Hanvold dette om ein kommentar av Dagen-redaktør Selbekk (og om at Shoaib Sultan ble spaltist i helgeutgaven):
“Igjen ser vi hvor langt ut på vidda Dagen beveger seg. Hallo i Luken, hvor stupid kan du bli for fortsatt puste. Hvorfor ikke også få nazister til å debattere i Dagen, de står jo for det samme som islam. Begge grupper hater jo jøder og Israel. (...)“




Jan Hanvold (og Maxymilian Pyra) smugla ikkje berre biblar, men òg bøker av Kenneth Hagin og John Osteen , på 1980-talet. Med andre ord typisk framgangsteologisk litteratur.



Kjell Tveter , som nyleg hadde eit innlegg på DagensDebatt, er fast givar hos kanalen . Han seier at VN “ikke tier der andre tier” . VN teier der andre taler. Kor blei det av alle Facebook-innlegga frå Hanvold før 1.1.2015 – med alle kommentarar frå all slags spørrande menneske? Kvifor har kanalen aldri svart på spørsmål om Verdibanken ?



VN har mykje kontakt med Arne Lund, ein viktig person i trusrørsla. I år har han vore på kanalen 18. januar og 19. august . Lund finansierte mykje av Åge Åleskjærs og andre si tidlege predikantreising. Dette omtalte Dagens Næringsliv i si sak om “ ponzi-svindel “, Verdibanken og sentrale personar hos Oslo Kristne Senter.




Lund og Hanvold har kjent kvarandre lenge. Kor går skillet mellom forkynning og forretning, når Arne Lund i VNs direktesending vil ha deg til å gi 200 000 kroner ?




VNs Arne Pedersen hevdar at Lund “har ei profetisk teneste” . Det rimer dårleg med at Lund kalte God Invest “solid” . Og med oljeleiting i fjæra .



Ein er ikkje mot kristen einskap om ein kritiserer teologi som plagar folk. Fleire forkynnarar bør bruke høvet: Forklar kva evangeliet er – og at det ikkje har å gjera med pengeplanting og positiv vedkjenning !



Eg har eit kristent livssyn: Jesus døydde for mine – og dine – feil. Eg trur han stod opp igjen frå dei daude, at han er i Himmelen no og at han kjem att. Eg trur det mange kristne trur, nemleg at bibelordet om å “kjøpe uten pengar” (Jesaja 55,1) peikar på frelsa og nåden: Guds gåve, som er evig liv i Sonen, Jesus Kristus. Eg trur ikkje at nemnde bibelstaden gjeld eigedomskjøp ...




Kristne bør einast om å trekke opp ei grense – mot fundamentalisme og framgangsteologi. Er du med? Eller vil du at fenomen som flyeigar Maldonados ord 5. mai skal få endå større spelerom?




“Go to your phone! And say (…), ‘I am going to sow a seed.’ If God cancelled that 30 000 dollar debt, God can cancel your debt” (Studio Direkte, TV VN).



Presisering: Også eg synst det kjem sterke historier på kanalen iblant. Som historia om Geir Apolds hjarte . Det kan vekke ettertanke og takksemd.



“Open sekterisme”



I boka si “ Himmelen på forskudd? Oppgjør med framgangsteologien “ (Luther og Credo forlag 1987) sa Anders Bergem at det er “et typisk trekk ved «trosforkynnerne» at alt starter med en «sterk» person(, …). Menigheten eksisterer så å si i kraft av lederens personlighet og hans egenskaper, og lederen har i praksis det avgjørende ord i alle spørsmål av betydning» (s. 32).




Nokre konservative kristne har retta søkelyset mot kritikkverdige tilhøve hos VN. Blant desse er tankesmia Aletheia . Andréas Glandberger skriv at VN “ligger i mina ögon väldigt nära att kunna kallas sekt (...)“ . Glandberger gjer greie for standpunktet sitt på ein interessant måte. (Dagen-redaktør Selbekk er intervjua i saka.)




VN dreier seg om det eg kaller open sekterisme . Det er ikkje ei lukka forsamling, men der er likevel ein hierarkisk struktur med ein “Moses” på topp. Og kritikarar blir stempla som Guds fiendar.




Kjøp av bøn?



12. februar 2014 heldt Jan Hanvold ein kollekttale . Han las frå ellevte kapitlet av Forkynnaren:




‘Kast ditt brød på vannet, (...) Når skyene blir fulle av regn, tømmer de det ut over jorden. Som treet faller, slik blir det liggende, enten det er mot sør eller mot nord. Den som stadig akter på vinden, kommer ikke til å så, og den som stadig ser på skyene, kommer ikke til å høste.’



Hanvold tolka: Jobb eller anna du får inntekt frå , er “ditt brød“. Trygd , pensjon eller forretningar kan vera “brødet ditt”, og brødkasting er å gi pengar til VN . Då kan pengane multipliserast , forklarer VN-sjefen; “… når du sår, vil du høste.”




Det er “viktig for deg at du mikser din tro,” seier Hanvold, “og mikser dine bønner med et offer.“ Slik vil bøneeffekten doblast. Når du “spesifiserer“ “såkornet” og “gir det et navn“, “vil du få en høst på det,” konstaterer han.




Hanvold får fram at Gud kan gi deg ting av nåde , men meiner du “ikke får seier i livet ditt”

utan pengeplanting. Om alle som ringer VN, hadde sådd pengar saman med bøneemna, “hadde det hatt en effekt“ . Likevel seier han seinare i talen: “Du kan ikke kjøpe helbredelse.”




Hanvold les frå 1. Mosebok 26, vers 12-14: ‘Isak sådde korn der i landet, og han høstet hundre foll det året, for Herren velsignet ham. Han ble en mektig mann, og hans rikdom vokste stadig (...)’




Iblant seier folk til Hanvold at dei “ikkje har råd til å så” . Men nett då skal du så , seier han.




Du kan bruke “den himmelske banken“ . Der “er det ikke 3 % rente eller 2 ½ % rente. Nei, det er hundrefollbanken. Hundre foll, det er 10 000 prosent (...) ring inn til callcenteret nå! Jeg vet ikke, kanskje du vil gi en million i kveld? Ikke vet jeg. Om Gud taler til deg om å gi en million, ja vel, vær lydig og gi en million! Hvis Gud taler til deg om å gi 500 000, ja vel, gi 500 000. Hvis Gud taler til deg om å gi 100 000, ja vel, gi 100 000!»





Så langt Jan Hanvold.




Bayo Oniwinde spør også om du vil bli ein “Isak” .



Hanvold, høyr her: Ønsker du føra kanalen vidare, men synst du har tapt for mange givarar ? Då kan du selje bygningar. For eksempel Visjon gjestegård i Hokksund, Øvre Eiker. Det kan gi ei god inntekt.


Og skattekroner til Nedre Eiker kommune.