Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Eit ettertankens år

Når Gud ikkje får oss i tale gjennom sine velsigningar, får me kanskje bruk for hans hjelp når motgang og ting me ikkje meistrar, møter oss?

Det siste året har vore eit ettertankens år. Profetord har kome til meg (Mika 2,3 og Amos 5,14) og der står det: «Då skal de ikkje kunna gå med så høgreist håve, for det blir ei vond tid» – «Søk det gode – og ikkje det vonde, så får de leva»! Ei vond tid har det vore, og er!

Merkeleg med oss menneskje – me trur me har «bukt med alt». Noko som dette året har synt oss at me ikkje har.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det har på mange måtar vore eit godt og lærerikt år, med god tid til stillheit og bøn. Fokus har vore på Guds velsigning og omsorg! Dette har gitt kvile, ny kraft og hjartenaud for folk og land.

Det var, det er og blir til evig tid, Gud vår skapar som har det siste ordet! Han har full kontroll – Han er vår einaste redning!

Når me fjernar alt som har evighetsverdi. Når me tuklar med liv og død, både ved livets byrjing og slutt. Når me spottar og vanhelgar Guds ord. Ja, når me set oss i Guds stad – då lyftar Skaparen handa! Og bøna mi har vore og er: «Sjå i nåde til oss, Jesus»!

Me kan aldri bortforklara at det finst ein evighet saman med Jesus og fortaping utan Jesus! Difor vil han opna våre auge, så me ser og skjønar kor langt me komen i vår tids husholdning. Han vil i sin kjærleik, berga oss for evigheta! I dag er nådens dag – i dag er Gud å finna!

Gud har vore ufatteleg god mot Noreg. Han har aust si velsigning over oss. Dette skulle fylla oss med audmjukheit og takk! Korleis tar me imot? Ofte som noko sjølvsagt, med nye krav, misnøye og utakk!

Når Gud ikkje får oss i tale gjennom sine velsigningar, får me kanskje bruk for hans hjelp når motgang og ting me ikkje meistrar, møter oss?

Eg lærte sjølv å kjenne Jesus gjennom sorg og motgang. Han er det beste som har hendt oss! Derfor vil eg gjerne peika på Jesus. Lær Han å kjenna! Guds tanke for menneskje er alltid god.

Spørsmålet er: Om me overgjev det vonde i hans allmaktshender. Blir avhengig av Jesus! Eg veit ikkje kor lenge eg får leva, men dette ligg på hjarte mitt å sei – før eg flyttar heim!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så til ein annan tanke: Kvifor mobbar, hånar og hetsar heile verda Israel? Fordi dei var, dei er og skal vera Guds utvalde folk. Om verda vil godta dette, eller ikkje.

«Den som velsignar Israel, vil Eg velsigne – den som forbannar Israel, vil Eg forbanne», seier Herren. Det er Universets Herre som talar! Er me med i flokken som forbannar – fører me forbanning over oss, våre barn, over folk og land. Alvorleg!

«Tenk å vera så naiv og tru dette», høyrde eg eingong ein prest uttale. Vonar eg aldri blir visare – enn at eg trur dette! Israel er Guds klokke på kor langt det lid (Fikentreet Matt. 24,32).

Me har i påsken endå ein gong fylgt Jesus på hans veg til korset. Ein veg gjennom hån, spott, lygn, fornedring og pine. Og til slutt korsfesting og død.

Det var all «skitten» som bur i meg og deg – ja heile verda, Jesus betalte for! Skjønar me denne sjelekval? Kvifor? Fordi Gud tåla ikkje synd og ureinheit. Difor måtte Jesus, som var rein og utan synd, døy i vår stad.

Men det enda ikkje der, takk og lov! Påskemorgon, oppstodedagen, triumferte Frelsaren over dødens og djevelens makt ved si oppstode. Ved å proklamera seg som Sigerherre til evig tid!

Eg er ei gamal kåna, mamma, bestemor, oldemor, syster og venn, som har ein kjempestor flokk rundt meg. Dei vil eg gjerne vera saman med, heima hos Jesus!

Er du reiseklar? «Eg veit at utløysaren min lever, og som den siste – skal han stå fram på molda» (Job 19,25)!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han lever! Han lever! Den Herre Jesus Krist. Kvar dag eg får, Han med meg går og ber meg heim til sist! Han lever! Han lever! I frelsa gir meg del. Du spør meg: «Korleis veit du det?» Han lever i min sjel!