UTVINNING: I KrF er vi samde o
...
UTVINNING: I KrF er vi samde om at verdiane våre ikkje stansar ved landegrensa. Derfor kan vi ikkje halde fram som før med oljeleiting, utvinning og sal. Bildet er frå Osebergfeltet i Nordsjøen. Foto: Helge Hansen / NTB
debatt
Norsk oljeindustri kan 
omstille oss til framtida
Del
Avisa Dagen sin redaktør meiner oljepolitikk er den viktigaste saka på KrF sitt Landsmøte. Kanskje snakkar han meir strategi enn forvaltaransvar?

Ja; oljeindustrien har vore, og er, svært viktig for Norge, og ikkje minst for Vestlandet. Men vi må faktisk også kunne sjå at denne industrien har utslepps-sider som er med å øydelegg livsgrunnlaget for mange menneske. Sjølv om vi lokalt tener godt på det.

Det er heilt rett at norsk oljeproduksjon er i verdsklasse og blant den reinaste i verda. Men oljen vi tar opp og eksporterer forureinar like mykje når han vert brukt som anna olje.

Nokon opplever debatten om oljeindustrien som sår, og som ein debatt mot dei som jobbar der. Det er ei total avsporing! Vi har all grunn til å vere stolte av oljearbeidarane og den teknologiske utviklinga dei har stått for. Og det er denne kunnskapen som skal berge oss inn i nye og framtidsretta næringar.

Eg er usamd i å sette sluttdato, men skjønar ikkje motstanden mot at programkomiteen skreiv at petroleumsaktivitet på norsk sokkel går inn i ein sluttfase, og i alle fall ikkje den nye formuleringa om at petroleumsaktiviteten vil bli betydeleg redusert på sikt.

For det gjer han sjølvsagt, både fordi det minkar på funna, og fordi etterspurnaden etter fossil energi går ned. Og derfor er det så utruleg viktig at Norge klarer å omstille seg. Vi må nytte industrien sine beste hovud på omlegginga til nullutsleppssamfunnet, og vere i forkant av den utviklinga alle ser kjem.

At vi har både inntekter og kunnskap frå olja, gjer at vi er i fremste rekke til å klare det. Men då må ikkje KrF støtte lobbyen som ikkje vil ha endring. Vi må vere kloke forvaltarar, modige på klimaet og industriarbeidsplassane sine vegne og tenkje framtid.

Forvaltaransvaret er ein av grunnpilarane for KrF, noko av det vi reknar som ein kristen verdi. Og i KrF er vi samde om at verdiane våre ikkje stansar ved landegrensa.

Derfor kan vi ikkje halde fram som før med oljeleiting, utvinning og sal. Og om vi valde å gjere det, og ikkje prioritere omstilling av den dyktige industrien vår, så ville det i tillegg vere økonomisk kortsiktig, fordi framtida etterspør andre løysingar.

debatt,oljeindustri,trude brosvik