Tankar om gravferdsritualet

Bibelen lærer at det er ei evig fortaping. Denne sanninga må forkynnast i tale og skrift i håp om at kvar ei ufrelst sjel kunne vakna opp for alvoret med å vera menneske.

Livet har to utgangar, evig frelse eller evig fortaping. Fortapinga blir ofte fornekta – og lite tala over.

Ikkje eingong i gravferder er det lenger råd å høyra eit alvorsord om livets to utgangar, men den døde blir overgjeven i «Herrens hender» – til falsk trøyst for pårørande og resten av forsamlinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I døds-augneblinken fer sjela til sin tilviste plass: Anten til paradis, himmelens venterom, eller til dødsriket, helvetes venterom, også der i pine. (Luk 16:22–23). Så når presten overgjev den døde i «Herrens hender» er han altfor seint ute.

I gravferdsritualet blir det mellom anna lese: La oss høre hva den hellige skrift vitner om dette livets forgjengelighet, og om døden og dommen: «Før fjellene ble født …» (Salme 90:2–6). Og vidare: «Den time kommer da alle de som er i gravene skal høre hans røst. Og de skal komme ut, de som har gjort det gode, til livets oppstandelse, men de som har gjort det onde, til dommens oppstandelse» (Joh 5:28 f).

Dette siste har eg ikkje ein einaste gong høyrt lese av prestane i dei gravferdene eg har vore i, og det er vel det same andre stader? Altså ingen ting om døden og domen (som nemnt i gravferdsritualet, sjå over). Kvifor ikkje?

Eg trur at dette alvoret òg kan gjera ein meir redd for synda – og vera eit kall til omvending.

Les også
Biskop skeptisk til at flere velger askespredningAskespredning i Norge
Les også
Pårørende må ta avskjed på avstand
Les også
Lokal strid i Roma over mangel på gravplasser