Menneske og biologisk kjønn

Det er nokre ting som har vore sjølvsagt og udiskutabelt i alle kulturar til alle tider. Mellom dei mest sjølvsagde tinga er at alle menneske har eit biologisk kjønn, og at det er anten mann eller kvinne.

Rett nok er det nokre få som har ei subjektiv oppfatning av sitt kjønn som strir mot det biologiske, og det er nokre få som vert fødde med kjønnsorgan som avvik frå det biologisk vanlege. Dette har gitt utfordringar for dei det gjeld, men det har ikkje vore normativt eller styrande på noko måte for samfunnet. Samfunnet har alltid tenkt ut frå det biologiske.

Ser ein på historia, er det mangt som kan seiast om forholdet mellom mann og kvinne, og at kvinna ikkje har fått sin rettmessige plass i forhold til mannen. Det har likevel ikkje rokka ved det biologiske forholdet, og måten mann og kvinne slik utfyller kvarandre på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har rett nok skapt ei kvinnerørsle som gjennom ulike fasar har lagt vekt på like rettar og likestilling, og som til sist gjorde krav på kroppen på ein slik måte at fosteret vart omtalt som ein del av kvinnekroppen.

I det aller siste har vi fått ideologiske retningar som går langt ut over den tradisjonelle kvinnekampen, der det har vorte ein kamp om kjønn – og då ein kamp for å undergrava det biologiske kjønnet, og kva dette har å seia på det personlege planet, for familien og for samfunnet.

I staden for å tala om biologisk kjønn, snakkar ein no om kjønn som ein konstruksjon, altså som noko som ikkje primært er ei biologisk sak. Då har det vorte til sosialt kjønn og juridisk kjønn.

Ein kan juridisk sett velja kva kjønn ein vil ha, og då står det ikkje berre mellom mannleg og kvinneleg, men i nokre samanhengar opptrer ein med 70 alternativ! Mellom desse kan ein skifta så ofte ein vil, og då ut frå kva ein finn mest naturleg for sin del.

Når ein talar om sosialt kjønn, vert vekta i stor grad lagt på kjensler og omsorgsfunksjonen. Foreldreoppgåva vert då ikkje definert ut frå kjønn, men ut frå omsorg.

Då er ikkje poenget at barnet treng far og mor, men at dei har omsorgspersonar. Kva biologisk kjønn dei er av og kor mange dei er, vert underordna. Den biologisk basert familien vert oppløyst, og vi får ein konstruert familie.

Den kjønnstenkinga vi her kort har skissert, er for tida eit sterkt ideologisk straumdrag i Vesten, og det set sitt preg på stadig fleire område og vert dominerande. Det har sterkt feste i akademiske miljø og i politiske miljø både til høgre og venstre. Med det får det ein sentral plass i skulen og oppsedinga. Det vert også retningsgjevande for lovgjevinga, særleg familie- og barnelover, og for barnevernet.

Sjølv om denne ukjønna tenkinga no har vorte dominerande i store delar av samfunnet, går det likevel ikkje opp i praksis. Det må ein biologisk kvinnekropp til for å føda barn, same kva nemning ein måtte bruka om kjønn. Det trengst også eit biologisk mannleg kjønn til for at barn skal verta til, same kor konstruert ein måtte tenkja om kjønn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I idretten må ein også skilja mellom biologiske kjønn, om kvinner skal ha sjanse for å nå toppen. Det er forskjell på dei to biologiske kjønna både fysisk og psykisk.

Den destruktive og naturstridige kjønnstenkinga som no i stor grad har erobra samfunnet, skulen og lovgjevinga, kan kristent sett ikkje forklarast på anna vis enn ved det Herrens apostel skriv om at der folk ikkje tek mot kjærleik til sanninga, «sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur løgna». (2.Tess 2,10f).

Først publisert på Sarepta sine nettsider.

Les også
KrF tar oppgjør med radikal kjønnsideologi
Les også
Takk til Maria Zähler
Les også
Ekteskapssyn og akademisk frihet