SOLID: Kanalen har solid forankring med radio- og TV pastor Johnn R Hardang (bildet) i spissen, skriver Hallaråker.

Kanalen me har venta på

Presentasjonen av TV12 Bedehuskanalen har skapt gleda og forventning i mange leirar. Utan å seia noko negativt om dei andre kristne TV-tilboda, er det liten tvil om at det er denne sunne kanalen mange har venta og håp på.

At kanalen kjem på lufta i Hans Nielsen Hauge sitt jubileumsår, er ikkje akkurat noko minus!

Kanalen set fokus på det beste og allsidige i vårt bedehusland. Her er røter og fornying tydeleg målbore på ein glitrande måte - forkynning, bibelundervisning, diakoni og misjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her er tenkt på fokus på allsidig song og musikk som bedehusland er rik på. Her er tenkt på barn og unge så vel som vaksne og eldre. Her er ein seg sjølv ikkje nok. Vi får vita at her kjem fokus på internasjonalt arbeid og hjelp til dei fattige i verda.

Her vil dei løfta fram Israel. Vår kristne kulturarv med respekt for alle er med i kanalen sitt fokus med oppmuntring til breitt verdibasert samfunnsengasjement. Det kan bli viktig verdiforankra motkraft mot all relativisme i dagens individualistiske/ liberalistiske og intolerante åndssituasjon. Her vil dei formidla nyheiter som kanskje andre gløymer.

Kanalen rekker ut handa til mange til partnerskap og programlevering med det gode mottoet «sammen blir vi bedre». Kanalen har solid forankring med radio- og TV pastor Johnn R Hardang i spissen. Hardang har brei medieerfaring frå åra i P7. Få om nokon står ved hans side i formidlingsevne og forkynning både gjennom radio, TV og mange reiser i bedehusland.

Det er å håpa at mange i kyrkje- og organisasjonslandskapet nå nyttar høvet og knyter seg til TV12 Bedehuskanalen. Det blir eit unikt høve til å formidla det aller beste gjennom TV ruta. Så legg eg til: TV12 Bedehuskanalen må få sentral plass på bønnelista både i heim og forsamling. Dette gjeld Guds rike si framtid i vårt land.

Takk for initiativet og Guds signing.

Les også
Ny kristen tv-kanal får avdelinger over hele landet
Les også
Ukjent milliardær bak kristne tv-planerNorsk kristen-tv
Les også
Blir radiomisjonær i globalt nettverk