FOSTER: Illustrasjon av et 14 uker gammelt foster.

Definisjonen på eit menneske

Med tanke på dei ekstreme og groteske forslaga til liberalisering av abortlova den siste tida, som paradoksalt skjer i eit sivilisert og opplyst samfunn, kan det kanskje i framtida tvinga seg fram ei fokusendring i debatten om livsrett.

Med bakgrunn i den pågåande debatten om utvida abortgrenser, som har tilspissa seg no i tida før Stortingsvalet, ynskjer eg å peika på følgjande:

Er det over tid blitt slik i den politiske debatten at det ikkje er rom for å snakka om utviklinga til eit påbegynt liv og ta inn over seg eksakt kunnskap om kva som ligg bak dei ulike veketala som vert vurderte som aktuelle og forsvarlege grenser for eit abortinngrep?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me veit at eit foster som er 16–17 veker har armar, bein, indre organ og skjelett som er nesten ferdig utvikla og me veit at barnet oppfattar lydar, kan bevege seg og gripe med hendene. Endå meir utfordrande er det å vita at ved 18 veker fungerer hjernen stadig betre, noko som inneber fleire viljestyrte bevegelsar.

Men dessverre ser det ut til å vera ein stor ubalanse mellom den tida som går med til å diskutera utvida abortgrenser – og tidsbruken til drøfting av etiske problemstillingar om rettsvern for fosteret.

Med tanke på dei ekstreme og groteske forslaga til liberalisering av abortlova den siste tida, som paradoksalt skjer i eit sivilisert og opplyst samfunn, kan det kanskje i framtida tvinga seg fram ei fokusendring i debatten om livsrett.

I så fall vil truleg eit sentralt tema vera konsentrert om kva som kan kallast eit menneske. Frå eit Guds-perspektiv har denne definisjonen alltid stått fast utan å endra seg, slik det står i Bibelen. Difor ligg det eit stort ansvar bak avgjerder om menneskeverd og retten til liv i dei politiske partiprogramma.

Lat dette mana oss til bøn og bot.

Les også
Hold sykepleierne i hånda, Audun
Les også
Fosteret er et menneske uavhengig av dets vekt og lengde
Les også
KrF-er viser magen i abortprotest: – SV har hatt dette som agenda lenge