DEBATT: «Me kan trygt samarbei
...
DEBATT: «Me kan trygt samarbeida også i nattverdssamanheng med kvinnelege formidlarar. Sakramenta er ikkje avhengig og mister ikkje si kraft av måten, midlet eller formidlaren», skriv Jostein Sandsmark. Foto: Gorm Kallestad / NTB
debatt
Ja og nei til kvinnelege prestar
Del
Å nekta, avvisa fellesskap med kvinnelege prestar kan lett føra til tilstandar som er skildra i likninga om ugraset i kveiten. Jesus rådde frå å driva med ugraslugging.

Det har vore ein lang debatt mellom Oddvar Søvik og Olav Kydland m/fleire i media. Kydland held fram dei prinsipielle sidene, det opphavelege, den ideelle ordninga frå skapinga av.

Søvik ser pragmatisk på den stoda me opplever i dag – i vår syndige verd med alle våre brot og fall som me har gjort og gjer. Han ser at det er mange døme på at Gud har kalla og utrusta kvinner til å gjera ein framifrå innsats i hans kyrkje.

Eg har halla til Kydlands fløy, men ser at Søvik har nokre vektige moment i sin argumentasjon. Kven har rett? Begge. Me må makta å få eit heilskapleg syn og sameina desse synspunkta, og få til eit samarbeid for felles sak.

Kva ville Jesus ha gjort i vår situasjon? Det veit me svaret på ut frå Mark 9,40 der puritanaren Johannes kjem til Jesus og er forarga over at nokon tek seg mandat til å arbeida i Guds rike – utan å vera godkjend. Han venta sikkert ros for sin skepsis til «dei andre» og sa: «Meister, me såg at ein som ikkje var i fylgje med oss dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud han det, for di han ikkje var i fylgje med oss.»

«Flott», sa Jesus – «du står for den rette læra og vil at bodskapen blir framboren av dei som har fått mandat og har reine hender». Nei. Jesus var forbløffande positiv, raus og inkluderande då han sa: «Du skal ikkje forby … for den som ikkje er i mot oss, er med oss.»

Me kan trygt samarbeida også i nattverdssamanheng med kvinnelege formidlarar. Sakramenta er ikkje avhengig og mister ikkje si kraft av måten, midlet eller formidlaren.

Vanskelegare er det å gå i spann med dei som bryt klåre bod og bibelske føresegner. Som bispekandidaten som reiser seg frå knefallet etter å ha gjeve sitt bispeordinasjonsløfte – og proklamerer sitt hyrdeembete med å seia: «Jeg vil kjempe for de homofiles rettigheter.»

Eller den aldrande biskop som i møte med heidenskapen uttalar: «Kristendommen og islam har kjærligheten felles.» – Det er blasfemi.

Sjølv med kvinneprestar som fører ein liberal teologi, og lesbiske prestepar, er det rettast å vera venleg og omgjengeleg.

Å nekta, avvisa fellesskap med kvinnelege prestar kan lett føra til tilstandar som er skildra i likninga om ugraset i kveiten. Jesus rådde frå å driva med ugraslugging.

kvinnelige prester,oddvar søvik,olav kydland,jostein sandsmark,jesus