Bøn for Myanmar

Militærkuppet i Myanmar var eit hardt slag for eit folk som det siste tiåret har hatt ein liten smak av demokrati. Brutaliteten hæren har vist mot den folkelege motstanden, er sjokkerande.

Hæren og tryggingsstyrkane har skote for å drepa – og meir enn 600 demonstrantar har mått bøta med livet. Fleire tusen aktivistar er arresterte. Fleire av våre kontaktar i Myanmar gjekk straks i dekning. Dei fryktar for livet dersom dei vert spora opp.

Ein av dei eg har halde kontakt med, fekk først ein gøymestad i storbyen Yangon. Men venene hans i hæren åtvara – dei bad han koma seg unna. Den modige aktivisten søkte ly i Karen-delstaten, nær grensa til Thailand, med kone og to små barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hæren har hatt grepet om Myanmar det meste av tida etter at landet vart frigjort frå Storbritannia i 1948. Frå 2011 vart grepet mjuka noko opp. Aung San Suu Kyi vart sett fri frå mange år i husarrest og vart ein de facto statsminister frå 2016.

Då hæren etter kuppet møtte den massive folkelege motstanden med brutalitet, fekk mange frå den bamar-buddhistiske majoriteten også augo opp for den brutaliteten som dei etniske minoritetsfolka har vore utsette for frå hæren i mange tiår.

Demokratirørsla drøymer no om eit land der etnisk og religiøst mangfald får plass. Talsmannen i skuggeregjeringa er ein kristen frå det hardt prøvde chin-folket. Han veit kva overgrep hans og andre minoritetar har vore utsette for frå hæren si side.

Skuggeregjeringa vil skriva ei ny grunnlov basert på ein føderasjon mellom delstatane, der fleire av dei har store minoritetsgrupper som religiøst er kristne eller muslimar.

Men tragedien har også vore at ekstreme buddhistiske nasjonalistar har fyrt opp etniske og religiøse minoritetar. Systematisk hatefull propaganda har bana vegen for hærens overgrep ikkje minst mot rohingya-folket. Det er ein lang veg å gå for å få hæren til å forsvara folket framfor å angripa det – og å stagga ekstreme krefter som støttar overgrep.

Den katolske kardinalen Charles Maung Bo appellerer til kristne støttespelarar utanfor Myanmar. «Be for dei som er i fare, i fangenskap, på flukt, for såra og sørgjande.

Be for leiarane av demokratirørsla, for politiske leiarar, for religiøse og etniske leiarar», seier kardinalen og legg til: «Be om at Gud skal endre hjarto til folka i det militære, slik han gjorde med Paulus på veg til Damaskus, og hindra dei i å føra Myanmar nedover mot øydelegging.»

Kardinal Bo vil ha ei kyrkje som skaper håp: «Be for Myanmar på vandringa opp Golgata, at vi som nasjon kan få sjå oppstoda vår, vår påskefeiring, om ikkje altfor lenge.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den appellen må vi lytta til.

Les også
Norske baptister sender penger og bønner til Myanmar
Les også
Myanmar-kuppet trussel mot kristne
Les også
Bønn for verdens muslimer