Fiske: Dei hadde fullt og heilt trudd at dei skulle regjere saman med Messias. Sjølvbilete hadde rakna. Dei var jo fiskarar, båten og garna hadde dei tatt vare på. Simon Peter, høvdingen, vil ut av tomrommet. «Eg vil ut og fiska».

Då Jesus dukka opp på arbeidsplassen

I dag går det eit tog av dei som møtte Han på arbeidsplassen og vitnar om kven Han er.

«Ein ting er at eg møtte Jesus. Men at han kjende meg, det er uforståeleg.» Forordet er henta frå Charlott Rørth si bok «Jeg møtte Jesus».

Den danske journalisten var i 2008 på oppdrag for Spanske Stats Turistbyrå i fjellbyen Ubeda i Ansalusia. I ei full kyrkje, kjem ei svartkledd kone mot henne, tar henne i hendene og seier: «Du er utvalt.» Denne dagen forandra Charlotte sitt liv. Ho fekk eit Jesus-møte, ho såg Hans person. «Eg er på vei inn i ein periode av mitt liv, der eg kanskje vil miste forstand, ektemann, jobb, venner og meg sjølv.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

13 år seinare er ho ikkje ferdig med opplevinga. Det vart foredrag, TV-program, artiklar og Facebook-side. Kven er betre skikka til å formidla Jesus-opplevinga enn ein journalist?

Vi er i år 33.

Det hadde vært ein underleg og tung heimveg frå Jerusalem.

Rett nok hadde dei møtt vennen, den oppstadne Jesus. Han kom på fyrste arbeidsdagen etter høgtida. Den modige Maria Magdalena såg han fyrst. Jesu kom gjennom dei stengte dørene.

Men fiskarane kunne ikkje gi seg til i Jerusalem, dei måtte heim til familiane. Men kva skulle dei finna på? Dei hadde fullt og heilt trudd at dei skulle regjere saman med Messias.

Sjølvbilete hadde rakna. Dei var jo fiskarar, båten og garna hadde dei tatt vare på. Simon Peter, høvdingen, vil ut av tomrommet. «Eg vil ut og fiska.» Utsegna motiverte dei andre også. Garna vart kasta i sjøen i seine kveldstimar.

Men det var som om ulukka forfylgde dei. Ingen fangst. I grålysinga sette dei kursen mot land, nå fekk dei manna seg opp og møta kommentarane frå dei andre fiskarane: «Inntørka garn og tre års fråvær, de valte jo sjølv fylgja etter nasarearen!»

Men der, der på stranda stod det verkeleg ein mann, ein utan båt og garn! Nå ropa han til dei. «Har de fått noko til maten i dag, barna mine?» «…barna mine», kjente han dei?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei svare kort. «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få fisk.»

Høgre eller venstre sida på den vesle båten, det skulle vel ikkje utgjera noko? Men dei let garna gå ut.

Men kva var det? Smekkfullt med fisk like oppunder land.

Johannes er den fyrste til å hugse tre år attende: «Peter, det er Herren!»

Men Jesus var jo i Jerusalem, korleis hadde han kome hit?

Peter treiv kappa, han kunne ikkje møta Jesus naken. Hoppa i sjøen for å koma fyrst i land. Eit kort handsignal til dei andre om at dei måtte redda fisken, ja, og telja fangsten.

Då dagen rann og dei var i land, såg dei eit frukostbål, med fisk og brød rista på glørne. Kvar hadde Jesus fått maten frå?

Sist dei åt samen, var Påskemåltidet i Øvre salen, hadde Jesus gitt klare instruksar til Peter om korleis han skulle stella det til. Nå på stranda heime, denne tunge morgonen, hadde Jesus sjølv stelt til måltid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ferdig «Jesus-frukost» midt på arbeidsplassen i det dei fyrste solstrålane braut fram.

Den Oppstadne Jesus var til stades ved Tiberiassjøen også. Han var der på den svartaste natta.

Dei kvilte og Han serverte brød og fisk!

Jesus såg svolten, ikkje berre på mat, men også på oppreising.

Peter si kappe held på å tørka, den store fangsten gav han og noko å rosa seg av: Han kunne fiska! Nå kunne dei dra heim til sine.

Men Jesus ynskte ein samtale: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn fiskefangsten?»

For fyrste gong ville Jesus vita om Peter si kjensle, kva betydde mest for han: å vera ein dyktige fiskar eller ein Jesu venn?

«Ja, Herre, du veit at eg har deg kjær.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Fø lamma mine!»

Men Jesus var ikkje ferdig med utspørjinga: Han seier til han andre gongen:

«Simon Johannesson, elskar du meg?»

Peter må svare att: «Ja, Herre, du veit at eg held av deg.

Du såg at eg hoppa i sjøen for å være nær deg.»

Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!»

Den tredje heilage gongen på stranda spør Jesus fiskaren Peter: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?»

Jesus repeterer aldri våre feil, men Han vigslar arbeidsplassen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg.»

Jesus seier til han: «Fød sauene mine! Men det kostar, når du vert gamal, skal ein annan binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil. Fylg meg!»

I dag går det eit tog av dei som møtte Han på arbeidsplassen og vitnar om kven Han er.

Les også
Forkynn Jesus
Les også
Bønn for verdens muslimer
Les også
Færre søkere til norske bibelskoler