KRF: Dag Sele (biletet) prøver seg på den høgst uredelege politiske leiken med å skulde KrF for at Stortingets fleirtal nytta høvet til å akselerere utviklinga av sorteringssamfunnet, skriv Rolf Kjøde. På biletet ser vi Sele som dåverande fylkesleiar i Hordaland KrF i 2018. Foto: Marit Hommedal / NTB

Eit devaluerande «kompromiss»

Sele og Sentrum burde heve seg over den tomme retorikken til partia som søker å fråskrive seg ansvar ved å male «mørkemannen» på veggen.

Takk til Dag Sele for rask respons på frisparket mitt i Dagen. Sele forsøker 13. april å klistre meg til redaktør Selbekks tolking av Sentrum sitt program.

Eg set stor pris på Selbekk som redaktør og måten han har løfta avisa inn i den store offentlege debatten på, men eg har fleire gongar også uttrykt avstand til hans identifikasjon med ei kristen høgreside politisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det svarar ikkje historisk til haldningane i den lekmannsrørsla som eg er ein del av eller til mi plassering til venstre i KrF.

Nei, eg har rett og slett berre lese programmet til Sentrum.

Der står det at dei vil «fjerne abortnemdene, og overføre beslutningsmyndigheten til kvinnen selv og hennes fastlege. Grensen for svangerskapsavbrudd går der det er det er grunn til å anta at fosteret er levedyktig».

Å ta bort den offentlege ordninga for vurdering i saker om medisinsk naudverge og erstatte den med ein avtale mellom lege og pasient, er ei tydeleg svekking av vernet om det ufødde barnet. Sele har ikkje makta å avsanne det.

Sp si dyktige Kjersti Toppe kallar Sentrums posisjon «i beste fall tåkelegging, i verste fall liberalisering», og meiner at den skisserte ordninga liknar på fri abort fram til veke 22.

I mitt språk kallast ikkje det å løyse «eit dilemma som inkluderer to liv». Det er eit «kompromiss» som ytterlegare devaluerer vernet om barnet i mors liv. Det er det siste norsk lov treng.

Kjell Ingolf Ropstads respons på statsministeren sin invitt til gjennomslag i livsvernspørsmåla kan det tenkast ulikt strategisk om.

Eg trudde ikkje nok på realismen i det til å overtyde meg om samarbeid mot høgre, men det gjer ikkje at eg set tvil om motiva til dei som var usamde med meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Solberg vekte falske forhåpningar. At Ropstad viste engasjement for KrFs kjerneverdiar, kan han ikkje lastast for.

Sele prøver seg på den høgst uredelege politiske leiken med å skulde KrF for at Stortingets fleirtal nytta høvet til å akselerere utviklinga av sorteringssamfunnet.

Eg slit med å forstå at intellektuelle menneske argumenterer så lettvint. Sele og Sentrum burde heve seg over den tomme retorikken til partia som søker å fråskrive seg ansvar ved å male «mørkemannen» på veggen.

Les også
Ja, korleis kunne det gå så galt?
Les også
Viktige verdival i Sentrum