SAME VERDI: Ut frå vårt menneskesyn har eit foster same menneskeverd som skulebarn, studentar og arbeidsfolk, skriv Jens Thoresen.

Ufødd liv har òg verdi

Livmora er no blitt den farlegaste plassen for eit menneske å vera.

«Black lives matter», var det nye slagordet som tona i gatene i USA i fjor haust. Og det er sjølvsagt heilt rett: Svarte menneske har same verdi som alle andre, og skal dermed ha dei same rettane som alle andre.

I prinsippet er det slik, men i praksis blir dei svarte ofte handsama som andrerangs borgarar av både politi og rettsvesen. Det er lett å påvisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det er faktisk ei gruppe menneske som ikkje har same rettar som alle andre, og det er dei ufødde små menneskebarna. Dei er i praksis heilt rettslause.

Deira liv tel ikkje, og me vil gjerne i denne fråsegna peika på denne grove uretten, og ta til orde for ei radikal endring av gjeldande lov på dette område.

Tida er inne for det, for mange av dei politiske partia våre snakkar no om å innføra sjølvbestemt abort fram til veke 18. Det nye partiet Sentrum (med mange tidlegare KrF-arar) til veke 22, og Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark toppar alle med veke 24. Då snakkar me om mord også ut frå norsk juss.

Alt dette forferdar oss. Abort er spørsmål om liv eller død for små menneskebarn, og me må få sagt: me kan ikkje sjå at det finst ein einaste god grunn til å utvida retten til sjølvbestemt abort frå veke 12 til 18.

Det er som justisminister Monica Meland uttrykte det i samband med at staten no skal betala erstatning til folk som har vore utsette for skadevold: «Disse forbrytelsene representerer en direkte trussel mot folks liv og helse og krenker dermed de mest fundamentale rettsgodene i vårt samfunn.»

Ut frå vårt menneskesyn har eit foster same menneskeverd som skulebarn, studentar og arbeidsfolk, og skulle slik sett ha dei same grunnleggjande rettane som desse.

Retten til liv er den høgaste og viktigaste av alle menneskerettar. Det er sjølvinnlysande. Difor er kvinners rett til sjølvbestemt abort ytterst problematisk sidan lova set retten til liv til sides.

I tillegg finst det faktisk ikkje eitt einaste etisk system, religiøst eller sekulært her i verda, som kan rettferdiggjera ei slik lov.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lover skal baserast på sanning og rett, og det kan aldri bli rett å ta livet av skuldlause menneskebarn, og alle forsøk på nedgradera dei til noko anna enn menneske, er ei løgn.

Etter vårt syn handlar ikkje abort om likestilling eller kvinnerettar, men om barns rett til liv, framtid og velferd.

Vår tids abortpraksis er historisk sett det største brotsverket som nokon gong er retta mot menneskeslekta. Dødstala er enorme, mellom 40 og 50 millionar døde per år, dvs. like mange som dei som mista livet under den heile den andre verdskrigen.

Abort før 12. veke og abort etter 18 veker ter seg som to ulike ting for dei som er involverte i dette. Eit 18 veker gamalt foster må fødast, og når det kjem ut, blir det lagt bort for å døy.

Det gispar etter luft, men dei uferdige lungene er ikkje i stand til å ta opp oksygen og skilja ut CO2. Dødsprosessen blir overvaka av helsepersonell. Kva ord skal me bruka for dette? Barbari? Hjarteløyse?

Leiar for organisasjonen Menneskeverd, Morten Dahle Stærk, hadde den 26.november ein tankevekkande artikkel i avisa Dagen om denne saka. Der påviser han kor lett det er for oss menneske å tilpassa oss og normalisera det høgst unormale.

Heile vårt etiske instinkt seier at det er unormalt og urett å overlata eit bitte lite barn til seg sjølv. Alt i oss ropar at små, små barn treng den ytste form for omsorg.

Men når det skal gjennomførast ein seinabort, må helsepersonalet undertrykkja det sunne menneskelege samvitet sitt, prøva å manipulera det på eit vis og la det stå til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I nyttårstalen sin ved inngangen til 2020 oppmoda statsminister Erna Solberg nordmenn om å føda fleire barn. Smått om senn går det opp for politikarane i landet at skal det vera nordmenn att på jorda om eit par hundre år, må kvar kvinne føda i gjennomsnitt 2,1 barn.

I dag er talet 1,52. Svaret på dette problemet kan umogeleg vera å utvida grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Snarare burde regjeringa gå motsett veg og strama inn på den lova me har i dag, ei lov som ikkje er berekraftig. Alt for mange nordmenn hamnar rett og slett i søpla.

Ei livmor skulle vera verdas tryggaste plass for eit lite barn. Alt er på forunderleg vis laga til for det. Men livmora er no blitt den farlegaste plassen for eit menneske å vera på. 1/3 av dei som oppheld seg der blir drepne. Det er eit høgt tal.

Kronargumentet til abortforkjemparane i dag er at ei kvinne må ha rett til å bestemma over sin eigen kropp. Men at barnet ei kvinne ber er ein del av hennar eigen kropp, veit alle i dag er ei løgn, ei løgn som stadig blir repetert.

Som ein konklusjon vil me be om at alle forslag om å utvida grensa for sjølvbestemt abort på forkastast, og at den lova me har i dag blir erstatta med ei «fostervernslov», eit godt, rettferdig og sivilisert alternativ til den lova me har i dag.

(Fråsegn frå Kristkyrkja Stord mot utviding av abortgrensa. Brevet er sendt til alle partia sine stortingsgrupper.)

Les også
Kristne bør ikke støtte «Black Lives Matter»
Les også
Ensidig og unyansert om Black Lives Matter