«Rusreforma kan då rett og slett redde Ropstad (biletet) og partiet», skriv Vidar Toreid.

Slik kan KrF passere sperregrensa

Om KrF står på framlegget til regjeringa, vil partiet derimot tape mykje tillit og kred og måtte avgi mange stemmer til Frp og Sp.

KrF er på jakt etter saker som kan få Kjell Ingolf Ropstad attvald – og ikkje minst hjelpe partiet over sperregrensa på fire prosent.

Då må det vere sjølvsagt å reservere seg mot ein del av regjeringa sitt framlegg til rusreform, nemleg at det skal bli straffefritt for ungdom å bruke og oppbevare ulovlege og livsfarlege legemiddel og narkotika.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her vil partiet kunne få støtte frå langt fleire enn kjerneveljarane, spesielt frå dei som normalt vil stemme på regjeringspartnarane.

Dersom landsmøtet i Arbeidarpartiet om to veker går inn for å støtte framlegget om full avkriminalisering, vil KrF kunne tiltrekke seg mange røyster frå frustrerte Ap-veljarar i tillegg.

For mange vanlege ungdommar vil ei klekkeleg bot vere det mest effektive for å stanse ein ruskarriere, på same måten som fare for straff førebyggjer risikoåtferd i trafikken.

Mange ungdommar blir pressa til å prøve narkotika og er glade for å kunne avvise eit «gratistilbod» med argumentet at det er straffbart.

Straffefridom vil derimot sende ut signal om at narkobruk ikkje er så farleg, og det vil gjere det langt vanskelegare for politi og helsevesen å stille krav om oppfølging.

Dette vil særleg gjere ressurssvakare ungdom meir utsette, i Oslo har desse har no lågare narkobruk enn ungdommane i dei meir velståande bydelane. Avkriminalisering av bruk og oppbevaring vil og gi politiet større problem med å spore opp bakmenn og avsløre organisert kriminalitet.

KrF har framleis tid til å ombestemme seg og reservere seg mot å stemme for denne delen av rusreforma, noko som skulle vere sjølvsagt i ei sak som må vere prinsipielt viktig for partiet.

Då vil KrF vere på bølgelengde med storparten av det norske folk, der stadig fleire blir skeptiske til frislepp av narkotika.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Om KrF står på framlegget til regjeringa, vil partiet derimot tape mykje tillit og kred og måtte avgi mange stemmer til Frp og Sp.

Og motsett – om KrF lovar å stemme mot straffefridom – kan det vere saka som kan få partiet over den magiske sperregrensa på fire prosent. Rusreforma kan då rett og slett redde Ropstad og partiet!

Det ville vere pinleg for KrF om partiet i ei kjensle av solidaritet med regjeringa stemmer for straffefridom for ungdom, medan det elles så liberalistiske Framstegspartiet syner så stort ansvar for ungdommen at partiet går i mot.

Det gir heilt feil signal til ein ungdom når han straffefritt kan kjøpe, oppbevare og bruke innsmugla og livsfarlege legemiddel og narkotika, men kan få fleire tusen kroner i bot for å gløyme bilbelte, ha promille på 0,2, køyre litt for fort, eller halde mobilen i handa…

Dersom straff skal vere så skadeleg som det blir hevda, så bør vel også desse ulovlege handlingane i trafikken føre til ein pliktig samtale med ein sosialarbeidar?

Les også
Vedum ber KrF stemme mot sin egen regjering