Pengane må gå til dei som treng det

Sjefredaktør Vebjørn Selbekk har 15. mars ein leiarartikkel som går hardt ut mot bruken av norske bistandsmidlar i Kina. Er det slik at dei norske bistandsmillionane er med på finansiere og legitimere dei overgrepa Kina gjer? Eg meiner svaret på dette spørsmålet er nei.

Selbekk har mange, og etter mi meining gode, poeng når han skriv om korleis Norge og andre vestlege land er for passive til å konfrontere Kina for brot på menneskerettar og mangelen på demokrati.

Problemet er vel at Norge treng Kina meir enn Kina treng Norge. Norge treng kinesiske varer og Kina som marknad for norsk laks. Kina klarar seg greitt utan norsk laks, og me er for få nordmenn til at det monnar noko særleg å selje kinesiske varer her.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I global samanheng er Kina ein stor bistandsaktør. Dei byggjer infrastruktur i heile verda og er med på å finansiere og gjennomføre store byggeprosjekt i Asia, Afrika og Midt-Austen. Eg trur likevel at Selbekk bommar når han skriv at det ikkje er rett å bruke norske bistandspengar i Kina. Kina treng ikkje våre pengar, men bistand er mykje meir enn pengar.

Norsk misjon har i mange år hatt utviklingsprosjekt i Kina. Fleire av desse prosjekta har vore delfinansiert med midlar frå den norske stat gjennom Norad. Desse prosjekta har hatt fokus på minoritetsområde, styrking av sivilsamfunn og på å hjelpe dei mange millionar born som opplever at foreldra reiser frå dei for å finne arbeid i andre delar av Kina.

Det er pengar nok i Kina til å løyse alle desse utfordringane, men ut frå kultur og ideologi blir ikkje dette gjort.

Difor har desse prosjekta vore med på setje fokus på nokre av dei problema Kina har, og som dei i alt for liten grad tar tak i sjølv. I nokre av prosjekta har me fått til eit godt samarbeid både med lokale og provins-styresmakter, lokale organisasjonar har blitt styrka og fleire tusen omsorgspersonar som har blitt utrusta til å sjå borna på ein ny måte. Dei har lært å kommunisere med borna på deira premissar.

Pengane er ikkje hovudproblemet i Kina, men ideologi og kultur har nokre sider som gjer at sårbare personar, anten dei høyrer til minoritetsgrupper eller dei er born, ikkje får den hjelpa dei treng.

Nokre av bistandsmillionane har gått med til å setje fokus på dette og bidreg til at sivilsamfunnet kan få ei større rolle i det kinesiske systemet, eit system som i seinare år har vore svært fokusert på statleg styring. Det har vore nedgang i norsk bistand til Kina dei siste åra, men framleis er desse prosjekta positive for sårbare grupper.

Dagen har generelt vore mot boikott som middel, i alle fall når det gjeld Israel og israelske varer. Kvifor er bistandsboikott vegen å gå i relasjonen til Kina?

Eg trur at i prinsippet kan norske bistandsmidlar nyttast også i Kina. For det er også grupper i dette landet som kan hjelpast med norsk bistand!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så må det naturlegvis gjerast ei prioritering ut frå kor pengane kan gjera størst forskjell og kor dei trengst mest. Det er ein anna diskusjon, og då er det ikkje sikkert at Kina når opp.

Les også
Saman kan vi forandre
Les også
Stans bistanden til Kina
Les også
Norge avviser palestinsk bønn om vaksinedoser