«Det kan ikkje vere opp til kvar einskild prest å reservere seg frå den grunnleggjande fellesskapen ein står i saman med biskopen og dei andre prestane», skriv Vemund Øiestad og Halvor Nordhaug. Illustrasjonsfoto: Inge Gjellesvik / NTB

Framleis rom for nye prestar som held fast på det gamle synet

Ei slik ytring er ei kraftfull handling som kan smerte kvinnelige kollegaer og vere krevjande for arbeidsmiljøet, men som samstundes gjev prestar ein samvitsfridom som kyrkja kan romme. 

22 gode kyrkjemedlemer i Bjørgvin har skrive eit innlegg retta til Bjørgvin bispedømeråd og biskop med overskrifta«Det går an å snu» (Dagen, 2. mars 2021).

Brevskrivarane ønskjer at bispedømerådet og biskopen skal gå tilbake på linjevalet vårt i spørsmålet om kollegafellesskap og samarbeid mellom prestar i kyrkja vår.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både biskopen og fleirtalet i bispedømerådet har som kjent slutta seg til det samrøysta vedtaket i Bispemøtet frå 16. oktober som seier at prestar skal kunne stå i full tenestefellesskap med kvarandre i gudstenesta og nattverdfeiringa uavhengig av kjønn.

Dei 22 er opptatt av at det skal vere rom for dei prestane som framleis ønskjer å reservere seg mot ein slik tenestefellesskap.

Dei viser vidare til at prestemangelen er eit veksande problem for kyrkja, og at ein då ikkje må stengje vegen for unge prestar som legg vinn på å vera trufaste mot Guds ord i forkynning og liv.

Vi vil svare på dette ved å vise til vedtaket i Bispemøtet. Biskopane peiker her på kor viktig det er for kyrkja vår at prestetenesta er open for kvinner og menn på lik linje.

Dei seier vidare at det teologisk vurdert er ei sjølvsagt sak at prestar som gjer teneste i same kyrkje også er i fullt tenestefellesskap med kvarandre. I seg sjølv er dette neppe ein kontroversiell påstand.

Dette er då også ei vurdering som både fleirtalet i bispedømerådet og biskopen i Bjørgvin sluttar seg til.

Samstundes vil vi streke under at det framleis er rom for nye prestar som held fast på det gamle synet i dette spørsmålet, og som vil hevde dette synet offentleg.

Ei slik ytring er ei kraftfull handling som kan smerte kvinnelige kollegaer og vere krevjande for arbeidsmiljøet, men som samstundes gjev prestar ein samvitsfridom som kyrkja kan romme.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På både sider i kyrkja vår ser det ut til å vere semje om at kjønnet til ein prest ikkje bør gjerast til eit spørsmål om kyrkjesplittande vranglære.

Vi kan difor heller ikkje sjå at det finst gode grunnar for å halde seg unna fellesskapen i gudstenesta og i nattverden for dei som har det gamle synet på kvinners presteteneste.

Det kan ikkje vere opp til kvar einskild prest å reservere seg frå den grunnleggjande fellesskapen ein står i saman med biskopen og dei andre prestane.

At ein slik praksis har vore akseptert, vil vi sjå som ei tidsavgrensa unntaksordning som nok har vore naudsynt for ei tid, men som ikkje bør halde fram.

Vi kan då heller ikkje sjå at dei 22 har gjeve gode argumenter for at vi skal snu i denne saka.