REFORM: Det er behov for ein rusreform. Men ikkje den regjeringa har lagt fram, skriv Kjersti Toppe. På biletet ser vi kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) under presentasjonen av regjeringa sitt forslag til rusreform.

Avkriminalisering er ikkje svaret

Vi har ikkje råd til ein politikk der vi gamblar med auka narkotikabruk blant ungdom.

Regjering har fremma sin rusreform til behandling i Stortinget om å avkriminalisere bruk, besittelse og erverv av narkotika.

Reforma vil kunne få store konsekvensar for barn og ungdom. Senterpartiet vil at rusavhengige skal møtast med helsehjelp, ikkje straff. Det er det fullt mulig å få til, utan å avkriminalisere narkotika for alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Regjeringa hevdar at avkriminalisering ikkje fører til auka bruk. Folkehelseinstituttet påpeiker i sitt høyringssvar at påstanden er tvilsam og ikkje tilstrekkeleg vitskapeleg grunngjeve.

Dei skriv at ein slett ikkje kan utelukke at narkotikabruken i befolkninga vil auka som følgje av reforma. Liknande bekymringar kjem frå Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF), Legeforeninga, Barneombudet og Politidirektoratet.

Regjeringa hevdar at forbod verkar ikkje. Men ifølgje rapporten ESPAD 2019 er Noreg blant dei landa kor færrast av dei unge prøver eller bruker narkotika.

I Noreg gjeld dette i alt 12 prosent av gutane og 6,5 prosent av jentene. I Italia er tilsvarande tal 31 prosent og 24 prosent. I Danmark 23 prosent og 13 prosent.

Den norske modellen med ein kombinasjon av førebygging, lovforbod og alternative reaksjonar med behandling, har fungert bra når det gjeld narkotikabruk blant unge.

Regjeringa hevdar at ungdom ikkje blir meir utsett med rusreforma. Men ifølgje politiet vil avkriminalisering gjere den førebyggande innsatsen blant ungdom vanskelegare.

Helsesjukepleiarane åtvarar mot å tru at ungdom med narkotikaproblem vil bli hjelpt med eitt oppmøte på eit kommunalt kontor, slik regjeringa føreslår. Dagens verkemiddel for oppfølging av ungdom, som ruskontrakt, vil ikkje bli vidareført.

Unge vil kunne oppfatte avkriminalisering som at narkotika no blir «lovleg». Det skal vere straffefritt å bere for eksempel 2 gram kokain, 10 gram cannabis eller 0,5 desiliter GHB.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det tilsvara 80 doser med kokain og 50 doser cannabis ifølge det offentlige informasjonstilbodet «rustelefonen.no».

Samtidig skriver regjeringa vidare at det som hovudregel skal gis påtaleunnlating til personar som berer opp til 200 doser kokain eller opptil 75 doser cannabis. Det får ingen konsekvensar om ein blir tatt.

Det er behov for ein rusreform. Men ikkje den regjeringa har lagt fram. Regjeringa sin reform har ingen tiltak for betre førebygging blant barn og unge, eller betre behandling og ettervern for rusavhengige.

Senterpartiet har i Stortinget nyleg fremma forslag om ein førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet, der vi går imot generell avkriminalisering. Rusavhengige skal møtast med helsehjelp, ikkje straff.

Men vi har ikkje råd til ein politikk der vi gamblar med auka narkotikabruk blant ungdom.

Les også
– Cannabis gir lavere IQCannabis
Les også
Må kunne ta gjengene og stoppe narkotikasalget
Les også
KrFU er bekymret for konsekvensene av rusreformen