FUNDAMENT: Familiane er dei fundamentale byggeklossane i samfunnet vårt. For å skape eit berekraftig samfunn må vi skape berekraftige familiar, skriv Tore Storehaug.

Berekraftige familiar for ei berekraftig framtid

Det blir trongare framover, men det kjem til å gå bra så lenge vi investerer i dei små fellesskapa, familiane og borna.

Dei siste 30-40 åra har gitt ei velstandsutvikling i Noreg som har tatt oss heilt til topps i verda når det gjeld velstand og levekår. Oljeutvinninga har gitt oss oljefondet og mange år med høg oljepris og fallande prisar på varer vi importerer har gitt oss eit betydeleg handelsoverskot.

Mykje har gått Noregs veg dei siste tiåra. Samtidig har vi visst at ingen tre veks inn i himmelen og at det vil komma trongare tider i framtida. Vi har ikkje evig med ressursar, sjølv om det med eit stort oljefond til tider kan virke slik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ulike regjeringar har lagt fram sine Perspektivmeldingar, og alle har vore samde om at pengebruken på eit punkt må strammast inn. Skilnaden mellom dei andre regjeringane og denne, er at der andre regjeringar har peika på noko som skjer i framtida, så er vi no komme til vegskiljet der effekten byrjar å merkast. Satsingar og nye forslag må derfor framover i aukande grad dekkast inn gjennom kutt og omprioriteringar.

Sjølv om tidene blir hardare er ikkje situasjonen heilsvart. Noreg er betre stilt enn dei fleste land med eit fond på elleve tusen milliardar, ein høgt utdanna og kompetent befolkning og høg tillit i samfunnet og små forskjellar. Likevel må vi belaga oss på å jobba lenger, at fleire må i arbeid, at jobbveksten må komma i privat sektor og at vi må ha ein meir effektiv offentleg sektor enn det vi har i dag. Og vi er avhengige av å ha bærekraftige familiar.

Skal Noreg lykkast i framtida, må vi legga til rette for at barna lykkast i dag. Tidlegare perspektivmeldingar har i lita grad omtalt utviklinga til barna før fylte seks år, men med KrF i regjering blir dette omtalte skikkeleg for første gong. Det er ikkje tilfeldig. Moglegheitene våre til å lykkast som vaksne blir påverka av kva start vi får i livet. I tidleg barndom er tryggleik, omsorg og samspill med foreldre og barnehagetilsette avgjerande for utvikling og læring.

Grunnlaget for sjølvkjensle, empati og sosial og kognitiv utvikling blir lagt i småbarnsalderen. Jo tidlegare ein set inn innsatsen, desto betre blir utbytt seinare. Til dømes er det ein klar samanheng mellom ordforrådet til barn og matematiske forståing ved skulestart, og dei seinare prestasjonane deira i lesing og matematikk.

Familiane er dei fundamentale byggeklossane i samfunnet vårt. For å skape eit berekraftig samfunn må vi skape berekraftige familiar.

Å investere i barn, er å investere i framtida. Derfor prioriterer regjeringa oppveksten til barn i alt frå helsestasjonar, foreldrestøtte og inntektsstøtte til barnehage og skule. Regjeringa har auka barnetrygda for dei yngste barna og eingongsstønaden for foreldre utan rett på foreldrepengar, for å gi familiane auka økonomisk tryggleik og betre moglegheiter for godt foreldreskap.

Regjeringa har auka løyvingane til helsestasjonane og familievernet, for å gi støtte og rettleiing til foreldra og for å motverka vald, overgrep og andre forhold som er skadelege for barn. Perspektivmeldinga er en kvalifisert titt i krystallkula, men ein treng ikkje vere synsk for å vite at trygge barn skaper grunnlaget for trygge vaksne som kan bidra i samfunnet, jobbe og skape trygge samfunn.

Det blir trongare framover, men det kjem til å gå bra så lenge vi investerer i dei små fellesskapa, familiane og borna framover.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Regjeringen hyller kristne verdier i ny utredningPerspektivmeldingen
Les også
Når de offentlige utgiftene vokser mer