POSITIV: Vi håper du framleis vil vere ein positiv og brysam vaksen for alle borna og ungdomane du møter på din veg, skriv Per-Arne Lillebø og Hjørdis Almelid Vikenes. På biletet ser vi leiar Arild Knutsen (til venstre) i Foreningen for human narkotikapolitikk Arild Knutsen, leiar Kenneth Arctander Johansen i RIO Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon saman med kunnskapsintegreringsminister Guri Melby (V) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) under presentasjonen av regjeringa sitt forslag til rusreform fredag.

Du er ein positiv vaksen for mange

Vi håper du framleis vil vere ein positiv og brysam vaksen for alle borna og ungdomane du møter på din veg.

Har du tenkt på at du er ein positiv og viktig person for mange?

Ja, du ja! Du som er ein vaksen som anten har barn sjølv, eller som arbeider med barn og unge. Det viktigaste vi kan gjere for våre yngste medborgarar er at vi viser at vi bryr oss om dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Snart kjem det ei ny rusreform. Har du tenkt noko på kva den rusreforma skal innehalde? I IOGT har vi tenkt litt på det.

Vi tenkjer at det som det regjeringsoppnemnte utvalet har føreslått om korleis vi skal avkriminalisere narkotika i Norge, kan få som konsekvensar at fleire unge vil bruke narkotika. Dette forslaget går nemleg lenger enn kva ein har gjort i andre europeiske land.

Sjølv om bruk av og det å ha narkotika framleis skal vere forbode, er det i praksis ikkje føreslått nokon konsekvensar for dei som ikkje vil ta i mot hjelp frivillig.

Ungdomar kan ha store brukardosar med narkotiske stoff utan at det får andre konsekvensar enn at stoffet vert teke i frå dei viss det vert oppdaga.

Viss du vil engasjere deg i arbeidet med rusreforma, så finn du meir informasjon om det på denne lenkja: www.foreldreoppropet.no

Norsk Narkotikapolitforening (NNPF) har eit arbeid dei kallar «Bry deg». Å vere brysam i denne samanhengen er noko positivt. Dette arbeidet er med på å bevisstgjere vaksenpersonar som har kontakt med barn og unge, til å delta aktivt i oppveksten deira.

Saman med føresette og andre vaksne er målet til NNPF at barn og unge ikkje skal starte med å bruke narkotika.

Barn og unge som har trygge vaksne kringom seg, har gode støttespelarar når dei skal ta mange og viktige val i livet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Viss dei har fleire vaksne rundt seg som har ein positiv vaksenkultur, så kan det gje betre høve for å lukkast i å få gode barne- og ungdomsår. Dei unge treng eit nettverk av vaksne som kan gjere det lettare å ta dei rette vala.

Om du tenkjer at dette skulle du ha visst litt meir om, ja så går det an å ta kontakt med Norsk Narkotikapolitiforening. Dei har frivillige som reiser rundt og held gratis foredrag.

Sjekk utdenne lenkja om det eventuelt kan vere av interesse.

Vi håper du framleis vil vere ein positiv og brysam vaksen for alle borna og ungdomane du møter på din veg. Takk skal du ha for at du ser - og bryr deg om neste generasjon her i landet.