Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Minoritet i eit etter-kristent samfunn

Klassisk kristendom og majoritetshaldningar i samtida har forlatt kvarandre. Dermed kom ei ny tid for det kristne nærveret.

Eit nytt ekteskapssyn breier seg i samfunnet. Dette har på kort tid vorte allmengjort. Og det som for 15 år sidan var normalt, er blitt ekstremt.

I tråd med den nye normalen vert livsromet trongare for dei som praktiserer som før. Utslag viser seg til dømes når politikarar vurderer vilkåra for offentleg stønad til kristen verksemd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kommunar på Jæren har vore i fokus. Politikarar vil slå handa av foreiningar og organisasjonar dei reknar som avvikarar frå normalen.

Studentar utdanna på NLA vert mistenkte, vert nekta praksisplassar og får varsel om å vere uønska ved framtidige tilsetjingar.

Folk reagerer med sjokk og vantru i selskapslivet når nokon framleis hevdar at ekteskapet mellom mann og kvinne er berande norm i samlivsetikken. Kven har ansvaret for haldningsendringane?

Mange aktørar har vore aktive. Men leiinga i folkekyrkja må ta hovudansvaret. Den norske kyrkja har i generasjonar prega folkelege haldningar til kva som er sentralt kristent og kva som er avvik. På kort tid har ho snudd heilt om i sitt syn på ekteskapet.

Sidan århundreskiftet har det vakse fram eit stadig sterkare fleirtal for nytt ekteskapssyn både i bispemøtet og kyrkjemøtet. Heilt til eit samla bispemøte i 2017 stilte seg bak liturgien som opnar for kyrkjeleg vigsel av samkjønna par.

Rett nok forsvarte ein seg med at to motstridande syn skal reknast som likeverdige. Men etter som tida går, erkjenner stadig fleire sjølvbedraget i eit slikt forsøk.

Det som for 15 år sidan av dei fleste og i den folkelege opinion vart rekna som normal ekteskaps-etikk, fell no utanfor normalen og er blitt ekstremt. Med sin dominerande posisjon i Kristen-Noreg, ber Den norske kyrkja ansvar for at slike moderniseringar også trengjer inn i frikyrkjelandskapen og set standard for kva den folkelege opinionen reknar som ’normalt’.

Klassisk kristendom og majoritetshaldningar i samtida har forlatt kvarandre. Dermed kom ei ny tid for det kristne nærveret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje lenger kan kristne rekne med offentleg stønad, korkje verbalt eller økonomisk. Kyrkjeleg verksemd må omstille seg.

Tida er komen for å tenkje at vi må overleve som minoritet i eit etter-kristent samfunn. Det kan også bli tida for økumeniske strukturendringar og for å finne saman over gamle skiljelinjer.

Kanskje må også Den norske kyrkja snart lære seg å stå på eigne bein utan statsbudsjettet. Kolossar står ustøtt på leirføter.

Les også
Ber myndighetene undersøke om kristen høyskole «hindrer likeverd»
Les også
Kommentator om boikott av kristen høyskole: – Kan være veien mot et yrkesforbud