«Det har blese kalde vindar i
...
«Det har blese kalde vindar i både Stavanger og Klepp denne vinteren, der livssynsmangfaldet vert forsøkt bytta ut med meir einsretting i tanke og tru», skriv Jan Helge Aarseth. Her frå Stavanger sentrum. Illustrasjonsfoto: Adam Kuylenstierna / Alamy Stock Photo / NTB
debatt
Kalde vindar i Stavanger og på Klepp
Del
Polarfronten har brått kome oss nærar dette året.

Året då det var så kaldt. Ja, slik har almanakken allereie fått ein liten merkelapp. Klår himmel, kalde grader og snøkledde jærstrender med buktande skispor.

Dette er ikkje kvardagskost. For ikkje mange år sidan hadde bonden siste runden med forhaustaren over raigraset, på litle julaftan.

Me som er glade i vinter og ski har fått god anledning til å fryde oss i nypreparerte skiløyper, der blå-swixen leverer perfekt feste og glid. Slik kan kalde dagar gi gode pausar frå smittepress og munnbind.

Kalde grader? Det er ikkje berre polarfronten som kan gi overraskande minusgrader med «nordavind frå alle kantar». Verdiar som mange har rekna som sikre, vert i dag sett under press.

Ja, sjølv i det moderne demokratiet si høgborg, USA, kjem varsla om at fridomen er i fare. No har «ismene» ulike namn, enten det handlar om livssyn eller politiske valørar.

Likevel synes det som om dei har eit fellestrekk, og det handlar om hjarta. Dei er så kalde. Har så få smil og gode varme klapp på skuldra.

Tania Michelet har skrive ei djupt personleg bok om vegen frå Mao til Gud. Ho skildrar sin oppvekst i eit kommunistisk miljø, med skarpskodde ideologar og faneberarar. Og midt i alt dette var det noko som mangla.

Det var hjartelaust. Mangla varmen som Tanja som barn fekk glimt av hjå fiskerkonene og tante Hanna, som « alltid møtte meg med smil og åpne armer ».

Er det eit slikt samfunn me ser konturane av der framme i frostdisen ein februardag? Samfunnstoget vårt har lenge hatt faner med parolar for «menneskerettar», «mangfald», «inkludering» og «ytringsfridom».

Likevel har det no endra karakter. Frå det som tidlegare minna oss om trivelege og jublande 17. mai-tog der alle fekk vere med, til noko anna. Der me anar omen av taktfaste steg, sinte fjes og høge rop som leier vegen.

Dei som ikkje går i takt, og ikkje ser og tenkjer heilt likt, vert helst kasta ut i grøfta. Me høyrer utsegn som minner om klang av stål, heller en glad barnelatter. Skarpladde ord heller enn vakre vaiande flagg i raudt, kvitt og blått med krossmerkt sentrum.

Om alt dette berre kan skuldas Internett og dei sosiale media er usikkert. Det handlar mest om hjartelaget. For frå hjarta kjem det som bur i oss.

Polarfronten har brått kome oss nærar dette året. Me merkar det også i lokalpolitikken i fleire kommunar.

Det har blese kalde vindar i både Stavanger og Klepp denne vinteren, der livssynsmangfaldet vert forsøkt bytta ut med meir einsretting i tanke og tru.

Nokon er ynskte ut av både støtteordningar og det gode selskap. Diskrimineringsfana vert brukt til å piska dei som ein hevdar ikkje går i takt.

Meir enn noko anna står slaget om hjartelaget. Noko i lokalpolitikken tykkjest mangla både « smil og åpne armer ». Og dei som står att i kulden er barn og unge.

debatt,meninger,jan helge aarseth,tania michelet,klepp,stavanger,diskriminering