SP: Eg vil rette ein stor takk
...
SP: Eg vil rette ein stor takk til Sp sin truspolitiske talsperson Åslaug Sem-Jacobsen (biletet), som har gjort det leikande lett for mange kristne å forstå kvifor vår stemme nok ikkje bør gå til Senterpartiet når dei lener seg mot Ap og SV, skriv Knut-Erlend Rosvold. 
 Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
debatt
Trusfridom på skråplanet
Del
Eg vil rette ein stor takk til Sp sin truspolitiske talsperson, som har gjort det leikande lett for mange kristne å forstå kvifor vår stemme nok ikkje bør gå til Senterpartiet.

Ein stad i Sentral-Asia i ein nokså totalitær stat vakna gradvis mitt politiske engasjement til live.

Ikkje berre gjennom å kjenne på kroppen kva ein politistat er, men også gjennom samtaler med venner frå mellom anna USA blei eg klar over kor privilegerte me er i Norge som ikkje berre har eit vel fungerande demokrati, men me har ein reell sjanse til å påverke dersom me engasjerer oss, uansett kva samfunnslag me kjem i frå.

Eit samfunn prega av svært låg maktdistanse.

Eg hugsar veldig godt i ein periode då alle mine lokale vener viste film av Stoltenberg som køyrde taxi rundt i Oslo og snakka politikk med vanlege folk, forkledd som taxisjåfør.

Videoen gjekk viralt, og alle som viste at eg var frå Norge ville ha bekrefta at dette verkeleg var tilfelle og at dette faktisk var statsministeren på videoen. Tenk at han kunne være så nærme folket utan beskyttelse!

Denne fridommen og tilliten mellom politikarar og folket er eit kjennemerke på nordisk demokrati som er heilt unikt på verdsbasis.

Når våre gode venner som dreiv huskyrkje blei trakassert av lokalt politi i forhøyr fordi dei hadde religiøse samlingar kjente eg på ei djup kjensle av takksemd for at slik var det iallfall ikkje heime.

I skrivande stund har dette landet i Sentral-Asia gjort mange framsteg når det gjelder trusfridom og kristne møter større og større respekt i samfunnet.

Medan her heime ser det ut til å gå i litt motsett retning. Med sjokk og vantru at las eg eit av forslaga frå Senterpartiet til Stortinget i handsaminga av ny trus og livssynslov.

«Stortinget ber regjeringen forsterke tilsynet med tros- og livssynssamfunn som mottar statstilskudd – herunder inspeksjoner og uanmeldte tilsyn – for å sikre at virksomheten ikke er i strid med vilkårene for statstilskudd».

Dette er eit forslag som gjev rom for ytterligare press og mistenkeleggjering mot religiøse grupper, og med mi bakgrunn frå Sentral-Asia er det lett å sjå for seg korleis menneske i maktposisjon ein gong i framtida kan la personlege haldningar til religion få farge handsaming av ei slik lov i Norge.

Trusfridom forsvinn aldri over natta, det skjer i mange små steg som kvar for seg ikkje utgjer ein trussel, men samla sett til slutt kneblar samfunnet under styresmaktenes kontroll.

Innføring av ei slik lov er å gi hjemmel for ein type kontroll, misstillit og formyndarskap som vårt samfunn er kjenneteikna av å ikkje ha bruk for.

Det gjer meg bekymra at dette vert foreslått av Senterpartiet. Likhetstrekka med SV og Ap i det religionspolitiske er ein skremmende utvikling. Vi bør være vakne når eit sentrumsparti så tydelig velgjer slike standpunkt som tydeleg innskrenker trusfridom.

Her skin det i gjennom at dei på fleire områder høyrer godt heime på venstresida saman med SV og Ap og fører ei felles sak.

Elles i dokumentet er det foreslått av Ap å ikkje gi stønad til kyrkjer med under 500 medlemmar, noko som ville gitt enorme konsekvensar for kyrkjelivet i Norge.

Men Sp nøyer seg då altså med 100 medlemmar, sjølv dette vil ta stønad vekk frå 356 trussamfunn i Norge. Dei fleste i Bygde-Norge!

Dette er eit døme på at Sp sin retorikk om desentralisering og sterke bygdesamfunn møter seg sjølv i døra i deiras eige ideologiske fundament.

Deira populistiske agenda om desentralisering og levande bygdeliv er ført og fremst ein retorikk for å tekkast veljarar. I praktisk politikk saman med Ap og SV vil vi sjå mange utslag av meir kontroll og maktutøving frå sentralt hold.

Innskrenka fridom til individet og familiane og meir makt til staten. Her ser vi eit konkret døme på dette.

Eg vil rette ein stor takk til Sp sin truspolitiske talsperson Åslaug Sem-Jacobsen, som har gjort det leikande lett for mange kristne å forstå kvifor vår stemme nok ikkje bør gå til Senterpartiet når dei lener seg mot Ap og SV.

I KrF har kristenfolket og andre livssynssamfunn eit parti «som forstår den enorme verdien disse trossamfunnene har både for enkeltmennesket og for samfunnet», som Jorunn G. Lossius så fint skriver i sitt innlegg. 01.02.21.

Det er på tide at me finn saman på tvers av alle trussamfunn så våre mange stemmer kan bli til ei tydeleg røyst i det religionspolitiske landskapet.

knut erlend rosvold,debatt,meninger,trosfrihet,senterpartiet,sp,politikk