REGIMET: Ingen eg veit om, ville finna på å seia noko som kunne høyrast ut som at dei ønskjer at det iranske folket skal bli smitta av ein potensielt dødeleg sjukdom, skriv Johannes Morken.

Når grumset tyt ut

Pest og pandemiar får alltid fram det verste grumset. Heldigvis hadde NRK mot til å innrømma at jødehatet hadde kome til syne – på høglys dag.

Ein NRK-programleiar fekk seg til å seia om Israel at «Det er nesten som jeg skulle ønske at vaksinen ikke virket». I den grufulle tiraden mot Israel brukte han omgrepet «Guds utvalgte folk».

Innslaget vart raskt beklaga og fjerna frå nettet, som eit sleivspark over streken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Først i Kingkastingsrådet torsdag vedgjekk underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kva strek som var passert. Delar av innslaget var antisemittisme, sa dei, som NRK sterkt beklaga.

Dette kom noko seint, men godt. Jødehatet hadde dukka opp i ufyseleg forkledning – som farleg kritikk av eit land. Israel må som alle land tola kritikk. Men det er ei grense for alt.

Programleiaren stempla i tiraden sin Israel som «apartheidstat». Utan å ta diskusjonen om omgrepet: Då Sør-Afrika var apartheidstat, var det ingen apartheidmotstandar som eg veit om, som lira av seg tilsvarande gufs om folket i Sør-Afrika.

Det er mange «ræva land», dersom vi eine gongen skal bruka den sleivete språkbruken til Shaun Matheson i NRK.

Vi i Stefanusalliansen har arbeid i mange land der brutale og autoritære regime er ansvarlege for grove overgrep, eller der ekstremistar gjer overgrep som regima ikkje tek oppgjer med. Overgrepa rammar ofte religiøse minoritetar.

Men i både Iran, Saudi-Arabia og Pakistan er det regima eller valdelege ekstremistar som må tola kritikken.

Ingen eg veit om, ville finna på å seia noko som kunne høyrast ut som at dei ønskjer at det iranske folket skal bli smitta av ein potensielt dødeleg sjukdom. Folket i Iran skal verken svara for eller døy for overgrepa til regimet.

Det vi opplevde i tilfellet NRK var at grumset frå ei farleg kjelde kom til overflata. Eit heilt land vart demonisert og eit heilt folk blei dehumanisert. Det er livsfarleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når virus spreier frykt og død, er dei som frå før er uglesett og forakta, ekstra ille ute. Det er enklare å gå etter sårbare grupper når samfunnet sjølv er sårbart.

Vi har sett mykje av dette det siste året. Tidleg i pandemien, i slutten av mars i fjor, publiserte den italienske målaren Giovanni Gasparro det nyaste måleriet sitt: «Sankt Simon av Trents martyrdom ved jødisk rituelt drap».

Det var bygt på ein gamal myte frå 1400-talet om Simon av Trent, den løgnaktige myten om at jødane drap kristne barn og drakk blodet deira.

Midt i stigande dødstal i Italia, då landet var episenter med etterkvart fulle likhus, kom altså eit kunstverk som spelte på ei eldgamal løgn, ein myte som gjennom hundreåra var brukt til å skapa hat og frykt.

Det vart ikkje minst lagt merke til korleis målaren framheva jødane. Dei stod der med lange nasar, blod i blikket, med skarpe knivar.

Eit samfunn i krise treng nokon å retta frykta mot. Gasparro møtte kritikk. Men han møtte diverre også heiarop.

Rundt i ei rekkje land har vi sett korleis pandemien har fått fram gamalt gufs og hat mot grupper – som i sine land er minoritetar.

Det har vore mange døme på diskriminering ved utdeling av naudhjelp. Hatet har dessutan slått ut i jakt på syndebukkar og somme stader i rein hatkriminalitet. Religiøse minoritetar er blitt diskriminerte – og undertrykte. Virusfrykta er brukt til å styrkja undertrykkinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har ein stad ramma muslimar, ein annan stad kristne og ein tredje stad hinduar. Det har skjedd i land som India, Pakistan og Kina. Dei som frå før er stempla som trugsmål mot majoriteten eller mot regimet, er blitt brukte som skyteskiver.

Det var avgjerande for NRK og for det norske samfunnet at NRK ope vedgjekk at den grensa som var passert, ikkje berre var eit sleivspark for eit ungt og rocka publikum. Det var ei farleg grense, over i antisemittismen.

Saka har ein viss parallell til ein kronikk forfattaren Jostein Gaarder skreiv i Aftenposten 2006. Den verdskjende forfattaren klistra beinhard Israel-kritikk til «Guds utvalde folk».

I ettertid beklaga han kronikken, som «tankeløse og tvetydige» formuleringar. Somme meinte at dette var for lite og for seint. Men erkjenninga var likevel viktig.

Kvar gong grensa mot det dehumaniserande vert passert, som i tilfellet NRK, er det ei plikt å seia tydeleg frå – og å tydeleg erkjenna. Ord kan vera farlege.

Les også
Sterk innrømmelse av jødehat
Les også
Over 500 klager på P13-innslaget med Israel-tirade
Les også
NRK-ledelsen innrømmer antisemittisme
Les også
Den israelske ambassaden klager NRK inn for PFU
Les også
Raja fordømmer ikke NRKs Israel-tirade
Les også
Jeg er enig i at formuleringene er antisemittiske