DEBATT: «Sjølv om både Bonde T
...
DEBATT: «Sjølv om både Bonde Tusvik, Tufte Johansen og Matheson kan dekke seg bak at det er ein politisk nasjon dei har kasta dritt mot, er denne rekka av såkalla underhaldning grovt stigmatiserande og råkar den jødiske identiteten», skriv Rolf Kjøde. Foto: Privat
frispark
Antisemittisme 
i statskanalen
Del
NRK si toppleiing har ein stor oppryddingsaksjon å gjere: be om orsaking heilt utan vilkår, sett ei klar grense mot spreiing av hatytringar, og ta mikrofonen frå dei som ikkje klarer å «underhalde» utan.

Eg skriv nesten aldri offentleg om Israel. Den politiske og historiske situasjonen er så uoversiktleg at eg til tider syns det er for vanskeleg å manøvrere. Det offentlege ordskiftet er altfor prega av einsidige perspektiv av sympati og antipati.

Då nokre av oss spurte rabbinar og politikar Michael Melchior i Jerusalem for om lag ti år sidan korleis kristne kan bidra til forsoningsarbeid i Israel, uttrykte han sterk tvil. «Mange vestlege, liberale kristne synes meir palestinske enn palestinarane i Det heilage landet, og mange vestlege sionistiske kristne meir sionistiske enn ein vanleg israelar. Ingen av delane er noko særleg hjelp i den nødvendige dialogen i landet.»

Likevel vil eg ytre meg, fordi nokon onsdag denne veka, under dekke av å hate Israel – som for nokre er edelt, kolporterte gammal antisemittisme – i eit mediehus som eg finansierer.

Eg startar ein dag tidlegare. Då såg eg filmen «Den største forbrytelsen» på kino. Via ganske nær historie kan den hjelpe oss til eit grunnleggande oppgjer med antisemittismen. Under krigen gjekk vanlege nordmenn nazismens ærend. At politiinspektør Knut Rød ikkje blei dømt i krigsoppgjeret for å ha organisert utsendinga av 532 jødar med skipet Donau er av dei større rettsskandalar i landets historie.

Antisemittismen er igjen i framvekst, ikkje berre ytst til høgre og venstre og i nokre muslimske miljø, men midt i kulturen. Vi bør skjelne kritikk mot Israel som politisk stat frå antisemittiske uttrykk. Samtidig må vi merke oss det enorme hatet mot den vesle staten som skal beskytte verdas jødar, når FN i 17 av 23 resolusjonar fordømte Israel i 2020. Fleire europeiske land var anstendig nok til ikkje å støtte mykje av dette. Norge var ikkje mellom dei. Det reflekterer haldningar i leiande kretsar i landet vårt, og det skaper haldningar utover mellom folk. Kvar var resolusjonane mot Kina, Tyrkia, Iran og Saudi-Arabia?

Denne veka har NRK på nytt trakka skikkeleg uti det, og verre enn vi har vore vitne til tidlegare. I rammer av såkalla underhaldning fekk Shaun Henrik Matheson boltre seg med hatprega utsegner. Om Israels suksess i vaksinasjonen av det han hånleg adresserer som «Guds utvalgte folk» seier han at han nesten «skulle ønske at vaksinen ikke virket». For å nøytralisere Israels suksess understrekar han to gongar: «Vi må bare aldri glemme hvor rævva Israel er. Det er sykt viktig at vi aldri glemmer det.» Innslaget blei tatt av nettet etter massive protestar.

Mot slik utilslørt vondskap klarer statskanalens underhaldningssjef, Charlo Halvorsen, berre å seie at «[d]et er bare å beklage. Dette var et sleivspark i en direktesending, og han gikk over streken.» Matheson gjekk ikkje berre over streken med eit «sleivspark». Ytringa er gjennomtenkt og gjennomført, og han «botna» ei rekke utsegner med underhaldnings hensikt i NRK siste året.

Sigrid Bonde Tusvik fekk i mars 2020 – til folkets rå latter i Nytt på nytt – uforstyrra forkynne at «[i]sraelerne jobber hundre prosent med å drepe palestinerne». I januar 2021 følgte programleiar Bård Tufte Johansen opp med å raljere over Israels vaksinesuksess med å seie at «Israel vaksinerer for fullt – men ikke palestinerne. Det er dumt å kaste bort vaksiner på noen som skal dø snart». Felles for desse hatutsegnene er at dei i tillegg bygger på ein grunn av løgn og forvrenging.

Politisk kritikk av staten Israel er i seg sjølv ikkje antisemittisme. Som venn av Israel er eg sjølv sterkt kritisk til busetnadspolitikken deira på Vestbreidda. Mønsteret av hatutfall i NRK fungerer likevel markert antisemittisk.

Sjølv om både Bonde Tusvik, Tufte Johansen og Matheson kan dekke seg bak at det er ein politisk nasjon dei har kasta dritt mot, er denne rekka av såkalla underhaldning grovt stigmatiserande og råkar den jødiske identiteten. Berre spør jødiske unge i Oslos skolegårdar.

israel,rolf kjøde,sigrid bonde tusvik,bård tufte johansen,shaun henrik matheson,frispark,debatt,nrk,antisemittisme