UNGDOM: KrF Vestland meiner å hindre utenforskap for ungdom er ei av dei viktigaste oppgåve som finst, skriv Trude Brosvik (til venstre) og Kristina Vaktskjold Hamre.

PitStop, produksjonsskule og meir praktiske fag

Fylkestingsgruppa til KrF krev framhald på satsing for å hindre fråfall frå vidaregåande skule.

Prosjektet som gjev midlar mellom anna til SEFF i Florø og Produksjonsskulen i Hardanger må forlengast. Samtidig må samarbeid med ideelle organisasjonar om tilpassa tiltak nyttast og styrkast. PitStop er eit godt døme på slikt samarbeid. Saman kan vi lukkast!

Å hjelpe ungdom som slit gjennom skuleløpet og inn i arbeid er noko av det viktigaste samfunnet kan bruke pengar på. Løyvingar til dette bør kome allereie i revidert nasjonalbudsjett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

SEFF står for Styrke - Erfaring - Fellesskap – Framtid og bygger på samanhengen mellom fysisk og psykisk helse. Opplæringa er ikkje knytt til tradisjonelle undervisningsformer, men til relasjonsretta dannings - og læringsarbeid i verkstadsamanheng. Tilbodet er etablert i Flora kommune og har nært samarbeid med Flora vidaregåande skule.

Produksjonsskulen i Hardanger vart oppretta som følgje av at regjeringa løyvde midlar til tiltak for å hindre fråfall frå vidaregåande skule (vgs). Frå før hadde Hordaland fylke (no Vestland fylke) Hyssingen Produksjonsskule i Bergen, som leverte gode resultat. Ideen med Produksjonsskulen i Hardanger var at han i tillegg til å gje alternativ og meir praktisk retta opplæring, skulle vere eit internat-tilbod som ga ungdomane høve til å skifte miljø både på skule og fritid.

Det er laga ein rapport om skulen og resultata etter to av dei tre åra prosjektet varer. Ca 80 prosent av dei som brukar tilbodet, fullfører vgs. Det er også laga ein rapport om tilbodet i Florø som syner gode resultat; for første driftsår kom 6 av 7 tilbake til vgs.

Tre år er kort tid for å etablere gode tilbod, og fylkeskommunen som dekkar ca halve kostnaden med skulen er innstilte på å halde fram med tilbodet. Det må likevel vere rom for lengre innkøyringstid med hjelp av statleg støtte. Elles meiner vi i KrF-gruppa at mykje investering og ressursar til oppbygging av tilbodet blir vekkasta, eller i alle fall gjort mykje mindre verd.

KrF har også stor tru på lågterskeltilbod og samarbeid med ideelle organisasjonar, og fekk i fjor PitStop inn på det fylket sitt budsjett. KrF i Bergen har fått til det same og nasjonalt forhandla KrF PitStop inn på nasjonalbudsjettet. PitStop tar tak i ungt utenforskap og har mål om å gje ungdomen skulemestring, jobbmestring og livsmestring. I Vestland fylke er dei på Sotra og i Bergen. www.pitstop.no

KrF Vestland meiner å hindre utenforskap for ungdom er ei av dei viktigaste oppgåve som finst. Vi spelar difor både produksjonsskulane og PitStop inn til programmet til KrF, med eit slikt punkt: «Utvide moglegheitene til alternative og tilpassa løp under vidaregåande opplæring. F.eks med å tilby produksjonsskule, samarbeide med tilbod ala PitStop eller ved å kombinere vidergåande opplæring og lærlingeplass gjennom hele løpet (vekslingsmodellen).»

Les også
Framtidas mest ettertraktede lærere
Les også
Digital mobbing
Les også
Jeg vil lytte til hva «Du sier»