Øyredobbar

I min ungdom var det få kvinner som gjekk med øyredobbar på bedehuset. Det sømde seg liksom ikkje. Vi innbilte oss at vi vart radikale.

Når gjev Bibelen oss opplysning om kva slags folk som utgjorde dei kristne forsamlingane i aposteltida. Mesteparten var fattigfolk, eigedomslause, trælar og ikkje minst kvinner.

Mange var analfabetar. Gull og sølv var det bitte lite av. Det var lite av vakre og kostbare klede. Shopping var ukjent. Sett på den bakgrunn forstår ein meir av apostlane si åtvaring om utvortes pynt. Jåleri var usømeleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå lever vi ei tid der forsamlingane ikkje består av fattigfolk. Pynt høyrer med til den høge levestandard. «Alle» går med øyredobbar. Ingen stikk seg ut med det. Men er det tvilsame øyredobbar i dag? Jau, det kan det vera, men dei heng ikkje i øyrene.

For mange år sidan var eg på eit møte i ei vestlandsbygd. På møtet var det eit ektepar som hadde vore ute på reise. Kona vart spurd om å fortelja litt kor ho hadde vore. Ho var flink til det.

Etter kvart ho fortalde kom fleire hender i veret. Det var folk som hadde vore på dei same stadene. Det vart reine vitnemøte.

Men i forsamlinga sat ein sjølvstendig næringsdrivande. Han hadde kanskje ikkje høve til å reisa så mykje. Møtet vart ubehageleg for han. Det var liksom folk vifta med øyredobbane sine.

Ei kvinne sa til meg at det var visse selskap ho ikkje likte å gå i – fordi all praten gjekk berre om kor folk hadde reist. Ho følte seg utanom.

Vel, eg er ikkje i mot at folk kan lufta seg litt. Som predikant har eg reist meir enn dei aller fleste. Men det er ikkje hus i Spania eller turar til Thailand som skal vera vår pryd og status.

Eit høveleg ord av apostelen Paulus til slutt: Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
En tapt sak?
Les også
Ordføreren bør beklage
Les også
Et rop i natten: Hvem vil være med på et nytt misjonsframstøt i Norge?